News in shorts…Juli 2015…


Google.

Gubben som trudde at juli månad skulle verta ein feriemånad mest fri for saker å skriva om tok nok litt feil, for her starta haustens valkamp litt på forskot med litt småfekting og botsgong til Sarons dal. Kyrkja si haldning til homofile fekk og ei avslørande eksponering, og ikkje minst SP sin mangel på jordberplukkarar som gav seg utslag i å villa leggja ned au-pair-ordninga. Dei treng vel au-pairane i jordberåkeren. 
Ja, og så svenskane då, som leitar etter U-båtar i tid og utid. Denne gongen fann dei endeleg ein. Ikkje rart, for han var gul!

Juli 2015.

No er det sumar og ferietid
med jordbær, fløyte og agurk.
Lite av politisk kappestrid,
fyll opp seidelen og ta ein slurk.
Men valhausten kjem, ver du trygg.
Då vil han stikka, den politiske mygg.

Tåkefyrste er visst Jonas sin tittel,
mykje prat innpakka i ull.
Me ventar no på neste kapittel,
Me vil sjå resultater, ikkje tull.
Vent til august, då skal du sjå.
Då vil den poltitiske tungvektskampen stå.

Så nokre ord om det greske folk,
som slit med økonomi og levebrød.
EU har lyfta sin økonomiske dolk
og trugar med pengeløyse og nød.
Etter tiår med elendig leiarskap,
sit folket att og lir store tap.

Kva skal me seia om sumaren her vest.
Den har snudd ryggen til oss i år.
Livet vart ikkje ein grilloljefest
med soling, bading og utslege hår.
Godt me høyrer til den heldige lyden
som kan nyta haustsol og varme i Syden.

Sumaren er tida for festivalar,
her finn du salmesong, pols og rock.
Tid for song, musikk og talar
som samlar mang ein festglad flokk.
Og kort er visst vegen frå stortingets sal
til hallelujaropa i Sarons dal.

Kyrkje og homofili er visst ingen spøk.
Der kranglar dei om den heilage skrifta.
Verre enn å løysa ein broten brøk
er den mangslungne mennskedrifta.
Kyrkjeleg vigsel går slett ikkje an,
for kvinne med kvinne, og mann med mann.

Det var ei lesbisk prestekvinne
som frimodig gjekk til politiet
då ho fekk eit slag på kinnet.
Då kom gufset frå det mørke sakristiet;
«Du skal venda det andre kinnet til,
og ta kjeftesmellen med eit smil».

Au-pair-ordninga kan ikkje SP like,
utnytting av fattige og svake
og billeg arbeidskraft for dei rike.
Då lurer eg på i mi nattevake.:
Treng dei den billege arbeidskrafta sjølv
til å hausta jordbærbondens sølv?

At skilnaden er stor mellom liv og lære
det fekk Frp smerteleg sjå,
då dei skulle nyta regjeringstilværet,
og slaget om lovnader skulle stå.
Avgifter og bompengar skulle bort,
men no aukar bombyggjing styggeleg fort.

Enno ein ubåt har svenskane funne.
Er det ein russar som ligg «i skjul»?
Ligg han og lurer der på ein grunne,
med kurylliske teikn og farga gul?
No ler «nordbaggarna» så dei grin
og syng om «The yellow submarine».
31.07.2015.M-m.

Digital forvirring…


Digital forvirring.

Så har gubben vore ute på handel
til kjerringa sin applaus.
Kan det skuldast hans plettfrie vandel,
at han fekk slå seg såpass laus.

Så no sit han og klør seg i håve og nakke
framfor sitt nye vedunder.
Tastar og bannar med håve på skakke.
når dokumentet han skriv «går under».

Han leitar rundt i eit digitalt univers
og lite skjønar han kva som hender.
Men jaggu skal maskina «til pers»
Sjølv om eigaren skjelv og bit tenner.

Men alt er ikkje dunkelt og svart,
det lysnar smått i senn.
Så etter ein forvirrande banskapsstart
har han fått sving på sin digitale penn.

No oppdaga han brått ei ny facilitet.
Fotball og blogging på same skjermen
vert vel mykje for gamlegubben det.
Og så kan han teikna med den digitale pennen.

SURFACE Pro 3 er eit lite brett,
svinte å ta med på tur og på hytta
Den er også så fjørande lett
så gubbe og maskin let seg lett forflytta.

 

Som de skjøner, det er ei spanande tid,
litt tolmod er sikkert eit krav.
så gubben prøver å vera blid
når han søm på det opprørte digitale hav.
14.04.2015.M-m.


Ein K til besvær…


Google

Ein K til «besvær».

«Gje meg ein K»,
ropte Krf i kor.
Skal me saman stå
på vår borgarlege jord.

RLE er vårt livssynsfag,
skal dekkja alle religionar.
Brått dukka K-en opp ein dag,
og førde til snåle diskusjonar.

For å få borgarleg fred
laut K-en inn i faget.
Erna laut godta det
ville ho ha Hareiden på laget.

Så no heiter faget KRLE
med same innhald som før.
Det gav Krf tiltrengd sjelefred
og opna borgarleg regjeringsdør.
28.03.2015.M-m.

Retrovår…

Når ein ikkje har noko å skriva om då vert blogginnlegga korte, eller kanskje heller heilt borte. Det kan vera like greitt.
Under denne bloggtørken fann eg på å sjå i gamle “funderier”.
Eit rim frå 2010 fall meg i auga, for det forkynte ein vinter med snø og kulde – vinteren 2010.
Ettersom me på våre kantar har sett lite til snøen i år kan det vera greitt å minna om at han er ikkje lenger unna…

Vårgnål.

 

No er eg lei all snøen.

Eg vil ha vår!

Eg vil på sjøen.

Ut å dorga etter seien.

Sola snur,

det går den rette veien.

 

No er eg lei kulde og is.

Eg vil ut på terrassen,

med kaffikopp og avis.

Eg vil parkera vinterkleda,

og frostgarderoben.

Leita fram att vårgleda.

 

Eg er lei av å måka og kosta.

Lei av å frysa,

og sitja inne og hosta.

Vedbæring for å halda varmen,

passa på ovnselden,

fora småfugl i vindaugskarmen.

 

Du er vel lei vårgnålet mitt.

Du har så rett.

Snautt halve vinteren er stridt.

Me lyt tolma oss nokre månader til,

fiskestonga og,

til ein vårdag ut i april.

27.12.2010.M-m.

  

Januar er over (oss)…


Google

Håper ikke at Erna her spøker med det jeg tror at hun gjør, enn  skjønt – ansiktsuttrykket til Siv kan tyde på litt av hvert.

Januar 2015.

Så startar gubben det nye året
som vanleg med blanke ark.
medan Siv og Erna riv seg i håret
og prøver å parera politiske spark.
Dei messar om skyene i horisonten,
åtvarar om den økonomiske uversfronten.

Men trur de me høyrer etter,
me som har gullskjeia i kjeften.
og bordet fylt av dei beste retter.
Nei, me vil ha den same geskjeften.
Men kan denne gullfesten enda godt
eller vil nedgongen vekkja oss brått.

Eit tragisk åttak på det frie ord
gjekk føre seg i Paris.
Slakta ned rundt sitt arbeidsbord,
prentefridomen sin høge pris.
Millionar tok til gatene i støtte og sorg,
medan Obama sat roleg i si kvite borg.

Jonas har visst dårleg med tid,
han har nok alt for mykje å gjera.
Formannsskap og politisk kappestrid
er visst meir enn mannen kan bera.
Møta i utanrikskomiteen trappa han ned.
Det er visst ikkje så viktig med det.

Og Frp fekk det som dei ville,
utsendingsmåla fylde dei lett.
Kriminelle fekk bli, ut laut dei snille.
Borna laut ut, ingen nåde for rett.
Kraft laut synast i asylpolitikken,
då laut Frp hjelpa på statistikken.

No var handlekrafta kome til makta,
så då måtte det vel endeleg gå
at mullahen som er hata og forakta
fekk reisepass av dei mørkeblå.
Men handlekrafta var visst berre prat,
og Frp framsto som nygjella kastrat.

Det er ein brysom mullah,
som er ettersøkt i mange land.
To regjeringar ville ha han ut i kulda,
men vert ikkje kvitt sin uynskte mann.
No skal han visst i trøndersk eksil,
men berre dersom Brynjar Meling vil.
31.01.2015.M-m.

Nyttårsfuria…


Google.


Nyttårsfuria.

Nina var navnet på nyttårsfuria
som vitja oss her hin dagen.
Ho gav oss ei sammensuria
av taksteindans og rasering av hagen.

Snikande kom ho rundt vår nov,
ruska i vintergrøne plantar.
Snart sto natura i rokk og kov
Med stormvindar frå alle kantar.

Takstein og rask flaug gjennom lufta,
store grantre dundra i bakken.
Du heldt deg inne, lytta til fornufta,
Sjølv furia Nina laut halda på stakken.

Straumen gjekk, og huset vart svart,
vinterkulda seig inn i stova.
Nina heldt framleis vanvittig fart,
nett så hissig som meteorologen lova.

Me la oss i senga til uverslarmen,
men Nina vart ikkje slept under dyna.
Då furia ikkje fekk sengevarmen
svara ho med å tordna og lyna.

Morgonen rann og me reis or senga,
Nina si herjing kom fram i dagen.
Taksteinbetar låg strødd på enga,
og kvar var tuntreet vårt i hagen?

Rotvelter stod som svarte vegger,
og mange skamfarne tak.
Nokre tre med brotne legger,
og nede i havna, nedsøkkte vrak.

Jau, dette har vore ei illsint dame,
den argaste furia på tjuge år.
Kan vergudane vera så infame.
Ein får vera glad for at husa står.
12.01.2015.M-m.


Google si furie

Ha ein dag i vindstille…

Desemberfunderinger 2014…



Google

Desember 2014.

Tid for gubbens velikehaldsrutine.
Fyrst ein grundig hjartetest.
Så laut han ordna tennene sine
før den tilstundande julefest.
Ei tann laut erstattast med implantat,
delvis støtta av den norske stat.

Svensken likte ikkje regjeringa si,
misnøgd med årets statsbudsjett.
Sosialdemokratane prøvde eit frieri,
Fekk nei, og ville forlata sin taburett.
Men etter møtemaraton og mange ord,
vart flokene løyst hjå søta bror.

Kjuklingen vår er sjuk og veik,
så no lyt han dagleg få medisin.
Han treng også til kraftig steik
før du tek han i munnen din.
Lyt du avstå favorittmåltidet ditt,
grilla kjukling og pommes frites ?

Det er atter fredspristid.
I år gjeld born og jenters rettar.
Tildeling utan kiv og politisk strid,
og utan diplomatiske botspiruettar.
Men i fredspriskomiteen var ingen fred.
Der krangla dei om kven dei ville ha med.

Jarnring rundt Oslo var trygg medisin.
Millionar til tryggleik, det var tanken.
Ingen ubeden skulle sleppa inn.
Fredsprisseremonien, sikker som banken.
Men kva hende der, midt i festen?
Brått sto han der, den ubedne gjesten.

Han hadde kome seg usedd inn
til sentrum av dagens store fest.
Politiet og vaktene svima ikring
utan å ana den ubedne gjest.
Skandalen må få ein klår konsekvens.
Ansvarlege ut or sin trygge residens.

Kven er det der ute som passar på,
kva me tenkjer, seier, og kvar me er?
Med elektronikk og utan ein tråd
finns avlyttarutstyr både her og der.
Mobiltelefonen er reine sladrehanken,
leverer vår løyndom til spiondatabanken.

Kvar skal det nye hospitalet byggjast,
om det slest dei som hund og katt.
Kor helsa skal betrast og tryggjast,
har gjeve ein langdryg debatt.
Mørefolket har krangla i mange år
og striden har opna mange sår.

Men no har ministeren bestemt
etter ti års krangel og kiv.
Sjukehus i Molde vert permanent,
og skal gje pasientane eit betre liv.
Om avgjerda for nokon kjennes sår,
lekjes vel uvenskapen når tida går.

Sjå no på dette, kjære lesar,
her er mattilsynet si lovbokstav;
har du ein bulldogg eller pekingnesar
er dagleg lufting eit absolutt krav.
Medan gamlingen på sjukeheimen
framleis ligg  «låst» i innestengdeimen.

Tre gonger dagleg ut på heia;
hunden skal få tømma «tanken».
Gubben lyt derimot liggja med bleia,
og plagast med veta og sengestanken.
Sjølvsagt skal dyra ha omsorg og stell,
men kva med dei gamle i livsens kveld.
31.12.2014.M-m.

Handlesenterpolka…

Ettersom julestria og store deler av jula no er over, kan det kanskje vera greitt å sjå litt attende på ein førjulsaktivitet som det har vore mange deltakarar på, nemleg leiting etter ting og tang på handlesentra..
Det har sikkert vore ei triveleg jul for dei fleste, og no kan me kanskje ta oss tid til å finna det løgne i enkelte førjulsaktivitetar som kanskje, der og då var litt heftige eller pinlege.

Google

Handlesenterpolka.


No vil eg fortelje kva som hende sist veke.
Gubben laut ha seg ein tur på apoteket.
Han laut fylla oppatt medisinkista.
Viktig supplement til frukostnista.

Kjøpesenteret freista også frua,
mykje flott var der sjølvsagt å skua.
Tida gjekk, og gubben lei og sur,
såg fram til dagens middagslur.

Ein høveleg benk ville han finna,
og frua kunne rundt på senteret «spinna».
Brått fann han det han ville ha,
sette seg på benken, sliten og glad.

Medan frua fortsette shoppingrunden
sat han der, den slitne benkekunden.
Huva la han fram på eine sida.
Lutte fram, sovna, og var ute or tida.

Etter ei stund med leiting og øving
fekk frua nok av pruting og prøving.
Ho tok til å leita etter gubben sin.
Fann han sovande med ein pose medisin.

Her hadde han sove ein times tid
medan senterkundane seig forbi.
Tykte dei synd på den gamle karen
som framsto som litt ille faren.

Han var langt borte frå denne verda,
så frua laut rista han i kraftig i herda.
«Sit du her og søv?» kom det frå frua.
Han vakna og såg det låg pengar i huva.
23.12.2014.M-m.

Velg deg ein dag…

 
Google

Ein vakker dag.

 

Ein vakker dag

for deg.

er det?

Ein varm sumardag

Ein klår haustdag

Ein blenkjande vinterdag

Ein vonefull vårdag

eller er det,

Ein familiedag

Ein bestefar – eller ein bestemorsdag

Ein kjærastdag

Ein venedag

eller er det,

Ein kulturdag

Ein fargedag

Ein lesedag

Ein song – og – musikkdag.

 

Kva er din vakre dag ?

Vel deg ut ein dag

Gjer han til din dag i dag.

 

Forresten gløymde du

at din vakraste dag

er å gje andre ein

vakker dag ?

 

07.04.2010.M-m.

Ambisjon og realisme…

Skyvandring.

 

Eg. Satelitten

som fyk rundt i rommet

med store mål

og lita meining.

Du er raketten

som hentar meg nedatt,

frå mi villfaring,

høgt der oppe.

25.10.2009.M-m.