Februarbetraktninger…

Februar 2012.

Dette er månad for kjærleik og kyss,
Tre dagar lyt merkast med kryss.
Morsdagen, skotår og Valentin,
er sett av til deg og kjærasten din.
Gløymde du dagane, seier du.
Då står du ved elva utan bru.

Hugsar du orda frå vår statsminister
i blenken frå terrorens gnister.
Me fekk høyra eit openheitsmantra,
men den båten har visst kantra.
No er ropet frå vår styringsbastion;
Vent på vår granskingskommisjon.

Alle er redde for å seia for mykje,
redd for sitt skinn og for «han tykje».
Kva har resultatet vorte.
forbetringsinitiativa er borte.
Feil må rettast, då må det handlast.
Skal tryggleiken betrast, må det forandras.

Så har ein politikar greidd det att,
å voldta ei gjente ei årsmøtenatt.
Sprengkåte gubbar i laddevinsrus,
Vara dykk for slike i politiske hus.
Kåtekallar lyt ut av politikken,
til dei skyr unna trusestrikken.

Vår unge og taleføre SV-minister
Har opna på sine pengekister,
og forfordelt til venene sine.
Tomhendte att, sto alle dei hine.
Opposisjonens anklageljod,
gjev oss lukta av statsrådsblod.

Ja, så er det året med skotårsdagen,
med veks og bløming i kjærleikshagen.
Har du kjærast, er dagen å fri.
No kan du få stadfesta lukka di.
Prøvde du deg, og fekk eit nei,
Rist det av deg, sjå ei anna leid.
23.02.2012.M-m.

8 kommentarer
    1. Hadde du levd for 1000 år sidan ville du utan tvil fått deg jobb som skald. Men då kunne du neppe vore så ærleg som du er i dag. Takk for dagens analyse av februar 2012.
      Ha ein fin dag i gråveret (eg har sjekka web-kameraet på Fløyen).

    2. Kjempefint dikt med gode betraktninger over februarmånedens innhold og hendelser. Du burde tenke på å sende det til Dagbladet eller VG. Det er både snev av alvor, glede og ironi.
      Ha en fin dag!

    3. vestlandsfrue:Takk for fin kommentar. Jeg har tidligere et par ganger prøvd å få det inn i Bergens Tidende, men da de omsider svarte meg var beskjeden at de ikke tar inn rim/dikt. Da får det ligge der. Ha en fin dag.

    4. ernashus:Jeg må nesten si at det er omverden, hendinger, og ikke minst politiske krumspring som skal ha ros for at jeg blir inspirert. Ha en finfin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg