Funderier rundt en prematur vår…


Først et bilde som viser utsikten fra stuevinduet her ute på landsstedet vårt i dag morges. Fire flotte svaner ligger og hviler etter morgenens beitint i den åpne delen av vannet utenfor huset.
Det var vel ikke akkurat dem jeg tenkte på da jeg skriblet ned disse versene. Svanene får heller få seg et eget innlegg ved en senere anledning.

312. Vårteikn.

Så var han der endeleg att;
morgonfuglesongen.
trillande etter ei seinvinternatt;
kjekt å høyra den fyrste gongen.

Eg venta lenge på teikna i år,
at snø og kulde vart  turka bort.
Så brått i dag, på trappa eg står.
Høyrer fuglesongen, det er stort.

Songen gjev livsmot og initiativ,
ut frå ein nedfrosen vinter;
kor mark og busker står utan liv,
gøymt i mørkrets labyrinter.

Morgonkaffien fekk tonefylgje,
småfuglane har vakna att.
Vinter skal drukna i vårens si bylgje,
snart spirer natura i busk og kratt.
18.02.2013.M-m.

Det var vel heller ein slik eg tenkte på.

 
 

Ja, så var januar over for dennen gongen…

Og eg som trudde at dette skulle vera ein månad utan dei store kalamitetane, men her vart etter kvart nok å fundera over denne månaden også. Sjå berre her.

Januar 2013.

Baking og brasing i desember
og matfesten fyller heile jula.
Vekta flyg over alle render,
magefeitt let seg?kje lenger skjula.
I januar gjeld lågkaloridietten,
då vert det stusseleg på asjetten.

Ansvar er eit underleg ord,
udefinerbart vil nokon seia.
Særleg på politikkens bord
vert det ei samansausa greia.
Vanlegvis har ansvar konsekvens,
men slik er det ikkje hjå han Jens.

No er sjukehusa under lupa,
her er det visst lite på stell.
Tillit frå folket tek til å stupa,
problemnyhende kvar einaste kveld.
Verst er det visst på A-hus og Aker,
for her er det mange traurige saker.

Ei flytting skal vera årsak til rotet,
folk lyt venta eller liggja på gongen.
Politikarane driv med nedroingsknotet,
er du kjend med denne Støresongen?
Korleis trur de dei løyser problema;
Jau, nye utval vert sikkert tema!

Så har me endeleg fått det på bordet,
og me tek det til etterretning.
«Fellesskap» det magiske valkampordet,
du høyrer det mest i kvar setning.
Eit raudgrønt mantra vil nokon seie,
så no kan dei blågule berre teie!

Blågul politikk er no i vinden,
Her peiker alle pilene opp.
Snart står vel Erna oppe på «tinden».
undrar, er popularitetsbølgja på topp?
Berre nokre månader til neste val,
og Jens, han lir vel valgets kval.

Så var det godsaka siste veka,
all hårklipp til same pris.
Likestilte skallar og nett som reka
kjønnskifte også på rekas vis ?
Er det målet til vår likskapskontrollør?
Eg seier det ikkje, eg berre spør.

Eg har mest gløymt den store saka,
kyrkja skal tapa vigselsretten.
Vonar me får behalda bryllupskaka,
brudgomstalen og brurebuketten.
Giftarmål vert vel til byråkrati,
slik det høver eit moderne demokrati.
29.01.2013.M-m.

Desember 2012…

Eg trudde at det skulle verta ein roleg månad fri frå politiske sprel og skandalar, men trur de at det vart slik. Ikkje før hadde månaden starta før ein profilert tromsøværing laut i skammekroken for sin lauslivnad med ei unge jente frå same partiet. Ikkje den einaste politiske testosteronbomba som slo til dette året.
Og så var det Gisken då. Han greier ingen å ta åleknepet på, han sklir unna det meste av skuldingar.
Så har Faremo funne ut at ho no skal reformera brann – og – redningstenesta. Eg som trudde at ho no ville ha nok med å får eit effektivt politi på plass. Men kanskje ho alt har gjeve opp den jobben og vil no ta tak med ei av dei offentlege tenestene som fungerer sånn nokonlunde.
Jaja, tida vil vise…

Google

Desember 2012.

Ja, så er me ute på kjøret att,
med griskall og vakker ung jente.
Han hadde seg ei partimøtenatt.
Sprengkåt, han kunne?kje vente.
Gløymt var moralen og etikken,
Årsak. Han kunne ikkje styra p…ken.

No er det tid for bollebaking,
om du snart vil ha barnehageplass.
Du lyt byrja med sengeskaking,
ellers kan planen gå rett i dass.
Første desember er grensedagen,
om du vil ha tidlegplass i barnehagen.

Ministeren kom på steikjepanna,
jobbhjelp til venenett var saka.
Ikkje å venta noko anna,
andre ville og ha ein bit av kaka 
Men Giske takla motstanden lett,
med sitt ekvilibristiske talesett.

Vinteridrotten er no i gong,
med tevling på skeiser og ski.
Sjølv om starten vart litt trong,
har atletane no fått betre gli.
Og skiskyttarane gjer det best,
I helga gav dei oss sigersfest.

No er vår vakraste julesong
komen i verdsleg versjon.
Teksten har radbrekka fasong;
og vert slett ingen attraksjon.
Ta vare på julesongarven vår
Lat han  leva sjølv om tida går.

Så vil ho Faremo syna handling,
endra på brann ? og redningsetaten.
Dei skal gjennom stor forvandlig,
som vanleg er i den store staten.
Rydd heller opp der me veit det er gale
Ta alt på ein gong vert heilt for «bale».

Gap ikkje over meir enn du svel
fekk me som ungar ofte høyra.
Gjer du for mange samstundes sprel
kjem resultata ut for å køyra.
Sjå fyrst å få skikk på ordensmakta,
før du reformerer brannvakta

Så legg eg ned årets bestikk,
vil nyta julefreden dette året.
Politisk ro og folkeskikk,
ynskjer eg i heimane våre.
Kjære lesar, takk for det gamle.
No vert det ubrukte dagar å samle.
31.12.2012.M-m

Tankespinn eller hjulspinn…?


Google

Hjulspinn.

Millionar av hjul
trillar på
verdas  vegar.
Kvar skal dei?

Nokre hjul
aukar stadig farten.
Kjem ut or kontroll,
endar i grøfta.

Andre hjul
kjem ut på glatten.
Tapar grepet
endar i grøfta.

Så er det dei
som brukar rå kraft.
Dei spinn,
kjem ingen veg.

Dei når måla sine
som trillar roleg,
velstyrd,
og med omtanke.
13.12.2012.M-m.

Google.

Ha ein avslappande og roleg dag.

Roa ned litt…


Google
Har julestria teke deg i år. Prøv å finna litt tid til deg sjølv og dine næraste, også i førjula. Og hugs, det er ikkje alltid dei dyraste gåvene som er dei viktigaste.

Førjul.

Adventstid,
mas og strid.
Alt skal bli på stell.
Året er på hell.
Hus og hjem skal skinne.
En mor som står på pinne.
Og far, han roer ned,
med godstolen som julefred.
Julegavestress,
årvisst slit og press.
Førjulsfester,
bråk og slitne gjester.
Pyntet juletre,
men fant du julefred?
Fred og ro i adventstiden,
eller offer for julestriden.
Hellig julekveld.
Julebuskapets appell.
Et hellig barndomsminne,
gav deg kanskje fred i sinnet.
Eller ble julen bare lys og fest,
uten tanke på en nyfødt gjest.
29.11.2011.M-m.

Juleblotet…

Har du vore der i år ???

Google.

Juleblotet.

No er det tid for julebord,
ein årviss firmatradisjon.
Festsamlingar i sør og nord,
Det gjeld å syna stor kondisjon.
Utfordringa vert eit stort konsum;
godstoff skal inn i monaleg volum.

Dei førebur blotet på kvar sin måte.
Ho pussar og steller klede og kropp
i kveld skal ho feste og ikkje gråte,
og så er ho «shina»  frå tå til topp.
Blodraude neglar og nystelt hår,
og godlukteimen rundt henne står.

Han startar opp med å fyra litt,
deretter dusj og stussing av skjegg.
Så finn han fram sin dressfavoritt
og sixpacken ligg der trygt i hans bag.
Så ber det bort til kompisgjengen,
han tek eit vorspiel i same slengjen.

Festen vert halden på stadens hotell,
sjefen tek mot den festglade gjengen.
og sjampanjekorkane smell,
Dei tek gjerne to glas i same slengjen.
Stemninga stig og låtten sit laust,
og sjefen fyller glasa raust.

Så ber det inn til det bugnande bordet
festpynta grisehovud tronar på toppen.
No gjeld det å halda fast på roret,
og finna plass ved den lystige venetroppen.
Eit godt stykkje unna sjefen er fine greier,
han treng ikkje høyra alt kva ein seier.

Så skal ein tilfredsstilla sin appetitt,
og du fyller godt opp på ditt fat,
svel alt ned med øl og akevitt,
og så ber det bort etter meire mat.
Til sist sit du tung og stinn,
men likevel med forventning i sinn.

Men så medan matgildet er på topp
så hender det som kan gå gale
for brått reiser sjefen seg opp,
og vil halda årets firmatale.
Men du er midt i ei smågrov skrøne
og låtten står i taket av det obscøne.

Så vart det endeleg drinkar og dans,
og nærkontakt for sjel og kropp.
Nei, slike festar har sin eigen glans,
og måtte det aldri verta stopp.
Medan enkelte par fornya appetitten,
vart andre  bedøvd av akevitten.

Kva hender når det er slutt på festen.
Ja ? det kan de tenkja dykk alle i hop,
så eg treng vel ikkje å fortelja resten,
best at det ligg i ei bortgøymt grop.
Til alle som tek beinvegen heim,
rundt dykk heng det ingen sladdereim.
25.11.2012.M-m.

Fiske(u)lukke…

På min 75-års dag fikk jeg en karrikaturtegning fra mitt barnebarn, Magnus. Det synes jeg absolutt fortjener et lite dikt.

 

Fiskelukke.

Han rodde seg vestom dei ytste skjær,
her skulle storfisken endeleg vera.
I dag var det ypperleg fiskevær,
så spørs det, kor vart det med fiskaræra.

Han egna med nykokte reker frå Rema,
og la på ångelen ei dugeleg tugge.
Kva agnbøtta kosta var aldri tema,
når han var ute etter ei kveitesugge.

Så slepte han snøret med barnsleg von.
Der nede skulle han lura den store.
Dette sku?verta ein vellukka ekspedisjon
om ikkje lenge så låg han nok på bordet.

Fyrst kom det opp ein liten sei,
og så ei tunn lita lange.
Huva hans dreide i ilska på snei;
ville ikkje storfisken la seg fange?

Då med eitt sat snøret hans fast,
Var han botnefast eller var kveita kome?
Han hala og sleit så neglene brast,
men snøret ville ikkje opp ein tomme.

Etter å ha slite og drege ei stund
merka han at snøret kom litt etter.
men no var armar og fingrar sund,
og tårene spratt av gnagsårsmerter.

Langt om lenge såg han der nede,
ein stor kvit skapning kom opp i havet.
Han kjende ei storslegen fiskeglede
og gløymde straks alt slitet og kavet.

Forderveleg slit å få fisken i båten,
eit beist av ei kveite på kroken gjekk.
Han la seg og kvilte nede i skåten
så skreik han av glede for fangsten han fekk.

Kva er det du ligg og skrik etter no!
Kjerringa rista besett i kallen.
Medan kvite nattserken over han sto,
for draumen om storkveita ut or skallen.
31.10,2012.M-m.

 

Vil me ha det slik…?


Lånt fra Google.
Til ettertanke når vi nå starter en ny uke.

Dei vil alltid klaga og syta.

Kvifor går du og syt og klagar,
det hjelper då ikkje det grann.
Trur du at syting gjev betre dagar?
Nei, reis deg, ta livet som ein mann.

Tykkjer du grannen din er ein tosk;
og det fortel du alle andre.
Fer du og kvekkar som ein frosk,
og let vondord om grannen din vandre.

Eller meiner du at sjefen din er ille,
at han er urettvis og dum.
Kanskje ligg feilen i di eiga brille,
og at det er du som er ein klagegnom.

Er lekjaren syndebukken i dag,
vil han ikkje melde deg arbeidsfri?
og du tviler på om han kan sitt fag,
og dette formidlar du til omverda di.

Nei, no lyt du stogga og tenkja deg om.
På tida å ta fram spegelen din.
Vakna opp frå din sjølvherlegdom,
og leita fram att eit opnare sinn.

Når alle er galne og du er den vise
då bør varselklokkene ringe.
Gjer ikkje verda rundt til ei krise,
det vil ditt eige liv forringe.

Ingen vert glade av suter og klagar.
Det er heller ikkje sjølvterapi.
Leit fram ein formel på ljosare dagar,
finn smilet fram til omverda di.
07.10.2012.M-m.

Septembersong…

Ettersom dette vart ein dag i sjøen på cruiset vårt kan det høva med ei oppsummering av nokre hendingar i september. Nokre er kanhende gløymt allereide, men dei fleste pregar kvardagen vår meir eller mindre.

Lånt fra Google.

September 2012.

Kjære glødelampe, takk og farvel.
Du har tent oss i hundre år.
Lyst opp vegen til arbeid og sprel,
men EU vart ditt banesår.
Du er dømd som miljøet sin syndar,
og då lyt me lyda til vår formyndar.

Europarådet sin norske «direktør»,
kjend som ein mann av mange ord
har no fått assistent som er skrivefør
til ein halv million ved sitt bord.
Greitt å leggja orda i andre sine lenkjer,
så ein ikke alltid seier det ein tenkjer.

Han har og bygd det norske hus,
eit byggverk som no har falle i grus.

Vakna no, kjære lettlurde kamerat,
som snarast er innom handlebua.
Blenda av lokkande matplakat
kjøper du grovbrød i beste trua.
Men innhaldet er ikkje det du trur,
her har nok tilverkaren vore for lur.

Kjøper du kalkun, får du høne,
tek du fisk, då får du mjøl.
Du går glatt på ei kjøpmansskrøne,
sjølv blåbærjuisen er noko søl.
Er det rart at me tynges av allergier,
i desse løgn-og-lygenytt-tider ?

Så vart det  uro i ulveflokken,
fleire ministrar laut skifte stolar.
Ei laut dra med hatten og stokken,
ei anna fann fram ministerkjolar.
Og om Jonas ikkje verda kan frelse,
då får han heller styra vår helse.

Han kan visst alt, den glupe karen,
i alle fall beitest han ikkje for ord.
Medan me sit og klagar ved kaffibaren
er stolleik i gong ved kongens bord.
Og er du,kje ikke inne i kompisvarmen,
lyt du sjå langt etter kongedørkarmen.

Med gullskjei i munnen sit me og klagar,
i solstolen vår på dei store hav.
Ved andre kystar fins bekmørke dagar
kor livet renn bort i armod  og kav.
Ha tankar for slitar i fattige land
som ikkje i livets gullotto vann.
30.09.2012.M-m.

Tanker om skjevfordeling…


Med gullskje i munnen.

Er du bitt av handlebasillen;
jaget etter det gode livet.
Har du glemt ordene i postillen,
om nøysomhet og pust i sivet ?

Er det bare velstand som gjelder,
Lekre biler og storslåtte hus ?
Lukker vi ører når media melder
om klodens fillete fattiglus ?

Garderobeskapene bugner av klær,
fryser og kjøleskap fulle av mat.
Media bringer oss skremmende nær,
sultne unger med tomme fat.

Har egoismen tatt oss alle;
har vi blitt oss selv mer enn nok ?
Glemmer vi at også vi kan falle;
er vi bare en selvsentrert flokk?

Nei, spre litt håp og glede,
du kan ta deg råd til det.
Fra gullfatet i ditt lune rede,
fyll et blikkspann et annet sted.
03.09.2012.M-m.