Shorts/bikinisesongen nærmer seg…

 

Shorts, bikini og lavkarbo.

No stundar det mot bikinisesong
og skrotten kjennes kanskje for stor.
Panikken kjem, korleis verta fjong,
og finna attende fasong frå i fjor?

Kor er det med deg, gamle gubben,
har du vore på vekta i år ?
Fortel ho at du er feit og knubben,
traurige dagar framføre deg står.

No har dei ei vøla for skrotten din.
Du finn att formene i ein fei.
Sukker er ute, flesk er in.
Start opp ein nymotens lågkarbovei.

Lågkarbo er mirakelkuren
dersom du skal ned i vekt.
Ikkje svolten og aldri sturen
Jau, lågkarbokuren, den har effekt.

Kiloa renn bort med liv og lyst,
buksa sig ned som før var for trong.
Du ser ein sumar, strand og kyst,
medan du syng din lågkarbosong.

Snart er du klar for badesesongen.
Borte er valkar og ekstra fett.
Men kva får du sjå i speglet i gongen ?
Ein skrukkut gamling, rett og slett!
18.03.2012.M-m.

 



 

For noen av oss står utfordringene i kø denne våren. Lykke til!

 

 

13 kommentarer

Siste innlegg