November 2011…


Denne er vel litt misvisende ettersom novemberdagene nå forlengst er fylt  med likt og ulikt.
Her er en ørliten flik av mine funderier denne måneden.

 

November 2011.

Eg vona november vart fri for rot-og-radl,
at ingenting øste opp ein gamal kadl.
At ministrane roleg førebudde jula.
At Marthas englar låg gøymde i skjula.
Men skulle du tru at hausten roa med.
Trudde du verkjelg på politisk fred.

Nei, fyrst vart det pengeproblem i sør,
og greske ministrar vart jaga på dør.
Verda sin brunstigste statsminister
hadde tømt alle sine pengekister.
Men, kva gjer land i økonomisk uføre.
Jau, då vert det ropt på Jonas Gahr Støre.

Barneministeren kokar løglege supper.
No vil han opna statlege pappagrupper.
Pappa i perm må,kje gå på rakadeis.
No skal han kjemmast i statleg sveis.
Skal du gjera oss til tanketomme idiotar,
eller til supersosialistiske kraftpatriotar.

No har me nesten lukta sensasjonen.
Sjukehussaka har samla opposisjonen.
Tre ferme damer og vesle arildgut,
ladde kanoner med kuler og krut.
Men , kjære Knut Arild, no må du kje sova.
Hugs at du nyleg har vorte trulova.

Ein minister har takka for seg.
Jobben hans vart ein kronglut veg.
Så vart han hoggestabbe for pressa.
Ikkje rart at mannen vart stressa.
Det er lett å retta bakar for smed,
og aldri fekk han vera i fred.

Så fekk me ei illsint kjerring på besøk;
Ei natt med Berit var slett ingen spøk.
Me laut passa på kjerring, båt og hus
medan Berit herja oss i sin rus.
Tora slo til med himlens akkordar,
med vatn og flover og nye rekordar.
30.11.2011.M-m.

8 kommentarer
    1. Mojita:Det kommer bir for bit, men totalt 2 – 3 timer dersom jeg har dagen, og det hender… Takk for kommentaren forøvrig. Ha en hyggelig dag.

    2. Dette likte jeg! En festlig og alvorlig oppsummering…refleksjon! Ha en fin dag, her hos oss blæs og regne det..innevær!?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg