Skråblikk på oktober…


Google.

I dag er det på tide å kaste blikket på lytt og løye fra oktober, mange godbiter denne måneden også.



Oktober 2011.

Ein minister skal skilja jus og politikk.
Det vert kalla politisk folkeskikk.
Å styra kva advokaten burde seia.
Det er politikk på ?ville veia?.

Kongen har opna vårt parlament.
På trontalen var me forvitne og spent.
No vert det haustdans i Løvehola.
Rikeleg tid til å krangla og skråla.

Så er statsbudsjettet lagd fram,
og pengar brukt med brask og bram.
Men akk, det vart alt for lite att,
men Jens ordna det, med litt meir skatt.

Kva skjer så med våre gamle
som lyt halde senga for ikkje å ramle.
Nye pleiarar alle dagar,
dei gamle held ut, utan tårer og klagar.

Men, som han sa det, gubben i senga.
Tretti har no vaska ræveflengja.
Men eg har i alle fall fått meg eit bad.
Då bør eg vel helst vera takksam og glad.

 

 Barneministeren har kveikt eit bål,
No har han flagga eit nyrøynt mål.
Kjære mødre, slutta å amma.
Kom dykk attende på jobb med det samma!

Me lyt også tala om veret no.
Ser du ut, kunne du ramla rett i do.
Nok ein månad med kuling og regn.
Eg trur eg vil flytta til ei anna egn.

Jau, me skal flytta for 14 dagar
bort frå haustlege klimaplager.
Ned, dit der er sumar og sol
og latmannsliv i campingstol.
17.10.2011.M-m.

9 kommentarer
    1. SÅ tatt på kornet. Jeg blir stadig imponert.
      Jeg har sagt at 10.000 skritt er målet, men jeg skal nøye meg med et gjennomsnitt på 9000. Selv om det går så det suser akkurat nå, er det ikke alle dager som er like fine gå-ut-dager. Håper jeg greier å holde motivasjonen oppe. Det er litt av grunnen til at jeg skriver “resultatet” i bloggen. Det blir litt ekstra forpliktende når man vet at andre følger resultatet.
      Ha en fin lørdag og god tur til varmere strøk.
      -klem-

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg