Skråblikk på august…


Lånt fra Google.

Som tidligere måneder har også august bydd på sine “spesialiteter”. Jeg har prøvd å fange opp noen også denne måneden.

August 2012.

No er dei fleste feriar slutt,
etter ein vakker sumar her vest:
Sola synte seg jamt og trutt,
og baud på høve til utegrillfest.
Når sumaren no syng på siste vers
kjem ein haust med politisk kommers.

Regjeringa har ein kommandosentral,
her skal dei kontrollera og sikra.
Løynd og usynleg, eit sjølvsagt val,
men navn og adresse på nettet vart spikra.
Ja, slik er vår openheit og kommunikasjon;
utan lovforbod, ingen diskresjon.

Så var det lensmannen oppe i Flå,
oppringt av vitskremd ektepar;
Som såg inntrengjar på døra stå
så no laut han vera brennande snar.
Han fekk lagt mannen i bakken.
Kva trur du då vart takken,

Inntrengjaren slo seg då han datt,
og då må lensmannen granskast.
Men korleis skal «lova» då ta fatt
når både rebell og byråkrati må hanskast.
Ikkje greitt å vera politi,
som bergar ein granne på fritida si.

Så har Rimi-Hagen shoppa,
han har kjøpt seg supa og saus.
Rieber i seng med dei rike har hoppa,
han tykte at Hagen var ofseleg raus.
Og du kjøper supa i sekker og poser,
gumlande nøgd på Hagens «grandioser».

Er ein født før første september
vert det ein plass i barnehagen.
Då lyt ein stå på heile novmber
for å få seg ein spire i magen.
Tidsfrister er det viktig å ha,
med datostempla ungar vert det bra.
31.08.2012.M-m.

 

 

 

Vart du skræmd…?


Lånt fra Google.

Hugsar de for tre år sidan då me vart truga med svineinfluensa, eit år var det forresten ein aggressiv fugleinfluensa som truga eksistensen vår. No må de berre bu dykk på nye influensatrugsmål frå folk som skal ha greie på slikt, anten det er helsebyråkratar eller lekjarmiddelindustrien som vil selja oss vaksiner.
Eg skreiv eit lite rim i sambamd med svineinfluensaen i 2009. Det kan kanskje vera ein liten “remainder” om at me kan tenkja oss om før me grev oss ned i influensadepresjonar denne hausten.

Den nye svartedauden.

 

No skal de høyra ei underleg soga
om sottevarselet som skaka vårt land.
Om elefanten som vart til ei flåga,
alle skulle råkast, kvinne som mann.

No vert det berre spørsmål om tid
før heile landet ligg aude.
Av svinesott så skal verta så stri
med ofseleg sjukdom og daude.

Avisene messa og fjernsynet skreik
og spådde oss ?ned og nord?.
Heime i stova, ottesam og bleik,
svalde me kvart eit ord.

Korleis skulle me unngå sotta.
Det aula med gode råd.
Nevar laut vaskast, det lut me håtta.
Jamvel dei folkevalde vakna til dåd.

Pesten vart drøfta i vår stortingssal,
stoggast laut styggedomen.
Vaksinar vart tinga i hopetal
før pesten til landet var komen.

No skal så folket til vaksinasjon.
Men akk, kva hender vel då ?
Kvar er vår vaksinesprøytestasjon ?
Det kan ingen svara oss på.

Dei kranglar no, kven skal setja nåla.
Det handlar visst om pengar då.
me spring rundt for å masa og gnåla
for at me immunisering skal få.

Ja, slik skal det visstnok vera no.
Pengar går framfor liv og helse.
Får eg?kje pengar så kan du stå der og glo.
Pengar må fram skal du finna frelse.

Så attende til elefanten og flåga.
Var ikkje virusen så fårleg lell ?
Nokon gjorde då pengar på denne soga.
Vart me narra, eg undrest kvar kveld.
16.10.2009.M-m.

 

 

 

Sumar på hell…?


Lånt fra Google.

Eit tildleghausteventyr.

Sjå lyngen som blømer på hei og i myr,
gjev natura eit raudlilla dekke;
eit årvisst ettersumareventyr,
før sumaren visnar bort, og vert vekke.

Det summar og suser i lyngheia vår;
titusentals insekt og bier
hauster inn det naturen sår,
finn nektaren sin i heier og lier.

Eg ruslar rundt på den fargerike heia,
nyter naturen sin eigen song.
Utan uro frå trafikkfylte «veia»,
takk for opplevinga enno ein gong.

Naturen vår er eit under,
som døyr og reiser seg år etter år.
Den gjev oss våre beste stunder,
som takk gjev me den hogg og sår.

Sjølv om lyngheia varslar haust,
og kaldare tider er i vente,
gjev ho oss gåver, romsleg og raust,
og neste sumar er meir i vente.
11.08.2012.M-m.

Julioversikten…

Jeg som trodde at det skulle bli en rolig feriemåned uten alt for store plask i andedammen, men der tok jeg feil. Det gikk tydeligvis over stokk og stein for flere i sommerheten, og her er noen av sakene.
NB. som om det ikke var nok testet amerikanerne beredskapen vår med en lurebombe i går, men mer om den saken senere.


 Juli  2012.

Endeleg sumar og ferietid,
no kan du gjera nett kva du vil.
Fri frå jobb og tidsklemmestrid,
du ynskjer at tida kan stå still.
Aviser er også på lågkarbogiret,
eller sparar dei berre på papiret.

Men ein ting opptek dei no i slåtten,
eit lite, merkjeleg, men fårleg dyr.
Dei fyller sidene sine med flåtten,
og dramasoger om den dei spyr.
Me må skremast, skal me ha det godt.
I fjor var det sneglar, i år er det flått.

I samferdsla skriv dei nye kontraktar,
det skal sparast offentlege kroner.
Dei pressar anbod så lågt dei maktar,
og innbiller oss at dei sparar millioner.
Nye båtar og bussar er sikkert bra,
men rekninga lyt vel brukaren ta!

Fullt brukande bussar kjem på stallen,
Mange vert henda av som skrap.
Eg får seia som gamle bygdekallen;
«Maken til offentleg tusseskap!»
Og Vestamaranar på over fem,
på offentlege svartelister kjem.

Så rullar endeleg fotballen att,
men no er det over stein og stup.
Spelegalskapen har teke fatt,
hald deg unna om du er glup.
No er det kampfiksing som er in,
og der er visst skogane fulle av svin.

Sjølvmåla haglar inn i fleng.
Kvar vart det av fotballdyden ?
No er sporten på sotteseng,
og gamblarar på solseng i Syden.
Gjev oss attende sporten og leiken.
Lat syndebukkar få smaka steiken.

Kva gjer Jens når pungen er tom.
Då skal bilistane sjølvsagt spleisa.
Me som køyrer skal møte ein bom,
og betala skjener til jarnvegsreisa.
Det er visst greitt å flå oss bilistar
når berre det tener kollektivistar.

Er du ein sparka leiar i staten
etter å ha gjort ein dårleg jobb
får du toppløn og vert forlaten
og kan leva som prins og snobb.
Men, den arbeidslause proletaren;
Jau han lyt til NAV, og er ille faren.
09.07.2012.M-m.

Strandfiske eller ???…

Aktuell aktivitet på denne tiden ?

Lånt fra Google.

Strandfisketurer.

Sumarlege fisketurer,
det kan vera så mangt.
Ligg storfisken der ute og lurer,
eller kom han aldri så langt.

Bit storlaksen på på kroken,
eller vil han byta snelle
Kan han løysa floken.
Det kan berre sumaren fortelle.

Han egner på med sjarm og smil,
og oppsett, skumstyla hår.
No er det ikkje godt nok med Bryl,
sjekketrikset frå tidlegare år.

Ho bruker heilt andre åter.
Outfit og godlukt er det som gjeld.
Smil om munnen og lokkande låter
ber bod om gourmetfylt kveld.

Spradebasse i strandsumarbrok,
augo på stilk og musklar som spelar.
Men før han får egna sin eigen krok
ligg han i garnet hennar og sprelar.

Og fiskaren gjekk på kroken sjølv,
Han slukte agnet og heile snøret.
Trur du vinsten vart gull eller sølv.
Eg vil ikkje letta på sløret.
18.07.2012.M-m.

Et apropos…

Her kommer et lite apropos til siste ukes fortballbråk…

Lånt fra, Google.

Så rullar endeleg fotballen att,
men no er det over stein og stup.
Spelegalskapen har teke fatt,
hald deg unna om du er glup.
No er det kampfiksing som er in,
og der er visst skogane fulle av svin.

Sjølvmåla haglar inn i fleng.
Kvar vart det av fotballdyden ?
No er sporten på sotteseng,
og gamblarar på solseng i Syden.
Gjev oss attende sporten og leiken.
Lat syndebukkar få smaka steiken.
M-m.

Juni 2012.


Bare et lite bilde fra en nybygget badestamp og to nytere av facilitetene og det lunkne vannet.

Juni 2012.

Det går mot sumar og feriefri
med von om mang ein solvarm kveld.
Juni er ei forventningsfull tid,
då lågar sumarens st. hanseld.
Politikken tar også sumarpause,
og då kjem vel inga politisk flause.

Men fokus er sett på psykiatrien,
der er dei ikkje samd med seg sjølv.
Eg ynskjer ikkje å vera vrien,
men spør, renn kunnskapen inn på ei fjøl.
Me kan ikkje godta, rett og slett
at domar vert sett av ein forvirra rett.

Ein kar ville servera nydregen fisk.
Det kunne skaffast rett nede på kaia.
Trur de han kunne ha det på sin disk?
Nei, byråkratiet straks med raudflagget vaia.
Det kan ikkje serverast nytrekt fisk,
åtte dagar på land gjer han sunn og frisk.

Endeleg kunne ei vever dame oss vitje,
me venta på henne i tjue år.
Men ho laut lenge i husarrest sitje,
ho kjem frå eit land det millitærmakta rår.
Men no er det rom for meir demokrati,
og folket lit på Aung San Suu Kyi.


Så er det endring i andedammen,
to ministrar er brått skifta ut.
Den eine vebyggingsmadammen,
den andre, bonden sin  gut.
Nye kostar er komen på jobben,
klår for møte med den kritiske mobben.

Ein minster skal rydde i CO-to-en,
då skal landet plantast med skog.
Vart ideen unnfanga på utedoen,
eller var det eit lite tankeflog?
Sitkagrana skal løysa problema;
At planten er ugras er slett ikkje tema.
17.06.2012.M-m.

 

 

Oppsummering mai…

Ettersom jeg for tiden er helt avdigitalisert på mitt landssted må jeg nøye meg med å stikke innom bloggen en gang i mellom. Likevel, det hender jo saker og ting hver måned som jeg føler behov for å kommentere, og mai måned var intet unntak i så måte.

Jeg ønsker dere en god sommer videre, eller skal vi heller si god grønn vinter, slik det – med unntak av pinsen – har vært her vestpå hittil!

Mai 2012.

Skal du behalda din popularitet
då må du ikkje snåva i din habilitet.
Kjenner ein seg heva over slikt
kan det lett verta ministral endeligt.
Ein minister tok hatten og gjekk,
ein annan fekk ein sviande smekk.

Så har me ei motekåt kronprinsesse.
Ho likar å ta seg ut i vår presse.
Norsk design i USA skulle visast fram.
I fronten for dette vår royale madam.
Då vart det italiensk som gjorde susen;
ein kjole til over hundretusen!

Ein drukna ubåt ligg ute ved vår kyst.
Full av kvikksølv, ikkje amethyst.
No skal han visst få liggja og blø,
og forsura folk og strand og sjø.
Men kva ville dei gjort, våre politiske kapteinar,
om kvikksølvet hadde vore edelsteinar.

Bonden vår er skikkeleg sur.
Han meiner seg dårleg betalt.
Traktoren tek han på oslotur
no gjeld kravet, inkje eller alt.
Gjev våre bønder anstendig løn.
Dei skaffar oss mat, høyr deira bøn.

Ja, så er me midt i ei streiketid,
mange er misnøgd med løna.
Dei byr regjeringa opp til strid,
men trur du dei høyrer bøna.
Me streikar på toppen av lønsspyramiden
medan dei slit der nede i «syden».

Årets 17. mai her vest.
Kaldsleg våt, inga førårsglede.
Småborn pynta til leik og fest,
hutrande i regnvåte sumarklede.
Men heime i stovene vermdes dei opp,
fylte på rommegraut til magen sa stopp.

Etter storm og regnfulle dagar
kom endeleg sola fram.
Snart ser me solbrune magar;
og gubben sit i si friskepram.
Fort skifter naturen og sinnet,
og uversdagane renn ut or minnet.
31.05.2012.M-m.

 

 

 

Fotevarmen er viktig…

Ein gamal gubbe som frys mykje på føtene fekk ei varmande gåve i påskehelga. Men, som de skjøner, fekk han konkurranse om gåva.

Ei kjærkomen gåve.

Høyrt om gubben som fraus på beina ?
Om natta kjendes dei kalde som is.
Om dagen var dei som iskalde steina.
Han hangla då gjennom på ei vis.

Han freista tøfler og varmepåser,
men dette gav gubben lita lindring.
Beina fekk likevel kulderåser,
høgare makter vart bedne om lindring.

Så vart han bønhøyrd påskedagen.
Ullsokker kom som fra himmelen ned.
Ei god venninne gav løysing på plagen,
og gubben fekk endeleg fotevarm fred.

Men så ein morgon då gubben vakna,
han fann ikke sokkane sine att.
Kven låg vel og mol på sokken han sakna ?
Jau, det var husets gamle katt.

Så takkar han Gunvor for fotevarm lukke.
No søv han med sokkar og smil kring munnen.
Ingen høyrer han lenger sukke.
For no er endeleg fotvarmen funnen.
08.04.2012.M-m.

 

Mars er heller ikke mild, men……


Fra Google.

Da jeg nå straks forlater min digitaliserte verden og drar på påskeferie vil jeg “slippe” månedens viderverdigheter i dag. Mars startet litt slapt, men sannelig tok det seg opp etterhvert og kulminerte i går med Mullahens sorti fra sin samfunnsbeskyttede hverdag.

Mars 2012.

No ser me dei fyrste teikn på vår.
Dagen lenges og snøen «går».
Busker og tre har knoppar i emning,
kropp og sjel kjem i våren si stemning.
Men, tolma deg, vinteren er ikkje over.
Vårsola held ikkje alt ho lover.

Utruleg! Så hende det att.
Nok ein politikar snåva og datt.
Han er teken for bruk av dop.
Visseleg eit mediascoop.
Høge hopp, og djupe fall,
frå politikkens pidestall.

Blankpussa ord og flotte parolar,
frå politikkens talarstolar.
Men kvar vart det av æra og etikken
då dei kom inn i politikken.
Lat oss vona dei framleis er få
som ærelaus ned frå pallen lyt gå.

SV har no skifta mannskap,
men ikkje utan misnøye og bannskap.
Gamle vart sparka, og unge kom inn,
unge, friske og urøynde sinn.
Er du trygg på at dette går bra,
er ikkje røynsle lenger god å ha ?

Høyrt om «mit» som et opp gamle hus ?
Av treverket lever han i sus og dus.
Gift kan ikkje brukast på den karen,
det seier i alle høve riksantikvaren.
Verdsarven på «bryggen»får heller  ramla ned,
berre «miten» får leva i ro og fred!

Så bura dei endeleg Mullahen inn,
eit krav frå mange med oppøste sinn.
Han livstruga menig og minister,
med dødsstraff frå radikale islamistar.
Hans skræmsle er at sharialover
skal inn og verka i norske  stover.
31.03.2012.M-m.