No er eg lei…!

I dag hadde eg ikkje mykje å skriva om så då fann eg ut at eg fekk prøva meg på eit lite rim. De kan trygt seia at det var snøveret som inspirerte meg.

Snø ? snø ? snø.

Snøver ute, snøver inne,
snø på bakken, snø i sinnet.
No vert eg snart sprø,
eg er lei både vinter og snø.

Det er nok for ein gamal krok,
lei av si longe «ondebrok».
Og så denne hersens glatten.
Nei, han er ikkje lenger atten.

Kjerringa held på å verta sprø,
ho tykkjer og det er nok snø.
Med broddar under skoa er ho sikra,
og foten er mot underlaget spikra.

Nei, no vil me snart ha varme og ljos,
snø og vinter kan dra sin kos.
Men rett skal no vera rett,
ungane kosar seg på akebrett.
23.01.2012.M-m.

 

13 kommentarer

Siste innlegg