No er eg drittlei!!!

Beklagar, regla om at det ikkje fins dårleg ver, berre dårlege klær heldt ikkje lengre på meg! No har stormane stort sett avløyst kvarandre frå midten av november med tromming av striregn og lynglimt med torebrak som akkopagnement.
Kall meg gjerne for ein surpomp og klagar, men no får det pinadø vera nok vatn og uver.

Eg har også prøvd å tenkja gjennom veret slik det har fortona seg der eg har vore mest dette året, og mine verminne har eg knytt til denne små poesisnutten.

Bileta er frå Google.

Medan eg sat og skulle nyta Nobelkonserten hin kvelden slepte toreversinfernoet laust att og eg kom i passeleg stemning til å gjera refleksjonen som er sett på papiret under.

Veråret 2011.

Dette året har bydd oss så mykje,
men mest av alt, uroleg ver.
Er verlaget no styrt av han Tykje,
og har han i år vore sur og sær?

Det starta med frost og snø.
Me baska lenge med kulde og is.
Ville det aldri spira på vår bø?
Skulle me ikke få kjenna vårleg bris?

Sumaren gjekk med regn og vind,
det surkla i klær og sko.
Me sakna dei ljose sumarsinn,
og sumarhabitten fekk ligga i ro.

Me ynskte oss så ein herleg haust,
med vakre fargar og måneljos.
Men stormane bles bort fast og laust,
og gav oss slett ingen førjulskos.

Me lyder til fredspriskonserten
i vår kveldsfreda stove.
kva glede gjev  underhaldningseksperten
når uværsgudane aldri vil sove.

For her flerrar lyna i eitt framfor glaset
og lufta er fylt av torebrak.
Sjølv katten skremest av uverskalaset,
og alle er glad dei er under tak.

Men gå ikkje rundt som ein grå pessimist.
Gløym dette traurige året.
Sats på at neste års godversgnist
vil vara og varma. Du sler ut håret!
12.12.2011.M-m.

 

 

 

Adventsfred…


Google arkiv.

Det er visst lett å feiltolke juleønskene, haha.
Ellers kan det vel være betimelig å lufte noen tanker rundt denne tiden hvor de fleste av oss strever så godt vi kan for å skape en fin juletid for, og med sine nærmeste.
Til tider kan en jo lure på om ikke bestrebelsene av og til overgår, for ikke å si overdøver den freden og kosen en ville oppnå. Mine tanker rundt det har jeg så prøvd å feste på papiret.

 

Førjul.

Adventstid,
mas og strid.
Alt skal bli på stell.
Året er på hell.
Hus og hjem skal skinne.
En mor som står på pinne.
Og far, han roer ned,
med godstolen som julefred.
Julegavestress,
årvisst slit og press.
Førjulsfester,
bråk og slitne gjester.
Pyntet juletre,
men fant du julefred?
Fred og ro i adventstiden,
eller offer for julestriden.
Hellig julekveld.
Julebuskapets appell.
Et hellig barndomsminne,
gav deg kanskje fred i sinnet.
Eller ble julen bare lys og fest,
uten tanke på en nyfødt gjest.
29.11.2011.M-m.

 

 

 

November 2011…


Denne er vel litt misvisende ettersom novemberdagene nå forlengst er fylt  med likt og ulikt.
Her er en ørliten flik av mine funderier denne måneden.

 

November 2011.

Eg vona november vart fri for rot-og-radl,
at ingenting øste opp ein gamal kadl.
At ministrane roleg førebudde jula.
At Marthas englar låg gøymde i skjula.
Men skulle du tru at hausten roa med.
Trudde du verkjelg på politisk fred.

Nei, fyrst vart det pengeproblem i sør,
og greske ministrar vart jaga på dør.
Verda sin brunstigste statsminister
hadde tømt alle sine pengekister.
Men, kva gjer land i økonomisk uføre.
Jau, då vert det ropt på Jonas Gahr Støre.

Barneministeren kokar løglege supper.
No vil han opna statlege pappagrupper.
Pappa i perm må,kje gå på rakadeis.
No skal han kjemmast i statleg sveis.
Skal du gjera oss til tanketomme idiotar,
eller til supersosialistiske kraftpatriotar.

No har me nesten lukta sensasjonen.
Sjukehussaka har samla opposisjonen.
Tre ferme damer og vesle arildgut,
ladde kanoner med kuler og krut.
Men , kjære Knut Arild, no må du kje sova.
Hugs at du nyleg har vorte trulova.

Ein minister har takka for seg.
Jobben hans vart ein kronglut veg.
Så vart han hoggestabbe for pressa.
Ikkje rart at mannen vart stressa.
Det er lett å retta bakar for smed,
og aldri fekk han vera i fred.

Så fekk me ei illsint kjerring på besøk;
Ei natt med Berit var slett ingen spøk.
Me laut passa på kjerring, båt og hus
medan Berit herja oss i sin rus.
Tora slo til med himlens akkordar,
med vatn og flover og nye rekordar.
30.11.2011.M-m.

Ei åtvaring i desse lavkarbotider….


Fra Google.

Denne poesien publiserte eg visst i fjor også, men den er like aktuell som jula.

Juleførebuing.

Me masar og kavar frå morgon til kveld,
og syltar, steikjer og koker,
på fårerull og sylteknoker.
Her skal julefesten vera på stell.

Så spring me rundt frå butikk til butikk.
Julegåvene skal i hus.
Så lyt me hugsa julebrus.
Til kraftig mat treng me kraftig drykk.

Så er han der den store dagen,
slekta møtest til fest.
Gløymt er jolebodskap og prest.
Her gjeld det å stappa godt i magen.

Slik heldt heile høgtida fram,
med fleire store gilde.
Alle er uvanleg snille,
og matfata tømmer me utan skam.

Men du lyt omsider opp på vekta.
Det vert ei traurig stund.
Vektauke på fleirfaldige pund.
Dette kan ikkje forteljast til slekta.

Så må du i gong med etterjulsmaset,
svelteforing og mosjon.
Spinkel middagsporsjon,
og no vert det berre vatn i glaset.

Å få ned att vekta vert eit problem,
vondt å knappa att buksa.
Med gummistrikk kan du juksa,
og så må du slutta med kake og krem.

Jula har vorte eit mas og eit kav.
Alt skal vera så bra,
men er det dette me vil ha?
Eit luksuscruise på opprørd hav.
04.01.201.M-m.

 

 

 

Gubbehaust…..

Eller er det fleire som lir av same sykja, og ynskjer seg til ein slik stad ?

Etter ein haust kor dagar har minka,
kor bjørka i stormkast til lauvet har vinka.
Kor striregnet piska mot tak og rute.
Mest uråd for folk å vera ute.

Ja, så kom han, den blaute snøen.
Brått dekkjer han både stien og bøen.
Då lyt du ut å måka og styra,
og skunda deg innatt i huset og fyra.

Nei, dette er ikkje eit liv for oss gamle.
Glattisen gjer det lett å ramle,
og bryte både fot og arm.
Sit heller inne og hald deg varm.

Men kanskje fins eit alternativ,
når kaldfrosten inn i nasa di driv.
Du finn ein sumar sør i verda.
Pakk sekken, og gje deg ut på ferda.

Vel deg ut eit varmare land,
med blenkjande hav og solfylt strand.
Nyt nokre veker med sumar og sol,
og leskande drykk i ein campingstol.

Giktplager minkar i sumarvarmen.
Du kjenner det i kroppen og barmen.
Det lysnar i tankane og i sinnet,
og lenge ber du på sumarminnet.

Då vert mitt velmeinte råd til deg.
Finn deg eit reisemål, gjev deg i veg.
Reis bort frå ditt kaldslege vinterbol.
Ein stad i verda fins sumar og sol.
29.10.2011.M-m.

Skråblikk på oktober…


Google.

I dag er det på tide å kaste blikket på lytt og løye fra oktober, mange godbiter denne måneden også.



Oktober 2011.

Ein minister skal skilja jus og politikk.
Det vert kalla politisk folkeskikk.
Å styra kva advokaten burde seia.
Det er politikk på ?ville veia?.

Kongen har opna vårt parlament.
På trontalen var me forvitne og spent.
No vert det haustdans i Løvehola.
Rikeleg tid til å krangla og skråla.

Så er statsbudsjettet lagd fram,
og pengar brukt med brask og bram.
Men akk, det vart alt for lite att,
men Jens ordna det, med litt meir skatt.

Kva skjer så med våre gamle
som lyt halde senga for ikkje å ramle.
Nye pleiarar alle dagar,
dei gamle held ut, utan tårer og klagar.

Men, som han sa det, gubben i senga.
Tretti har no vaska ræveflengja.
Men eg har i alle fall fått meg eit bad.
Då bør eg vel helst vera takksam og glad.

 

 Barneministeren har kveikt eit bål,
No har han flagga eit nyrøynt mål.
Kjære mødre, slutta å amma.
Kom dykk attende på jobb med det samma!

Me lyt også tala om veret no.
Ser du ut, kunne du ramla rett i do.
Nok ein månad med kuling og regn.
Eg trur eg vil flytta til ei anna egn.

Jau, me skal flytta for 14 dagar
bort frå haustlege klimaplager.
Ned, dit der er sumar og sol
og latmannsliv i campingstol.
17.10.2011.M-m.

Fata Morgana

At Jens omsider vart teken inn i varmen hjå Obama inspirerte til nokre enkle vers på morgonkvisten.

Fata Morgana.

Sjå kor han Jens no smiler og ler.
Endeleg gjest i det kvite huset.
Lenge uvelkomen der,
men fredprisen gjorde kanskje suset.

Bush skulda han for å lyga.
På seg sjølv kjenner ein andre.
Jens laut då rundt husa smyga
og ikkje over kvitehusdørstokken vandre.

Om han ikkje kom i Soria Moria Slott
så skapte han snart sitt eige.
Med to spreke damer gjorde han det godt,
og fekk statssjefposten til leige.

No er han endeleg inne i varmen
og driv politikk med dei store.
Sjølve Obama tok han til barmen,
og gav han endeleg plass attmed bordet.

Kjære Jens, du må nytta plassen godt
i lag med politikkens frontsoldatar.
Kjemp for rettferd i stort og smått,
og mot klodens finansakrobatar.
22.10.2011.M-m.

 

Bilhandel…

Lurer du på ny bil, ja, så er du på kjøret før du veit ordet av det. Her er ei oppskrift på korleis det kan skje.

Bilhandel.

Bilkjøp plar vera ei underleg øving.
Den startar fyrst med gransking og prøving.
Ein glattsleikt seljar i Armanidress
overtyder deg om at hans tilbod er best.

Lakken er blank og lukta er ny,
og bilen kan visast til bygd og by.
Knappar til alle slags tekniske triks.
Har du problem så, ?trykk og fiks?.

Her er lyklar til å ordna starten,
knapp til å halda rette farten.
No kan kjerringa halda stilt,
elektronikken hindrar deg å fara vilt.

Seljaren kliner på store ord,
han vil også imponera mor.
Fargar, form og enkel betjening,
farkosten styrer du godt utan trening.

Så skal doningen sjølvsagt prøvast.
Alt det nye skal også øvast.
Du ved rattet og kjerringa ved sida,
på motorvegar og krøtterstia.

Alt må prøvast, kvar knapp og pedal,
Du køyrer så kjerringa vert mest hovudgal.
Men finn snart ut at du køyrer eit vidunder,
frå null til hundre på få sekunder.

Jau, dette var då noko til vogn,
du køyrer på timen heilt opp til Sogn.
Men så var det dette med prisen då.
Er banken klar til å gje deg eit “gå”.

Du luskar deg til seljaren med “tvekan sinn”.
Skal tru kva du får for gamlebilen din.
Han er nærast verdsett som skrap,
fram til den nye, eit prismessig gap.

Du fer heimatt med gamlebilen
etter å ha turka bort kjøpesmilen,
Skal, skal ikkje, er spørsmålet no.
Ynskjet om nybil nører som glo.

Og gloa nører seg opp til ein eld.
Du tek deg ein drink og besluttar i kveld
å gå for ein verkjeleg dårleg deal.
Du sel ein fullt brukande, for ein ny dyr bil.
11.03.2009.M-m.

 

Lavkarbo – exit…

Lavkarbo er tydeligvis in for tiden, for etter mitt skråblikk på fenomenet i går registrerte jeg over en dobling av sidebesøket på bloggsiden min. Nå var der ikke mange kommentarer til mitt litt inkvisitoriske innlegg, det kan jeg leve godt med. I dag avslutter jeg funderiene mine om lavkarbofenomenet.

Fra Google.

 

Lavkarbo ? hurra!

Fylgjer du den nye moten?
I gong med din  lavkarbodiett?
Ser du søtsaker, set ned foten,
gjø deg opp med flesk og fett.

Bort med eple, banan og rosin,
skumma mjølk og magert smør.
Fløyte og fleskefeitt er no in.
Gløym alt det gode du åt før.

Gulrot og kål til fredagskosen.
Hald deg langt unna vin og øl.
Vil du sova med reint mjøl i posen,
må du halda deg unna alt slags mjøl.

Føl du kje? trenden? Er du galen?
Ja, då tek han ?tykje? deg snart.
Fylg den nye ernæringsmalen,
eller torer du å vera smart?

Jamvel Dagbla? går no amok,
smør dietten over mange sider.
Er avisa vorten altfor ?tjokk!?,
i desse hektiske lavkarbotider?

No slest dei vise så busta fyk
og me sit forvirra og lyder
på ekspertars meiningssprik.
Endrer me våre attityder ?

Er du så nokonlunde i figuren
kan du vel smaka på allslags mat.
Du treng ikkje slavisk fylgja kuren
som tek frå deg gledene på ditt fat.
05.10.2011.M-m.

 

Haustmåne


Bilde fra Google

Haustmånen.

Det mørknar og kvelden stundar på.
snart er dagsljos og fuglesong borte.
På toppane kan du siste solstrålane sjå,
men hausten gjer dagane alt meir korte.

Då ser du han brått stig bak åsen i aust,
ein gulbleik måne som mest er full.
Han blenkjer i fjorden i vindstill haust,
og teiknar ei stripe forgylt som gull.

Han lyser opp ei sovnande grend,
og smyg sitt ljos inn i stova.
I halvmyrkret der, sit dei så spent,
dei to som er nyss trulova.

Mannen i månen kikkar inn.
Dei to ansar berre kvarandre,
som sit der inne i sitt lukkespinn,
og vil resten av vegen vandre.

Men månen er blyg, stig vidare opp.
Han skapte berre litt stemning.
Vidare fer han til neste stopp,
kor nyspira kjærleik er i emning.

Kjære haustmåne, stig opp bak kvar topp.
Lys opp når sola og varmen  er borte.
Nør opp elden i hausttung kropp,
når netter vert lenger og dagane korte.
26.09.2010.M.m.