Nyttårsfuria…


Google.


Nyttårsfuria.

Nina var navnet på nyttårsfuria
som vitja oss her hin dagen.
Ho gav oss ei sammensuria
av taksteindans og rasering av hagen.

Snikande kom ho rundt vår nov,
ruska i vintergrøne plantar.
Snart sto natura i rokk og kov
Med stormvindar frå alle kantar.

Takstein og rask flaug gjennom lufta,
store grantre dundra i bakken.
Du heldt deg inne, lytta til fornufta,
Sjølv furia Nina laut halda på stakken.

Straumen gjekk, og huset vart svart,
vinterkulda seig inn i stova.
Nina heldt framleis vanvittig fart,
nett så hissig som meteorologen lova.

Me la oss i senga til uverslarmen,
men Nina vart ikkje slept under dyna.
Då furia ikkje fekk sengevarmen
svara ho med å tordna og lyna.

Morgonen rann og me reis or senga,
Nina si herjing kom fram i dagen.
Taksteinbetar låg strødd på enga,
og kvar var tuntreet vårt i hagen?

Rotvelter stod som svarte vegger,
og mange skamfarne tak.
Nokre tre med brotne legger,
og nede i havna, nedsøkkte vrak.

Jau, dette har vore ei illsint dame,
den argaste furia på tjuge år.
Kan vergudane vera så infame.
Ein får vera glad for at husa står.
12.01.2015.M-m.


Google si furie

Ha ein dag i vindstille…

6 kommentarer
    1. Ja, det var handfaste damer, både Dagmar og Nina. Du har i alle fall festa Nina sitt ettermæle godt på papiret. So kjem spørsmålet: Kan me hindra at det ikkje kjem fleire illsinte damer på besøk? Då trur eg me må få ned folketalet på kloden til under milliarden; eit heller umogeleg prosjekt. Ei heller pessimistisk helsing frå de blide Austlandet.

    2. Eg blir stadig meir og meir imponert over diktinga di. Innhaldet var fantastisk morosamt å lese, med humoristiskt vri. Det er ikkje lett, syns eg, å få annankvar linje til å rime, men der har ikkje du problem, ser det ut som. I går, etter ei veke på reis, kom me heim til mørkt og kaldt hus. Nina hadde rynt seg ut på ei furu, som stod tett ved ein stolpe og dermed var nærkontakt mellom dei to eit faktum. Når det hendte, slo jordfeilbrytaren ut, og dermed stod huset utan straum eit par dagar.

    3. Oldemorbloggen: Eg såg at de hadde ein fin tur til Geilo. Ma’en er sanneleg i bra form, det er vel ti åt sidan eg hadde så lange dagsturar (på Geilo), men det har noko med pumpeutstyret å gjera.
      Ikkje så kjekt å koma heim til kaldt hus og kanskje ein halvfrosen frysar. Jordfeilbrytaren har lurt oss to – tre gonger ute på “hytta”, då set bannskapen laust.
      Når det gjeld skrivinga kjem det anten veldig lett, eller når rima ikkje stemmer må eg leggja det til sides, timar eller dagar.
      Ha ein fin kveld i varm stove.

    4. fruensvilje: Nei, det gjestebodet kan du vera glad de vart forutan. Men faktisk var det mest like kraftig vind i natt, så det var ei uthaldande dame.
      Akkurat no er det berre haglekaver og torever, så dette er mest som sumar å oppleva…
      Ha ein stovevarm kveld.

    5. Pedro: Nei Pedro, me lyt nok leva med desse arge kvinnfolkbesøka. Sjølv med hjelp frå paven er det vel ikkje råd å gjera noko med folketalet.
      Nei, det vert vel å gå i gong med å kutta opp sitkagrana som Nina felte for oss og førebu den til fyringsved som kan brukast under neste straumutfall etter nye stormar. Me skal ikkje frysa nei..
      Ha ein roleg kveld utan vitjing av arge kvinnfolk…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg