Laaang tids ferd mot jul…


Google

Lang julefred.

Kva tid var det julestresset starta,
me venta tolmodslaust i månadsvis.
Kakemennene er for lengst i farta,
og det er ingen spøk å vera julegris.

Julesnopet var i butikken i september.
Var ikkje det litt for seint ?
For jula er jo allereie i desember,
Å tapa sal ville vera altfor kleint.

I oktober ljoma fyrste julesongen
frå leikebutikken nede i gata.
Den minna oss om julekvelden den gongen,
medan nissar delte ut småsnop og prata.

No i november er det nesten krise.
Jul på andre sida av kalenderbladet.
I øyret høyrest ei kjend julevise
om at det snart er tid for julebadet.

Og gåvene då, kva gjer me med dei?
Jau, nokon kjøper, andre strikkar
utan ein desemberjulegåveståhei.
Men julafta fyk gubben rundt i gåvebutikkar.

Kjem han i mål på si planlause ferd,
vert det ei god og fredeleg jul?
Tja, om starten var tidleg, kom jula brått der,
og prinsessa sine englar dala ned i skjul.
07.11.2014.M-m.

Gamalt tankespinn…


Google.
For eit par år sidan rabla eg ned nokre tankar rundt det å koma fram dit ein har tenkt seg. Utgangspunktet var bilen, men her kan tanken spinna vidare,,,

Hjulspinn.

Millionar av hjul
trillar på
verdas  vegar.
Kvar skal dei?

Nokre hjul
aukar stadig farten.
Kjem ut or kontroll,
endar i grøfta.

Andre hjul
kjem ut på glatten.
Tapar grepet
endar i grøfta.

Så er det dei
som brukar rå kraft.
Dei spinn,
kjem ingen veg.

Dei når måla sine
som trillar roleg,
velstyrd,
og med omtanke.
13.12.2012.M-m.

Alt til sin tid…


M-m.

Alt til sin tid.

For femti år siden
kom du til gards,
en liten blodbøkungdom.
Du vokste fint,
og pyntet opp  i hagen
med vakre røde blad.
Men brått,
etter noen år visnet du.
Utstøtt fra mortreet
som etter hvert overtok
hagen med sin grønne
bladprakt.
Så dominerende
ble du etter hvert
at du måtte stusses.
Men livskraftig som du var
vokste du fort ut igjen,
vakker og dominant.
Om sommeren skygget du
hus og hage.
Og hver høst
fylte ditt løv
hage og takrenner.
Da var det dags.
Kjempen måtte bort.
Vemodig innsåg vi
at vår hagestatue
måtte fjernes.

Nå var det tid,
for å bringe
lyset tilbake
til hus og hage.
Tid for løvfrie
takrenner og avløp.
Tid for å slippe å rydde
trettitalls trillebårelass
løv hvert år.
Du må forlate hagen
vårt gamle tuntre.
Men først
skal du varme
våre vinterkalde skrotter
før du forsvinner
opp gjennom pipa.
######################
 

Kjeipen….

Veit du ikkje kva det er ? Nei, du er sikkert ikkje åleine. I Google fann eg eit einaste bilete av det hjelpemidlet, så dette er noko som berre me gamlingane hugsar.
Eg skal ikkje halda deg i uvissa meir. Her er biletet…

Google.

Åretak.

Det knirkar i kjeipen
og skummar rundt åra.
Robåten kastar seg tungt i båra.
Men sjøulken han har full kontroll,
der han trassar både draug og troll.

Han kjenner kvar båe,
kvart skjær og kvar vik.
Han undrest, vert dagen fiskerik?
I uvær lyt leggjast bort uro og angst.
Med sjøvit skal bergast bruk og fangst.

Når armen er sterk
og kjeipen held,
sig båten til lands ein stormfull kveld.
Dei «sto han av» i den gamle tida;
med årer og kjeipe, slik laut dei strida.

Kva er ein kjeipe ?
Du veit vel ikkje «da»,
som med titals knop fresar av stad.
Medan du før laut ha armar med «saft»
er dagens framdrift, hestekraft.

Kvar vart det av kjeipen,
av tollebandet og åra,
At dei vart borte kallar visst ingen tåra.
No har dei vorte museumspryd,
eit handfast minne om ei anna tid.
30.08.2014.M.m.

Hastverksarbeid…?!

Balansekunst.

Så kom det,
i dag.
Mange,
har venta.
Graset, blomane,
fuglane.
Dei turre brunnane.
Ja, heile natura,
har tørsta etter det.

Regnet!
Brått var dei der att,
luktene.
Frå eng og blomar,
frå trea,
frå alt utomhus.
—- men—-
Det må ikkje,
koma for mykje,
eller vara for lenge.
Me vil ha attende,
sumaren.
Balansen mellom
paraply

og parasoll,
er viktig
for oss,
som vil ha,
i pose og sekk.
16.07.2014.M-m.

Kvar mann si høne.


Google.

Kvar mann si høne.

Har du gått tom for egg ?
Då vert det lite eggerøre.
Med postkassene fylte med skjegg
og 17.-mai-frukost-klabbeføre.
Ein bondemann i harnisk
sprer mjølk og møk
Finn fram sin blokadepisk.
Dette er ingen munter spøk.
Medan «fransken» tømmer vin i gata
er me tom for egg på frukostfata.
Sponheim sa.: «Ei høne til kvar mann».
Det skulle gje røre nok i vårt land.

Men la meg vera litt seriøs.
Eg skjøner godt at bonden er bøs
når han kjenner yrket vert truga.
Då bemannar han kommandobrua.

Men kjære bonde, og kjære stat.
Me ynskjer alle sunn og god mat.
Slutt med krangel, vondord og tull,
finn løysing, om ikkje alt skin som gull!
16.05.2014.M-m.

Kva hende i april…

 


Google

April 2014.

No har kyrkjemøtet bestemt;
inga signing til einkjønna par.
Denne saka er svært betent,
kva tenkjer han no, den himmelske far.
Toleranse og kjærleik, fornekta og gløymt,
og urett i kyrkja sitt samvit er gøymt.

Kongehuset har feira årmålsdagar,
og det er gjort med brask og bram.
No er pressa ute og klagar.
Vil lokka vår misunning fram?
Skal me fyrst kosta på oss eit kongehus,
lyt me tola litt stas og champagnesus.

Eit tips til deg som vil tena mykje penger,
men som ikkje veit korleis det skal gå til.
Sal av vatn kan gje silkemjuke senger,
og attpåtil ein gullforgylt bil.
Ein vasspytt kan vera ei pengegruva,
dyrare enn mjølka frå bjøllekua.

Reservasjonsrett har vorte ei varm potet.
Å lyda til samvitet bør ein gjera,
men heller skal ingen moralprofet
gje abortsøkjande kvinne skuld å bera.
Som kjend er det ingen skam å snu
i farvatnet mellom lovverk og tru.

No skal det vera bunad til hunden,
det er visst på moten i år.
Kanskje ikkje så dumt i grunnen,
men ovundsjuk, katta remjande står.
No vil ho  pyntast til grunnlovsdagen,
med kappe på ryggen og band rundt magen.
30.04.2014.M-m.

Så var det på’an igjen…

 


Google

Gamlegubbens frukostblanding.

Ein ny dag på gong.
Grålysing og fuglesong.
Gubben dreg seg ut or seng.
Gløttar ut på regnvåt eng.
Av med skjegg og på med bukse,
så må han buksesmekken hugse.
Kaffien står klar på kanna.
Kjøkkenet er alt bemanna.
Avisa ventar i stativet.
Nyhende frå kvardagslivet.
Må ha litt frukostmat,
to turre sjever på eit fat.
Sjølvsagt utan ost og smør.
Nei, dagen starta annleis før.
Så lyt han hugsa pilleboksen,
den har vorte heller voksen.
Der er vøle for det meste,
sjølvsagt til hans eige beste.
Det glir ned med eit glas juice,
vatn, eller sukkerfri brus.
Ja, og so vitamin A,B,C og D,
passar mor på at han får med.
Dette skal gje futt og fart,
og ein våryr gubbestart.
Endeleg kan han opna si avis,
sjekka om det vert kuling eller bris.
Har kjende forlate jammerdalen,
eller rir dei enno trygt i salen?
Kor er krig, og kor er fred,
han lyt ha kontroll på det.
Etter ein time, leselei og klar for dagen.
På tide å koma seg ut i hagen.
11.03.2014.M-m.

Digitale snubletrådar…

Etter at me fekk mobiltelefonen kan ein dagleg oppleve folk på gata eller vegen som tilsynelatande går og pratar med seg sjølv. Det kan jamvel ha vore slik at du har lurt på om nokon snakka til deg.
Det kan absolutt ha sine humørfylte sider. Sjå berre her…

Google

Digital forvirring.

På rusletur langsetter vegen,
ein gamal og krokut kall.
Etter gransking hjå fastlegen,
attende til sin heimlege stall.
Då høyrde han brått nokon bak,
det var ei ung og spenstig dame.
Kva høyrde han, gjekk ho rett på sak?
Blodtrykkjet steig med det same.
Høyrde.: «Eg hentar deg klokka seks,
for no er eg så klar for ein fest».
«Seier du det?» svara han perpleks.
Brått ungfolekåt, klar for Wild-West.
Så vende han rundt i situasjonen
Kva kom for dagen då?
Jau, jenta prata i mobiltelefonen,
og festkvelden svann fort i det blå.
Nei, gamle gubbar i den digitale verda
lyt sjå seg nøye bakover herda.
Nokre tilbod er for gode til å vera sanne.
Gå heller heim og nyt fruas pytt-i panne!
03.03.2014.M-m.


Google

Ha ein spanande dag i den mobile verda…