Strandtanker…

På turen langs stranda dukker mye opp…

Hjarte  i sand.

På ei lang og solvarm strand
fall noko brått inn i auget mitt.
Eit hjarta rissa ned i sand,
litt skakt, utan kunstnarleg snitt.

To bokstavar var og rissa ned.
Altså hadde dei vore eit par.
Var dette noko som ville vara ved
eller var kjærleiken berre sumarsnar.

Eit hjarta kan rissast i stein og tre,
jamvel i metall av edlaste sort.
Men strandhjartet får ikkje mykje fred
før floa viskar kunstverket bort.

Strandhjartets liv er kort og skjørt.
Symbolet er kanskje dette;
Berre ein liten ferieflørt
som du seinare aldri frette.

Nei, svaret ligg nok løynd i sanda.
Var det ein flamme eller berre ei glo.
Eg ruslar vidare bortetter stranda.
Gløymde snart kunstverket og dei to.
17.11.2013.M-m.

11 kommentarer

Siste innlegg