Årskavalkade…


Google.

Årskavalkade 2013.

Januar.
Eg har mest gløymt den store saka,
kyrkja skal tapa sin vigselsretten.
Vonar me får behalda bryllupskaka,
brudgomstalen og brurebuketten.
Giftarmål vert vel til byråkrati,
slik det høver eit moderne demokrati.

Februar.
Høgre vil ha bort formueskatten.
No er det valkamp, tjo og hei!
Dei raudgrøne fresar som gamlekatten,
når rivalane kjem i hans leid.
Dei rikaste må?kje få skattelette.
Den bågule sida må skjøna dette.

Mars.
Så lyt eg vitja han Giske att
Han er travel på mobiltelefonen.
Han må visst ringja dag og natt,
for no er han oppe i kvarte millionen.
Men veneflokken er visst ganske stor,
Då er det?kje rart at rekninga gror.

April.
Vår oljeminister tøyer strikken
og tek opp arven etter bestefaren.
Medan den gamle poserte i undikken
syner ungdommen rumpa og veslekaren.
Ein skrivekåt journalist var på staden.
Og då starta den politiske balladen.

Mai.
17. Mai, vår grunnlovsdag,
då kranglar me kva for flagg me skal bera.
Men dagen skal me då feira i lag,
og sjølvsagt skal flaggborgene norske vera.
Kva er det me feirer i prosesjonen.
Jau, samling og truskap om konstitusjonen.

Juni.
No skal sjukefråværet ned,
då må det syngjast i lunchen.
Og her lyt alle vera med.
Har nokon kikka for djupt i punchen?
Har eg no vorte spikande galen,
skal songen hjelpa på arbeidsmoralen?

Juli.
Så startar endeleg valkampslaget,
skuldingar og skambod vil hagla tett.
Alle vil på det styrande laget,
skaffa seg politisk makt, rett og slett.
Valkamp er tidtrøyte for gamal gubbe,
som har overlevd mang ei politisk stubbe.

August.
Så har han Jens hengt seg opp i leiarstil.
Han krev meir enn vit for å vera bas.
Det er ikkje nok å vera fanastril,
og pynta seg med skarre-r og anna stas.
Nei, du lyt høyra til inste oslo-klanen
og ha drukke den sterkaste Møller-tranen.

September.
Stortingsvalet er endeleg over,
dei blågrå skal ta over makta.
Vil dei halda alt kva dei lover,
og vert dei samde om styringspakta?
Her lyt nok sveljast kamelar og elefantar,
me vonar at styringslysten ikkje vantar.

Oktober.
Så sto dei der blide framfor vårt slott,
ei ny regjering var født,
eit makeskifte frå raudt til blått,
dei nye ministrane smilte så søtt.
No er dei i gong med den viktige jobben,
akkompagnert av den politiske mobben.

November.
Me har hatt meistrar i båt og kajakk,
for ikkje å snakka om skeiser og ski.
No har me jamvel fått ein i sjakk
ein meister i konsentrasjon og strategi.
Tolmodige framfor sjåarskåpet,
kom sigersgleda i staden for håpet.

Desember.
Så har han endeleg landa,
guden som byen har venta lengje.
Pressa fylt med forvitskap til randa,
kom til Flesland i «store flengje».
Og der var han, vår  frelsarmann;
den nye trenaren til Brann.
01.01.2014.M-m.

10 kommentarer
    1. Dette var ei grei oppsummering av året. Det er ikkje noko i vegen korkje med korttidshukommelsen eller formuleringsevna. Godt nyttår.

    2. Der fekk korttidsminnet seg ein alvorle knekk att. Kva du hugsar, og kva du fer snikra saman. Takk skal du ha.

    3. en flott årskavalkade,du har fått med deg dei viktigaste punkta og dei var ikke få :))det blir spennende å følge utviklingen i det nye året som vi nå er inne i .Riktig godt nytt år 🙂

    4. Fetter ja: Takk. Eg må tilstå at det vart litt “klipp-og-lim” frå månadsoversiktene, men det var litt artig å bla attende og sjå kva eg hadde skrive om. Godt nyttår og ein god dag.

    5. pedro: Dette er nok meir snekring enn godt korttidsminne, men takk for kommentar anyway. Du veit at skryt kan ein aldri få nok av. Ha ein god dag.

    6. fruensvilje:Takk for fin kommentar. Det var litt spennende å bla tilbake i året som gikk. Vi skal sikkert kjøre på livets berg-og-dalbane dette året også. Ha et godt nyttår.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg