Desemberfunderinger 2014…



Google

Desember 2014.

Tid for gubbens velikehaldsrutine.
Fyrst ein grundig hjartetest.
Så laut han ordna tennene sine
før den tilstundande julefest.
Ei tann laut erstattast med implantat,
delvis støtta av den norske stat.

Svensken likte ikkje regjeringa si,
misnøgd med årets statsbudsjett.
Sosialdemokratane prøvde eit frieri,
Fekk nei, og ville forlata sin taburett.
Men etter møtemaraton og mange ord,
vart flokene løyst hjå søta bror.

Kjuklingen vår er sjuk og veik,
så no lyt han dagleg få medisin.
Han treng også til kraftig steik
før du tek han i munnen din.
Lyt du avstå favorittmåltidet ditt,
grilla kjukling og pommes frites ?

Det er atter fredspristid.
I år gjeld born og jenters rettar.
Tildeling utan kiv og politisk strid,
og utan diplomatiske botspiruettar.
Men i fredspriskomiteen var ingen fred.
Der krangla dei om kven dei ville ha med.

Jarnring rundt Oslo var trygg medisin.
Millionar til tryggleik, det var tanken.
Ingen ubeden skulle sleppa inn.
Fredsprisseremonien, sikker som banken.
Men kva hende der, midt i festen?
Brått sto han der, den ubedne gjesten.

Han hadde kome seg usedd inn
til sentrum av dagens store fest.
Politiet og vaktene svima ikring
utan å ana den ubedne gjest.
Skandalen må få ein klår konsekvens.
Ansvarlege ut or sin trygge residens.

Kven er det der ute som passar på,
kva me tenkjer, seier, og kvar me er?
Med elektronikk og utan ein tråd
finns avlyttarutstyr både her og der.
Mobiltelefonen er reine sladrehanken,
leverer vår løyndom til spiondatabanken.

Kvar skal det nye hospitalet byggjast,
om det slest dei som hund og katt.
Kor helsa skal betrast og tryggjast,
har gjeve ein langdryg debatt.
Mørefolket har krangla i mange år
og striden har opna mange sår.

Men no har ministeren bestemt
etter ti års krangel og kiv.
Sjukehus i Molde vert permanent,
og skal gje pasientane eit betre liv.
Om avgjerda for nokon kjennes sår,
lekjes vel uvenskapen når tida går.

Sjå no på dette, kjære lesar,
her er mattilsynet si lovbokstav;
har du ein bulldogg eller pekingnesar
er dagleg lufting eit absolutt krav.
Medan gamlingen på sjukeheimen
framleis ligg  «låst» i innestengdeimen.

Tre gonger dagleg ut på heia;
hunden skal få tømma «tanken».
Gubben lyt derimot liggja med bleia,
og plagast med veta og sengestanken.
Sjølvsagt skal dyra ha omsorg og stell,
men kva med dei gamle i livsens kveld.
31.12.2014.M-m.

4 kommentarer
    1. fruensvilje: Det var kanskje satt litt på spissen, men en liten sannhetsgehalt var der nok, og det er litt skremmende, Litt enkelt kan det sies at, mens vi har klare regler for dyrehold er de eldre overlatt til en verddighetsgaranti som er lett å bryte.
      Ha en fin kveld…

    2. Eg er så glad for at kaffi og brennevin ikkje står på lista over farleg mat. Så til møringane. Nei her blir det aldri fred. Ein gong skulle det byggast flyplass på møre, Romsdalingane og nordmøringane krangla og slost om kvar han skulle ligge, og sunnmøringane heldt kjeft og bygde plassen på Vigra. Til sist vil eg vona at ein får forlate denne verda med skorne på, og litt sjølvrespekt i behald.
      .

    3. Pedro: Ja, men dei bygde flyplassar både i Molde og Kr.sund etterpå. Dei er seige og driftige der oppe – det skal dei ha.
      Når det gjeld sjølvrespekten så voner eg ikkje at det vert som med den svenske kjerringa, eller rettare sagt gubben hennar då han bar heim urna på glatta. Etter utallege rundkast på den glatte vegen opna han på urneloket og sa.: “Nu skiter jag i pieteten, nu strør jag med gumman!”

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg