Vårjamndøger…

I går la eg planar om å laga eit lite innlegg om vårjanmdøgeret som eg meiner me har i dag, men så høyrde eg meteorologen nemna at det var i går – ja, då vart gamlingen forvirra. Men eg vil halda på at me er inne i tidsskiljet i dag, altså den eine, av to dager i året då dag og natt er like lange.

Om veret ser eg at det seiest at slik det er i dag i Midt – og – Nordnoreg skal det verta jonsok (24. juni). Dersom denne spådomen stemmer også for Vestlandet vert det skodde og regn her på jonsokafta, og det kan stemma bra, for dei er heller lett å telja dei “aftene” eg har opplevd med klårver.

Elles rabla eg ned nokre ord og tankar om dette tidsskiftet.

Vårjamndøger.

I dag er ein gamal merkjedag,
me vender vinteren ryggen,
og helsar våren høgt goddag.
Snart vaknar flåga og myggen.

Vårjamndøger er her no.
Natt og dag er like långe.
Du ser naturen rundt deg gro,
og krokusen, vårens konge.

Vadmålbroka kan du kasta,
vårhabitten finn du fram.
Snart ute av påskefasta,
ta deg då ein vårleg dram.

Finn fram spade, grev og rive.
Samla rasket og brenn bråten.
Nyt spirande plantar som er i live,
så kan du byrja vårpuss på båten.

Kanskje du også ein våryr dag
vitjar eit fargerikt hagesenter.
Der vel du deg plantar av alle slag,
som du heim til hagen din henter.

Skjora er også for lengst i gong,
samlar kvister til sitt rugehus.
Ho skvatrar ut sin småhåse song.
samstundes som ho ertar han pus.

Jau, våren er komen, lit på det.
Til helga skrur du klokka fram,
og vintertida du no forlet,
sumaren vinkar med brask og bram.
20.03.2012.M-m.

Shorts/bikinisesongen nærmer seg…

 

Shorts, bikini og lavkarbo.

No stundar det mot bikinisesong
og skrotten kjennes kanskje for stor.
Panikken kjem, korleis verta fjong,
og finna attende fasong frå i fjor?

Kor er det med deg, gamle gubben,
har du vore på vekta i år ?
Fortel ho at du er feit og knubben,
traurige dagar framføre deg står.

No har dei ei vøla for skrotten din.
Du finn att formene i ein fei.
Sukker er ute, flesk er in.
Start opp ein nymotens lågkarbovei.

Lågkarbo er mirakelkuren
dersom du skal ned i vekt.
Ikkje svolten og aldri sturen
Jau, lågkarbokuren, den har effekt.

Kiloa renn bort med liv og lyst,
buksa sig ned som før var for trong.
Du ser ein sumar, strand og kyst,
medan du syng din lågkarbosong.

Snart er du klar for badesesongen.
Borte er valkar og ekstra fett.
Men kva får du sjå i speglet i gongen ?
Ein skrukkut gamling, rett og slett!
18.03.2012.M-m.

 



 

For noen av oss står utfordringene i kø denne våren. Lykke til!

 

 

Værsjuk…Jaaaaa……

Etter en begredelig etterjulsvinter med stormer, tåke og regn er det nå på tide at den høyere makt skjerper seg slik at en gammel gubbe kan komme seg ut litt. Hadde planlagt en tur ut på landstedet for å forberede påsken, men jeg reiser ikke før jeg kan se Ulriken, og det har jeg pga tåke ikke kunnet de siste fem dagene.

I går toppet det seg litt, og ut av hodet kom noen linjer ned på papiret, og disse deler jeg bredvbillig med dem som vil høre på mine surmulinger. Ha en tåkefri dag.


Gammel tåke stjålet fra GOOGLE.

Regntunge dagar.

Nei, no er eg gretten, sur og lei,
av mørkre, skodde og vatn.
Vårherre er slett ikkje grei,
det tykkjer både kallen og katten.

Kallen er planta djupt i stolen.
Kjerringas lurer, har han slått rot.
Katten strekkjer på bolen,
og lear korkje på auge eller fot.

Kjerringa styrer rundt i huset,
full av morgonfrisk  arbeidstrong.
Kallen høyrer reingjeringssuset,
og katten rømer for støvsugarsong.

Kor vart det av guts og initiativ?
Ein skulle ha vore på sjøen og fiska,
men motet minkar når skodda driv,
og godstolen freistar når regnet piska.

Nei, du lyt slita deg opp etter håret.
Kom deg ut or godstolen din.
Enno er mykje att av året,
og visseleg dagar med kveldssol og  vin.
12.03.2012.M-m.

 

Februarbetraktninger…

Februar 2012.

Dette er månad for kjærleik og kyss,
Tre dagar lyt merkast med kryss.
Morsdagen, skotår og Valentin,
er sett av til deg og kjærasten din.
Gløymde du dagane, seier du.
Då står du ved elva utan bru.

Hugsar du orda frå vår statsminister
i blenken frå terrorens gnister.
Me fekk høyra eit openheitsmantra,
men den båten har visst kantra.
No er ropet frå vår styringsbastion;
Vent på vår granskingskommisjon.

Alle er redde for å seia for mykje,
redd for sitt skinn og for «han tykje».
Kva har resultatet vorte.
forbetringsinitiativa er borte.
Feil må rettast, då må det handlast.
Skal tryggleiken betrast, må det forandras.

Så har ein politikar greidd det att,
å voldta ei gjente ei årsmøtenatt.
Sprengkåte gubbar i laddevinsrus,
Vara dykk for slike i politiske hus.
Kåtekallar lyt ut av politikken,
til dei skyr unna trusestrikken.

Vår unge og taleføre SV-minister
Har opna på sine pengekister,
og forfordelt til venene sine.
Tomhendte att, sto alle dei hine.
Opposisjonens anklageljod,
gjev oss lukta av statsrådsblod.

Ja, så er det året med skotårsdagen,
med veks og bløming i kjærleikshagen.
Har du kjærast, er dagen å fri.
No kan du få stadfesta lukka di.
Prøvde du deg, og fekk eit nei,
Rist det av deg, sjå ei anna leid.
23.02.2012.M-m.

Versjuk…

 

Gråversdag.

Det byrjar om morgonen i speilet.
I dag er det uver i alle glas
skrukker og buster er ingen stas.

Regnet og vinden piskar mot ruta.
Så ber det opp i stova.
Skulle vel helst ha fortsett å sova.

Med brillene fulle av fett og flekkar
slit du med di avis.
Ja ? ja, alderen har sin pris.

Så er det klårt for frukost.
Der fins ikkje reine mjølkeglas.
Nei, dette var då ingen stas.

Då kjem dagens store opptur.
Du set deg inn i din bil.
Viskaren virkar ? utan tvil.
01.03.2009.M-m.

 

Kjemiutfordringar

Dårleg kjemi.

Det er slett ikkje alltid lett
når kjemien ikkje høver.
Det meste vert vrangt og lite rett,
Ja, livet har sine prøver.

Meining tek meining og ord tek ord,
I hovudet knyt det seg fort.
Vondt å sitja rundt same bord,
Ein ynskjer seg berre bort.

Best å vera åleine då
når samkjensla er borte.
Det er så vondt å tenkja på
at venskap kan vera så korte.

Korleis kan venskapet botast att
du grundar heile tida.
Det gneg i hugen din dag og natt
som ein vond sting i sida.

Til sist må du erkjenna tapet.
Hopehavet er borte.
Altfor stort vart meiningsgapet,
godstundene vart borte.

De var så steile begge to,
ville ikkje fira ein tomme.
Vrangorda fort imellom dykk sto,
og splittinga måtte komme.

Kanskje eit kompromiss eller to
kunne halda døra på gløtt.
Riva ned det som mellom dykk sto
Slik at spira til venskap vert født
31.10.2009.M-m.

Verdensveven…eller bare vev…?

Som en av de utallige PC-brukerne som bruker endel tid foran skjermen har jeg gjort meg refleksjoner rundt livet vårt i denne verdensvevstidsalderen. Det sies at mange unge bruker mange timer hver dag foran skjermen, og jeg spør meg da; hvordan kan vi da utvikle menneskelig og sosial nærkontakt.

Verdensvevens utfordringer.

Skaffer du deg en datamaskin,
og straks går avsted og burer deg inn.
Leter rundt i verdensveven;
verden er skjult i museneven.

Du finner ein venn i Amerika.
Dere chatter sammen ganske bra.
Fremdeles ensom på rommet ditt,
nærkontakten har uteblitt.

Du lever ditt liv i et isolat,
savner ikke en kamerat.
En du kan ta på og snakke med.
En som kan gi deg vennskap og fred.

På dataskjermen er dine venner
I nabolaget du ingen kjenner.
Tenk over, hva er  et vennskap ?
På skjermen er det meste kjennskap.

Husk at liv ved en dataskjerm,
kan gjøre deg både ensom og fjern.
Lukket inn i ditt eget bur.
Inne i en digital armatur.

Selv om du trivs i din PC-verden,
og liker deg på verdensvevsferden.
Husk at datamediets makt,
kan hindre sosial nærkontakt.
05.02.2012.M-m.

Noe å tenke på, eller…..?

Ha en god dag i skjerm – eller i nærkontakt.

No er eg lei…!

I dag hadde eg ikkje mykje å skriva om så då fann eg ut at eg fekk prøva meg på eit lite rim. De kan trygt seia at det var snøveret som inspirerte meg.

Snø ? snø ? snø.

Snøver ute, snøver inne,
snø på bakken, snø i sinnet.
No vert eg snart sprø,
eg er lei både vinter og snø.

Det er nok for ein gamal krok,
lei av si longe «ondebrok».
Og så denne hersens glatten.
Nei, han er ikkje lenger atten.

Kjerringa held på å verta sprø,
ho tykkjer og det er nok snø.
Med broddar under skoa er ho sikra,
og foten er mot underlaget spikra.

Nei, no vil me snart ha varme og ljos,
snø og vinter kan dra sin kos.
Men rett skal no vera rett,
ungane kosar seg på akebrett.
23.01.2012.M-m.

 

Ja, det juleflesket…

Tatt fra Google.

 

Juleflesket.

No har kjerringa fått ein ide,
for buksa mi har vorte for trong.
Eg skal visst ti kilo ned,
og det lyt skje med ein gong.

Slutt med syltetøy på skjeva.
Ja, det er slutt med skjeva og.
Med fiber og flesk skal eg leva.
Eg er sett på eit lågkarbotog.

Det rumlar så underleg i magen.
Til og med katten rømer stova.
Det blører og kokar heile dagen,
og under dyna kan eg ikkje sova.

Men no har eg funne ei råd.
Eg veit kor julekakene er gøymt,
og godsaker er i kiosken å få,
så no er søtsuget borte og gløymt.

Eg snik meg ut i skåpa om natta,
og dagleg fyller eg bensin.
Varsamt, så eg ikkje vekkjer katta,
på kaloriekspedisjonen min.

Kvar veke må eg på vekta,
og kjerringa lurer meir og meir.
Kva skal ho seia til lågkarbosekta
når kiloa mine vert fleir og fleir?
04.01.2012.M-m.

 

 

 

 

 

Desemberkavalkade 2011…

I tillegg til kavalkaden kunne jeg ikke dy meg, men måtte ta med Nemi’s høykarbodiett.

Desember 2011.

Me ynskte ei fredeleg adventstid,
og ikkje ein bitter løvestrid.
Men brått kom krangel om olje og gass,
ministrane kjempa om spalteplass.
Ein vil auka oljepumpetrykket,
ein annan viftar med sitt grøne smykke.

Og då er det ein ting eg lurer på.
Vil regjeringa falla, eller vil ho stå?
Vil den raudgrøne semja sprekka,
Eller kan ho leva som varig svekka.
No ventar eg berre at spikersuppekokken
enno ein gong temmer løveflokken.

For løvesjefen er dagen stri.
Han kom til å gje ein fårleg garanti.
Kreftbehandling innan tre veker,
anten du er syndar eller kveker.
For å sløkkja eit politisk bål
er garantien no vorten eit mål!!

No er julefreden vår komen i fåre,
utan smør til kakene våre.
Nede i fjøset syndaren står.
Det  er den jurtunge kua vår.
Men hjelpa kom frå vår danske bror.
Han kom med smør til vårt julebord.

Jau, jula kom og politikken dovna,
men trur du at vergudane sovna?
Nei, me vart vitja av storm og orkan.
Vårherre opna sin uverskran
Mange laut tola store tap,
når eigendomar vart gjort til skrap.

Men inne i dei fleste heimar,
kjendes gode juleeimar.
Slekter møttes i festleg lag,
borte frå kvardagens tidsklemmejag.
Familiar fekk ein triveleg kveld.
Dei trassa uver, heldt jul likevel.
26.12.2011.M-m.