Dagens resirk…

Livssyklusen.

Du låg der i vegkanten,
tom,
bulkat,
vraka.

Men i går kveld var du konge,
opna med eit puff!
tømd i ein fei,
vraka.

Ein augneblinks nyting,
gav høg stemning,
lått og løye,
kasta,
vraka.

Einsam i veikanten,
tom for glede,
utbrukt,
vraka.

Brått attfunnen,
flattrykt,
øydelagt,
vraka.

Resirkulert,
fylt oppatt,
til nye gleder,
ein attfødd,
ølboks.
01.01.2014.M-m.


Google.

4 kommentarer
    1. TOMRA-automaten må nok melda pass for desse vraka. Det er som med oss menneske, dei fleste av oss blir stabla på beina nokre gonger, men til slutt er det ikkje botevon.
      Ha ei god natt i vest!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg