Vart du skræmd…?


Lånt fra Google.

Hugsar de for tre år sidan då me vart truga med svineinfluensa, eit år var det forresten ein aggressiv fugleinfluensa som truga eksistensen vår. No må de berre bu dykk på nye influensatrugsmål frå folk som skal ha greie på slikt, anten det er helsebyråkratar eller lekjarmiddelindustrien som vil selja oss vaksiner.
Eg skreiv eit lite rim i sambamd med svineinfluensaen i 2009. Det kan kanskje vera ein liten “remainder” om at me kan tenkja oss om før me grev oss ned i influensadepresjonar denne hausten.

Den nye svartedauden.

 

No skal de høyra ei underleg soga
om sottevarselet som skaka vårt land.
Om elefanten som vart til ei flåga,
alle skulle råkast, kvinne som mann.

No vert det berre spørsmål om tid
før heile landet ligg aude.
Av svinesott så skal verta så stri
med ofseleg sjukdom og daude.

Avisene messa og fjernsynet skreik
og spådde oss ?ned og nord?.
Heime i stova, ottesam og bleik,
svalde me kvart eit ord.

Korleis skulle me unngå sotta.
Det aula med gode råd.
Nevar laut vaskast, det lut me håtta.
Jamvel dei folkevalde vakna til dåd.

Pesten vart drøfta i vår stortingssal,
stoggast laut styggedomen.
Vaksinar vart tinga i hopetal
før pesten til landet var komen.

No skal så folket til vaksinasjon.
Men akk, kva hender vel då ?
Kvar er vår vaksinesprøytestasjon ?
Det kan ingen svara oss på.

Dei kranglar no, kven skal setja nåla.
Det handlar visst om pengar då.
me spring rundt for å masa og gnåla
for at me immunisering skal få.

Ja, slik skal det visstnok vera no.
Pengar går framfor liv og helse.
Får eg?kje pengar så kan du stå der og glo.
Pengar må fram skal du finna frelse.

Så attende til elefanten og flåga.
Var ikkje virusen så fårleg lell ?
Nokon gjorde då pengar på denne soga.
Vart me narra, eg undrest kvar kveld.
16.10.2009.M-m.

 

 

 

4 kommentarer
    1. Dette var morsom lesing for en gammel helsesøster! Lurer på hva de skal skremme vannet av oss med neste gang – bloggepest kanskje? Håper du har hatt en fin dag! 🙂

    2. ernashus: Ja, du kan så si, de kommer nok opp med noe. Ellers blir det trange tider for Dagbla’ og VG som vier 5 – 10 sider daglig på helsesaker og “gode” helse/skremmehistorier. Ha en fin dag

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg