Google
Bruene i livet.
Bruer er vidunderlege konstruksjonar,
dei bind saman naboar, grender og nasjonar.
Menneske kan koma lett og trygt til andre sida,
og vitja kjend og kjær heile tida.
Men, bruene krev godt vedlikehald og stell
om du skal kryssa trygt kvar dag og kveld.
Er di eiga bru open og trygg ?
Gløym ikkje vedlikehaldet på ditt viktigaste bygg.
Ei helsing eller merksemd til nokon du kjenner,
og de er framleis gode venner.
Pleielaust venskap raknar over tid
Og einsam står du att på brusida di.
11.06.2009.M-m.
Google
4 kommentarer
Håper du får en fin Torsdag 🙂
ja det er noe i det du skriver her,et vennskap må pleiast og det må gå begge veier ) for sent å angre om brua bryter sammen
Victoria Larsen: Takk, det samme til deg.
fruensvilje: Ja, det kan være greitt å minne seg selv på det av og til. Hverdagen kan være hektisk og da er brovedlikeholdet lett å glemme, i alle fall for meg…