Sparekniven…?

Har du lagt på sjukehus og gått gjennom ein større operasjon har du nok opplevd at du får lite å drikke i oppvakningsfasen.
Denne opplevinga hadde gubben som eg skreiv eit lite rim om.

Google.

Sparekniven.

Ein gubbe vart lagd inn på sjukehus.
og her vart han raka for hår og lus.
Oppskåren og lappa saman tilslutt.
Dette var verre enn han hadde «trutt».

Etterpå vart han ulideleg tørst,
og gjet, kva dei då gav han til trøst.
Jau, litt vatn på ein bomullsdott,
og det tykte han vart alt for smått.

Så ville han avhjelpa keidsemda si
og då laut han til sjukesøstra fri.:
Kan eg få låna eit frimerke då,
slik at eg har noko å lesa på?
14.09.2013,M-m.

6 kommentarer
    1. Det er vel denne innstillinga me er litt stolte av; ein skal ikkje fråtse. Sjå berre på ostehøvelen, den er norsk. Men dette var før Røkke hadde vore i Amerika og lært korleis folk “over there” innrettar seg.
      Ha ei fin helg med frimerkesamlinga di; der er mykje godt lesestoff.

    2. Pedro: No har det regna snart i to døger i eitt så eg laut prøva å finna på noko innadørs tidtrøyte, så rann dette ut på PC-en. Ellers går det i jobbing med dagbladkryssordet, det får verta utfordringa denne helga.

    3. fruensvilje: Etter min husker jeg at det var en lidelse ikke å få drikke den første natta. Men så hadde jeg heller ikke et frimerke å lese på da, hehe.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg