Septembersong…

Ettersom dette vart ein dag i sjøen på cruiset vårt kan det høva med ei oppsummering av nokre hendingar i september. Nokre er kanhende gløymt allereide, men dei fleste pregar kvardagen vår meir eller mindre.

Lånt fra Google.

September 2012.

Kjære glødelampe, takk og farvel.
Du har tent oss i hundre år.
Lyst opp vegen til arbeid og sprel,
men EU vart ditt banesår.
Du er dømd som miljøet sin syndar,
og då lyt me lyda til vår formyndar.

Europarådet sin norske «direktør»,
kjend som ein mann av mange ord
har no fått assistent som er skrivefør
til ein halv million ved sitt bord.
Greitt å leggja orda i andre sine lenkjer,
så ein ikke alltid seier det ein tenkjer.

Han har og bygd det norske hus,
eit byggverk som no har falle i grus.

Vakna no, kjære lettlurde kamerat,
som snarast er innom handlebua.
Blenda av lokkande matplakat
kjøper du grovbrød i beste trua.
Men innhaldet er ikkje det du trur,
her har nok tilverkaren vore for lur.

Kjøper du kalkun, får du høne,
tek du fisk, då får du mjøl.
Du går glatt på ei kjøpmansskrøne,
sjølv blåbærjuisen er noko søl.
Er det rart at me tynges av allergier,
i desse løgn-og-lygenytt-tider ?

Så vart det  uro i ulveflokken,
fleire ministrar laut skifte stolar.
Ei laut dra med hatten og stokken,
ei anna fann fram ministerkjolar.
Og om Jonas ikkje verda kan frelse,
då får han heller styra vår helse.

Han kan visst alt, den glupe karen,
i alle fall beitest han ikkje for ord.
Medan me sit og klagar ved kaffibaren
er stolleik i gong ved kongens bord.
Og er du,kje ikke inne i kompisvarmen,
lyt du sjå langt etter kongedørkarmen.

Med gullskjei i munnen sit me og klagar,
i solstolen vår på dei store hav.
Ved andre kystar fins bekmørke dagar
kor livet renn bort i armod  og kav.
Ha tankar for slitar i fattige land
som ikkje i livets gullotto vann.
30.09.2012.M-m.

6 kommentarer
    1. KJÆRE FETTER! Her må vi ta i bruk STORE bokstaver. Jeg tror du/dere må ha hatt en
      vellykket tur som har gitt inspirasjon til så mange gode refleksjoner om tingenes tilstand både hjemme og ute. Jeg har jo registrert talentet før, men her er du på topp!

    2. Jakob: Slik ros setter jeg stor pris på, men inspirasjonskildene dukker stadig opp fra ulikt hold. Jeg regner med at oktober også vil gi meg poenger å videreformidle. Ha en fin kveld.

    3. I gode og onde dager!: Takk. Jeg må medgi at jeg er svak for ros, og jeg synes at det er kjekt at noen der ute har sansen for det jeg skriver. Ha en fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg