På turen langs stranda dukker mye opp…
Hjarte i sand.
På ei lang og solvarm strand
fall noko brått inn i auget mitt.
Eit hjarta rissa ned i sand,
litt skakt, utan kunstnarleg snitt.
To bokstavar var og rissa ned.
Altså hadde dei vore eit par.
Var dette noko som ville vara ved
eller var kjærleiken berre sumarsnar.
Eit hjarta kan rissast i stein og tre,
jamvel i metall av edlaste sort.
Men strandhjartet får ikkje mykje fred
før floa viskar kunstverket bort.
Strandhjartets liv er kort og skjørt.
Symbolet er kanskje dette;
Berre ein liten ferieflørt
som du seinare aldri frette.
Nei, svaret ligg nok løynd i sanda.
Var det ein flamme eller berre ei glo.
Eg ruslar vidare bortetter stranda.
Gløymde snart kunstverket og dei to.
17.11.2013.M-m.
11 kommentarer
Vakkert
Ha en nydelig onsdag!
lulltove: Takk,,,og det samme til deg…
Ibsen dro til Ischia, Bjørnson dro til Paris og du dro til Lanzarote. Alle tre hadde nok godt av oppholdet ute. Takk for vakre ord på morgenkvisten. Ha en fin dag!
Pedro: Takk. Det er utrolig hva god vin, sol og strandturer kan gjøre med tankevirksomheten. Ellers må dine assosiasjoner stå for din regning. Ha en fin dag i tigerstaden.
Nydelig
Eg er omtrent mållaus, så fint syns eg dette diktet var. :-))
Titter innom for å ønske deg en fin onsdag!
Oldemorbloggen: Kjekt at du likte det. Eg toler snart ikkje meir skryt. Men så er det slik at ting og bilete ein møter på sin veg ofte set tankane i sving. Ha ein fin kveld.
Keths!: Takk for visitten. Ha en fin dag videre.
he he du får sagt det du :))festlige tanker rundt et hjerte i sanden
fruensvilje: Du vet, tankene tar sine veier på en lang strandtur…