Deja vu…

Siden jeg hadde et lite poem om hjerte i sand og i dag tar emnet opp igjen er vel denne overskriften på plass.
Her var imidlertid inspirasjonen et langt kjettinggelender i Puerto del Carmen som var fylt opp med låser av ymse slag.


Hengelåsa i Puerto del Carmen.

Skal du sikra heim og eigedom
er hengelåsen god å ha.
Greitt å ha ein avlåst bom,
då kjenner ein seg trygg og bra.

Men her om dagen fekk eg sjå
langs eit ovlangt kjettinggjerde;
hundretals låsar festa på.
Eg undrast; kva er her på ferde.

På låsane var to bokstavar,
på nokon var to namn.
Kan det vera nymotens klavar
som låser kjerleik til ei hamn?

Då trur eg at lykjelen bør kastast,
kjærleikslåsar opnar lett i våre dagar.
Låsesmedane kan ikkje lastast,
for bomsikre kjærleikslåsar ingen lagar.
10.11.2013.M-m.


7 kommentarer
    1. Morosamt dikt. Men det hadde nå vore greit med kodelås, då slapp ein å halda styr på så mange nøklar. Eg tenker då mest på gigoloane i Syden som må halda styr på mange nordiske freistarinner gjennom ein sesong. Ha ein god kveld i sørvest-kulingen.

    2. Pedro: Jaja, men gigoloane der nede nyttar seg vel av heilt annan reiskap for å opna freistarinnelåsane. Elles kom me, som vanleg, gjennom stormnatta utan varige mein. Ha ein god dag i tigerstaden.

    3. Cialis Precio Farmacia Madrid Furosemide No Prescription Achat 20mg Levitra En France [url=http://cialibuy.com]Cialis[/url] Bienfaits De Clomid Buy Celebrex With No Prescription

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg