Desemberkavalkade 2011…

I tillegg til kavalkaden kunne jeg ikke dy meg, men måtte ta med Nemi’s høykarbodiett.

Desember 2011.

Me ynskte ei fredeleg adventstid,
og ikkje ein bitter løvestrid.
Men brått kom krangel om olje og gass,
ministrane kjempa om spalteplass.
Ein vil auka oljepumpetrykket,
ein annan viftar med sitt grøne smykke.

Og då er det ein ting eg lurer på.
Vil regjeringa falla, eller vil ho stå?
Vil den raudgrøne semja sprekka,
Eller kan ho leva som varig svekka.
No ventar eg berre at spikersuppekokken
enno ein gong temmer løveflokken.

For løvesjefen er dagen stri.
Han kom til å gje ein fårleg garanti.
Kreftbehandling innan tre veker,
anten du er syndar eller kveker.
For å sløkkja eit politisk bål
er garantien no vorten eit mål!!

No er julefreden vår komen i fåre,
utan smør til kakene våre.
Nede i fjøset syndaren står.
Det  er den jurtunge kua vår.
Men hjelpa kom frå vår danske bror.
Han kom med smør til vårt julebord.

Jau, jula kom og politikken dovna,
men trur du at vergudane sovna?
Nei, me vart vitja av storm og orkan.
Vårherre opna sin uverskran
Mange laut tola store tap,
når eigendomar vart gjort til skrap.

Men inne i dei fleste heimar,
kjendes gode juleeimar.
Slekter møttes i festleg lag,
borte frå kvardagens tidsklemmejag.
Familiar fekk ein triveleg kveld.
Dei trassa uver, heldt jul likevel.
26.12.2011.M-m.

 

6 kommentarer
    1. ernashus:Takk, det samme til deg. Her er det endelig klar himmel og rolig vind, så i dag blir det ; ut på tur – i alle fall en liten en. Ha en fin dag.

    2. fruensvilje:Ja, det er greitt å ha dokumentert ting som skjedde, da kan en alltids bla tilbake og humre litt av det i etterhånd. Ha en fin kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg