Januar er over (oss)…


Google

Håper ikke at Erna her spøker med det jeg tror at hun gjør, enn  skjønt – ansiktsuttrykket til Siv kan tyde på litt av hvert.

Januar 2015.

Så startar gubben det nye året
som vanleg med blanke ark.
medan Siv og Erna riv seg i håret
og prøver å parera politiske spark.
Dei messar om skyene i horisonten,
åtvarar om den økonomiske uversfronten.

Men trur de me høyrer etter,
me som har gullskjeia i kjeften.
og bordet fylt av dei beste retter.
Nei, me vil ha den same geskjeften.
Men kan denne gullfesten enda godt
eller vil nedgongen vekkja oss brått.

Eit tragisk åttak på det frie ord
gjekk føre seg i Paris.
Slakta ned rundt sitt arbeidsbord,
prentefridomen sin høge pris.
Millionar tok til gatene i støtte og sorg,
medan Obama sat roleg i si kvite borg.

Jonas har visst dårleg med tid,
han har nok alt for mykje å gjera.
Formannsskap og politisk kappestrid
er visst meir enn mannen kan bera.
Møta i utanrikskomiteen trappa han ned.
Det er visst ikkje så viktig med det.

Og Frp fekk det som dei ville,
utsendingsmåla fylde dei lett.
Kriminelle fekk bli, ut laut dei snille.
Borna laut ut, ingen nåde for rett.
Kraft laut synast i asylpolitikken,
då laut Frp hjelpa på statistikken.

No var handlekrafta kome til makta,
så då måtte det vel endeleg gå
at mullahen som er hata og forakta
fekk reisepass av dei mørkeblå.
Men handlekrafta var visst berre prat,
og Frp framsto som nygjella kastrat.

Det er ein brysom mullah,
som er ettersøkt i mange land.
To regjeringar ville ha han ut i kulda,
men vert ikkje kvitt sin uynskte mann.
No skal han visst i trøndersk eksil,
men berre dersom Brynjar Meling vil.
31.01.2015.M-m.

6 kommentarer
    1. “Frp framsto som nygjella kastrat”. Med denne vert du nok ikkje å finna på lista til Frp til årets val, men det var eit treffande og jækla godt rim, Elles var det godt å sjå at du leverar like gode dikt i år som i fjor. Ha ei god helg i vest!

    2. Pedro: Haha, nei eg har ingen ambisjonar om å koma på korkje Frp eller andre sine lister. Eg likar godt den saftige karakteristikken på rimet mitt.
      Elles slit kjerringa med snø – eller – sørpemåking, eg lyt diverre stå over den aktiviteten, men pennen vonar eg å makta ei tid enno.
      Ha ei god helg…

    3. Sidan du likar saftig uttrykk i rosen, får eg smella til, at eg syns diktet ditt er så inn i helsikens godt. (Det var det saftigaste eg kunne tillate meg, som kvinnfolk.)

    4. Oldemorbloggen: Det var ein bra respons! Litt kraftige uttrykk krydrar dagen og set strek under meininga…
      No ser det ut for at meg får ei godvershelg her vestpå. Du får nyta den…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg