Ei lita oppfølging…

 

Den første snøen.

 

Brått så var han her att,
den aller første snøen.
Stilt og varleg han datt,
og la seg ut over bøen.
trea fekk si vinterkåpe.
Vinteren er i emning.
Vegar er sleipe som såpe,
Mang slags morgonstemning.

Har du fått på vinterdekk,
då kan du vera letta og glad.
Du startar bilen tøff og kjekk.
Eit trykk på gassen, du er avstad.
Du forserer fyrste bakken.
Dette går jo som ein leik.
Framleis inga ripe i lakken,
til du kjem til neste kneik.

Her står alt frå botnen til toppen,
dei står og stongar bil på bil.
Øvst står han som skuldast stoppen.
Han må sikkert vera stril.
Der står du og slurar og spinn
saman med andre på kross og tvers.
Sverjande, storsint og grum i sinn,
syng du ut ditt nidingsvers.

Men bannskap er til inga nytte.
Her gjeld berre ein medisin.
Kom deg ut, hjelp til med å dytte,
då rekk du omsider jobben din.
Slik har det vorte, år etter år.
Snø og glatte kjem alt for fort.
Brått du med hatten i handa står
i snø på leggen og ynskjer deg bort.

Bort frå vinterdekk og is,
sørover til varme og til sol.
Til strender og solvarm bris,
med longdrink og liggjestol.
Bort frå måking og glatte på vegen.
Her gjeld sumardekk heile året.
Kjende du deg tung og segen.
Her kan du retteleg slå ut håret.

Men sjå ut glaset, vinteren er vakker.
Snøkåpa lyser opp naturen.
Ungar på ski på eng og i bakker.
Sit ikkje inne tung og sturen.
Hugs at i sol og gloheit bris
har mange hug på litt svalande vind.
Dei drøymer kanhende om snø og is,
og ynskjer dei såg ei snødekt tind.
21.10.2010.M-m.

 

 

 

 

6 kommentarer
    1. Etter å ha lest diktet føler jeg meg nå mentalt forberedt på det som skal komme, men heldigvis har vi ikke fått Kong Vinter på besøk ennå, bare Fader Frost.
      Så får du ha en flott helg så du får samlet krefter til å motstå neste storm!

    2. Pedro: Fader Frost kan lett lage trafikk problemer. Her sleit vi med ubrøytede veier i dag. Dagens unge brøytebilførere står nok ikke opp like tidlig om lørdagen som gamle gubber som vil gjøre handlerunden tidlig ferdig..
      Jaja, dagen i dag har vært strålende, håper det samme hos dere.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg