Januar. Eg har mest gløymt den store saka, kyrkja skal tapa sin vigselsretten. Vonar me får behalda bryllupskaka, brudgomstalen og brurebuketten. Giftarmål vert vel til byråkrati, slik det høver eit moderne demokrati.
Februar. Høgre vil ha bort formueskatten. No er det valkamp, tjo og hei! Dei raudgrøne fresar som gamlekatten, når rivalane kjem i hans leid. Dei rikaste må?kje få skattelette. Den bågule sida må skjøna dette.
Mars. Så lyt eg vitja han Giske att Han er travel på mobiltelefonen. Han må visst ringja dag og natt, for no er han oppe i kvarte millionen. Men veneflokken er visst ganske stor, Då er det?kje rart at rekninga gror.
April. Vår oljeminister tøyer strikken og tek opp arven etter bestefaren. Medan den gamle poserte i undikken syner ungdommen rumpa og veslekaren. Ein skrivekåt journalist var på staden. Og då starta den politiske balladen.
Mai. 17. Mai, vår grunnlovsdag, då kranglar me kva for flagg me skal bera. Men dagen skal me då feira i lag, og sjølvsagt skal flaggborgene norske vera. Kva er det me feirer i prosesjonen. Jau, samling og truskap om konstitusjonen.
Juni. No skal sjukefråværet ned, då må det syngjast i lunchen. Og her lyt alle vera med. Har nokon kikka for djupt i punchen? Har eg no vorte spikande galen, skal songen hjelpa på arbeidsmoralen?
Juli. Så startar endeleg valkampslaget, skuldingar og skambod vil hagla tett. Alle vil på det styrande laget, skaffa seg politisk makt, rett og slett. Valkamp er tidtrøyte for gamal gubbe, som har overlevd mang ei politisk stubbe.
August. Så har han Jens hengt seg opp i leiarstil. Han krev meir enn vit for å vera bas. Det er ikkje nok å vera fanastril, og pynta seg med skarre-r og anna stas. Nei, du lyt høyra til inste oslo-klanen og ha drukke den sterkaste Møller-tranen.
September. Stortingsvalet er endeleg over, dei blågrå skal ta over makta. Vil dei halda alt kva dei lover, og vert dei samde om styringspakta? Her lyt nok sveljast kamelar og elefantar, me vonar at styringslysten ikkje vantar.
Oktober. Så sto dei der blide framfor vårt slott, ei ny regjering var født, eit makeskifte frå raudt til blått, dei nye ministrane smilte så søtt. No er dei i gong med den viktige jobben, akkompagnert av den politiske mobben.
November. Me har hatt meistrar i båt og kajakk, for ikkje å snakka om skeiser og ski. No har me jamvel fått ein i sjakk ein meister i konsentrasjon og strategi. Tolmodige framfor sjåarskåpet, kom sigersgleda i staden for håpet.
Desember. Så har han endeleg landa, guden som byen har venta lengje. Pressa fylt med forvitskap til randa, kom til Flesland i «store flengje». Og der var han, vårfrelsarmann; den nye trenaren til Brann. 01.01.2014.M-m.
—på om eg skal halda i gong bloggen min ei stund til, eller om dette skal verta stunda då bestikket vert lagt ned for godt. “Nok en nok” høyrer ein ofte, og kanskje er det tida å tenkja på for funderiene mine også no. Året som er på hell har vore eit “annus horribilis” for den nære slekta, i så måte kan det – og – bør det vel berre gå oppover neste år. Eg kjem til å fundera på ting og tang framover også. Om skrivekløa tek overhand og om tankane kjem ned på “papiret” gjenstår å sjå. I alle høve vil eg ynskja alle mine bloggvener og kontaktar eit GODT NYTT ÅR!
Så over til nyttårsforsettene.: Lukke til!! Eg står over…
Så har korset vorte eit problem for kringkastingssjefen vår. Han likar ikkje at kristne emblem framme i fjernsynsruta står. Vår kulturarv har han såleis tilsidesett, kasta den på båten, rett og slett.
Så har han endeleg landa, guden som byen har venta lengje. Pressa fylt med forvitskap til randa, kom til Flesland i «store flengje». Og der var han, vårfrelsarmann; den nye trenaren til Brann.
Hjelp, no vil EU fjerna kanelen. Hovudsmaken i vår kjære skillingsbolle. Må me også svelja den kamelen, eg tykkjer at dette vert for «fjolle». De fryktar visst at levra vår tar kvelden. Godt at me då får behalda Martellen.
Så var det julevalets kval, vert juletreet ekte eller av plast? Hjå oss vart det eit enkelt val, meinte husets grantreentusiast. Smådyr og nåledryss til trass. Grantrelukta lyt vera på plass.
No legg eg ned mitt bestikk. Eit mangslunge år er på hell. Så då vil eg fylgja sed og skikk på dette årets siste kveld. Eg takkar bloggvener fordet gamle år, med lukke til i det som framfor oss står. 31.12.2013.M-m.
Brått så var han her att, den aller første snøen. Stilt og varleg han datt, og la seg ut over bøen. trea fekk si vinterkåpe. Vinteren er i emning. Vegar er sleipe som såpe, Mang slags morgonstemning.
Har du fått på vinterdekk, då kan du vera letta og glad. Du startar bilen tøff og kjekk. Eit trykk på gassen, du er avstad. Du forserer fyrste bakken. Dette går jo som ein leik. Framleis inga ripe i lakken, til du kjem til neste kneik.
Her står alt frå botnen til toppen, dei står og stongar bil på bil. Øvst står han som skuldast stoppen. Han må sikkert vera stril. Der står du og slurar og spinn saman med andre på kross og tvers. Sverjande, storsint og grum i sinn, syng du ut ditt nidingsvers.
Men bannskap er til inga nytte. Her gjeld berre ein medisin. Kom deg ut, hjelp til med å dytte, då rekk du omsider jobben din. Slik har det vorte, år etter år. Snø og glatte kjem alt for fort. Brått du med hatten i handa står i snø på leggen og ynskjer deg bort.
Bort frå vinterdekk og is, sørover til varme og til sol. Til strender og solvarm bris, med longdrink og liggjestol. Bort frå måking og glatte på vegen. Her gjeld sumardekk heile året. Kjende du deg tung og segen. Her kan du retteleg slå ut håret.
Men sjå ut glaset, vinteren er vakker. Snøkåpa lyser opp naturen. Ungar på ski på eng og i bakker. Sit ikkje inne tung og sturen. Hugs at i sol og gloheit bris har mange hug på litt svalande vind. Dei drøymer kanhende om snø og is, og ynskjer dei såg ei snødekt tind. 21.10.2010.M-m.
Etter et artig tilsvar jeg fikk i bloggen i går kunne jeg ikke holde igjen. Dette måtte bare ut…
Julekakejens.
Noen velvalgte, hyggelige ord fra en meget kreativ oldemor, anbefalte nyting av kakebord, hvor julekakene for tiden gror. Du vet at kakene fra i fjor raskt i hønene for. Med kakelyst i overkant stor og med pondus som gror hjalp jeg kakene bort fra vår jord, mens produsenten tryglet og svor. Men jeg skyldte på en bloggoldemor og en og annen sulten skjor. Men svaret var.: Du bare ror! Heldigvis slapp jeg løgndetektor.
Siden jeg hadde et lite poem om hjerte i sand og i dag tar emnet opp igjen er vel denne overskriften på plass. Her var imidlertid inspirasjonen et langt kjettinggelender i Puerto del Carmen som var fylt opp med låser av ymse slag. Hengelåsa i Puerto del Carmen.
Skal du sikra heim og eigedom er hengelåsen god å ha. Greitt å ha ein avlåst bom, då kjenner ein seg trygg og bra.
Men her om dagen fekk eg sjå langs eit ovlangt kjettinggjerde; hundretals låsar festa på. Eg undrast; kva er her på ferde.
På låsane var to bokstavar, på nokon var to namn. Kan det vera nymotens klavar som låser kjerleik til ei hamn?
Då trur eg at lykjelen bør kastast, kjærleikslåsar opnar lett i våre dagar. Låsesmedane kan ikkje lastast, for bomsikre kjærleikslåsar ingen lagar. 10.11.2013.M-m.
På ei lang og solvarm strand fall noko brått inn i auget mitt. Eit hjarta rissa ned i sand, litt skakt, utan kunstnarleg snitt.
To bokstavar var og rissa ned. Altså hadde dei vore eit par. Var dette noko som ville vara ved eller var kjærleiken berre sumarsnar.
Eit hjarta kan rissast i stein og tre, jamvel i metall av edlaste sort. Men strandhjartet får ikkje mykje fred før floa viskar kunstverket bort.
Strandhjartets liv er kort og skjørt. Symbolet er kanskje dette; Berre ein liten ferieflørt som du seinare aldri frette.
Nei, svaret ligg nok løynd i sanda. Var det ein flamme eller berre ei glo. Eg ruslar vidare bortetter stranda. Gløymde snart kunstverket og dei to. 17.11.2013.M-m.
Har du lagt på sjukehus og gått gjennom ein større operasjon har du nok opplevd at du får lite å drikke i oppvakningsfasen. Denne opplevinga hadde gubben som eg skreiv eit lite rim om. Google.
Sparekniven.
Ein gubbe vart lagd inn på sjukehus. og her vart han raka for hår og lus. Oppskåren og lappa saman tilslutt. Dette var verre enn han hadde «trutt».
At det er in med badestamp gikk omsider opp for gubben også, og han skred til verket med stor entusiasme. Her er så historien og gubben og stampen.
Stampen til gubben.
Her er gubben sin våte draum. Han ville ha seg ein badestamp, ein som vart varma opp utan straum, kor han kunne sitja i eimen av damp.
Då kveldane mørkna skreid han til verket. Stampen vart kjøpt og sett på plass. Vatn vart fylt opp til plimsollmerket, og oppfyring starta ved gubbens palass.
Å få opp varmen var ikkje lett. Det gjekk med innpå tre sekker ved, til badeklart vatn frå neglesprett, og skrotten til gubben i vatnet gleid ned.
Champagnen vart spretta, og glasa fylt opp, og innvigningsfesten var i gong. Heile slekta fekk dynka sin kropp, i blitzregn og til julbelsong.
Festen vara til langt på natt, der ute under stjernefloga. Frå stampen høyrdes skjemt og skratt, og mang ei ljosskremd soga.
Til sist vart gjestene varme og trøtte, og månen smilte skjeivt frå si høgd. Han flira av alla syner han møtte, og gubben fann senga si blid og nøgd. 29.03.2013.M-m.
…så er det også den siste datoen i måneden og tid for en liten oppsummering av noen utvalgte begivenheter. Først vil jeg benytte anledningen til å ønske alle mine kontakter og lesere en riktig god påske, selv om den nå snart synger på det siste verset. Her på Vestlandet har vi antakelig har vi antakelig hatt den beste værpåsken i manns minne, hvor langt det måtte være.
Så over til noen av månedens begivenheter.
Mars 2013.
Så har to superkjendisar skilt lag, Men sei meg, er det noko nytt ? At kjendiseri og karrierejag har endt i ein gedigen tårepytt. Men, kva når kjærleiken tar kvelden? Jau, då endaretterraksteren hjå Elden.
Så feirer me alle våre skiatletar. Dei har ført heim ære og gull. Utlendingen får berre småbetar medan Ola lastar gullkista full. Me må ikkje verta for høge på pæra; Ingen veit kor lenge båten vil bera.
Så er valkampen i emning, og partia høgg på kvarandre. Samferdslekrangel skaper stemning vegstubbar vil dei no forandre. Med uløyste vegprosjekt heilt til ripa seier eg berre: Kom med den gule stripa
Går du heime med ungar og steller, då lyt du lyda på din minister. Heimen har ikkje arbeid som «teller», det er for livets gratisturister. Nei, finn deg no ein sømeleg yrke, kor stresset rår, der finn du din styrke.
Fotballtrenar treng psykolog for å skapa eit vinnarlag; for å jaga bort sitt tapartankeflog så sjølvkjensla kjem for ein dag. Krevjande å springa etter ei kule, anten laga er blå eller gule.
Så lyt eg vitja han Giske att Han er travel på mobiltelefonen. Han må visst ringja dag og natt, for no er han oppe i kvarte millionen. Men veneflokken er visst ganske stor, Då er det?kje rart at rekninga gror. 31.03.2013.M-m.