Desember 2012…

Eg trudde at det skulle verta ein roleg månad fri frå politiske sprel og skandalar, men trur de at det vart slik. Ikkje før hadde månaden starta før ein profilert tromsøværing laut i skammekroken for sin lauslivnad med ei unge jente frå same partiet. Ikkje den einaste politiske testosteronbomba som slo til dette året.
Og så var det Gisken då. Han greier ingen å ta åleknepet på, han sklir unna det meste av skuldingar.
Så har Faremo funne ut at ho no skal reformera brann – og – redningstenesta. Eg som trudde at ho no ville ha nok med å får eit effektivt politi på plass. Men kanskje ho alt har gjeve opp den jobben og vil no ta tak med ei av dei offentlege tenestene som fungerer sånn nokonlunde.
Jaja, tida vil vise…

Google

Desember 2012.

Ja, så er me ute på kjøret att,
med griskall og vakker ung jente.
Han hadde seg ei partimøtenatt.
Sprengkåt, han kunne?kje vente.
Gløymt var moralen og etikken,
Årsak. Han kunne ikkje styra p…ken.

No er det tid for bollebaking,
om du snart vil ha barnehageplass.
Du lyt byrja med sengeskaking,
ellers kan planen gå rett i dass.
Første desember er grensedagen,
om du vil ha tidlegplass i barnehagen.

Ministeren kom på steikjepanna,
jobbhjelp til venenett var saka.
Ikkje å venta noko anna,
andre ville og ha ein bit av kaka 
Men Giske takla motstanden lett,
med sitt ekvilibristiske talesett.

Vinteridrotten er no i gong,
med tevling på skeiser og ski.
Sjølv om starten vart litt trong,
har atletane no fått betre gli.
Og skiskyttarane gjer det best,
I helga gav dei oss sigersfest.

No er vår vakraste julesong
komen i verdsleg versjon.
Teksten har radbrekka fasong;
og vert slett ingen attraksjon.
Ta vare på julesongarven vår
Lat han  leva sjølv om tida går.

Så vil ho Faremo syna handling,
endra på brann ? og redningsetaten.
Dei skal gjennom stor forvandlig,
som vanleg er i den store staten.
Rydd heller opp der me veit det er gale
Ta alt på ein gong vert heilt for «bale».

Gap ikkje over meir enn du svel
fekk me som ungar ofte høyra.
Gjer du for mange samstundes sprel
kjem resultata ut for å køyra.
Sjå fyrst å få skikk på ordensmakta,
før du reformerer brannvakta

Så legg eg ned årets bestikk,
vil nyta julefreden dette året.
Politisk ro og folkeskikk,
ynskjer eg i heimane våre.
Kjære lesar, takk for det gamle.
No vert det ubrukte dagar å samle.
31.12.2012.M-m

8 kommentarer
    1. Flott skrevet av deg, liker diktene dine, de har snert! Takk for bloggvennskap i 2012, håper på mange kloke ord fra deg neste år også! Godt nytt år 🙂

    2. Emmieverlasting/Jeanette: Takk skal du ha. Du skjønner sikkert at spesielt politikernes ymse krumspring trigger meg. De skal jo på en måte være nasjonens forbilder. Det er de som lager lovene vi skal forholde oss til, og da er det greritt at de noen ganger får smake konsekvensene av sine egne beslutninger.

    3. ernashus: Takk skal du ha. Kjekt å få positiv tibakemelding på det jeg skriver om. Av og til kan det vel renne litt over, men jeg velger å presentere tankene mine fullt ut.
      Kanskje fortsetter jeg med “månedsrevyene” mine neste år, det kommer sikkert ikke til å mangle inspirasjonskilder da også. Ha en fin ettermiddag.

    4. Ja, der fekk du på meistarleg vis fullført året 2012. Men du må nok snart skaffa deg kvit drakt og spiss hatt. I fylgje Hallgeir Langeland hamnar du, som alle andre kritikarar, i gruppa KKK. Men inntil vidare får du ha eit riktig godt nytt år.
      NB! Hugs å ta på deg kalosjane dersom du skal ut.

    5. Pedro: Nei, eg held meg til tøflar og innetusling. Når det gjeld hatt så gjekk komfirmasjonshatten min i kjølsvinet til ei snekke i hine harde dagar.

    6. Takker atter en gang for gjennomgang av månedene som har gått. Det har vært morsom lesning og fulltreffere hver gang. Takker også for et rikt blogg vennskap her inne og alle tilbake meldinger på mine innlegg. Ønsker deg et riktig så godt nyttår. Kom gjerne med litt kavalkade fra 2012 🙂
      Klemz

    7. sisselfish: Takk for hyggelig kommentar, uten dem ville det nok vært så som så med inspirasjonen. Veldig hyggelig med deg som bloggkontakt og dine humoresker har gitt meg mange smil. Hva gjelder kavalkaden skal jeg vurdere det. Du og dine må ha et riktig godt nyttår.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg