Retrovår…

Når ein ikkje har noko å skriva om då vert blogginnlegga korte, eller kanskje heller heilt borte. Det kan vera like greitt.
Under denne bloggtørken fann eg på å sjå i gamle “funderier”.
Eit rim frå 2010 fall meg i auga, for det forkynte ein vinter med snø og kulde – vinteren 2010.
Ettersom me på våre kantar har sett lite til snøen i år kan det vera greitt å minna om at han er ikkje lenger unna…

Vårgnål.

 

No er eg lei all snøen.

Eg vil ha vår!

Eg vil på sjøen.

Ut å dorga etter seien.

Sola snur,

det går den rette veien.

 

No er eg lei kulde og is.

Eg vil ut på terrassen,

med kaffikopp og avis.

Eg vil parkera vinterkleda,

og frostgarderoben.

Leita fram att vårgleda.

 

Eg er lei av å måka og kosta.

Lei av å frysa,

og sitja inne og hosta.

Vedbæring for å halda varmen,

passa på ovnselden,

fora småfugl i vindaugskarmen.

 

Du er vel lei vårgnålet mitt.

Du har så rett.

Snautt halve vinteren er stridt.

Me lyt tolma oss nokre månader til,

fiskestonga og,

til ein vårdag ut i april.

27.12.2010.M-m.

  

12 kommentarer
    1. Har savna deg, men noen ganger kan det være greit med ei bloggepause også :)) Her har det jo vært litt snø i år ,sånn passelig for min smak…men nå er det meste borte..men noen partier med snø innimellom 🙂 Vårgnål …sa mye jeg kjenner meg igjen i, ikke fiskestanga ..men sånn ellers 🙂
      Håper på masse sol og varme fremover 🙂 Fin onsdag videre :))

    2. annebe: Ja, vi har hatt det flott nå i noen dager så våren viser tydelige tegn i hagen(e) våre.
      Helt enig i ønsket ditt – sol og varme framover. Ha en god dag…

    3. Så er spørsmålet: kven kom fyrst i Øygarden i år; du eller tjelden. De er vel gode vårteikn begge to. Sjølv har eg gjort klar til å kaste ullmakkoen og stille klokka. Det er mine vårteikn.

    4. Pedro: Eg kom fyrst, tjelden var ikkje å sjå då eg var der ute i helga. Derimot var det trufaste andeparet kome attende, så det er vår i lufta…
      Ha ein vårspretten kveld…

    5. Siv Svanem: Du veit, når me kjenner og ser dei fyrste vårteikna, ja då kan våren nesten ikkje koma fort nok. Men me må vel vera såpass realistiske at det enno kan vanka kvite dagar.
      Ha ein fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg