Eg lurer—

—på om eg skal halda i gong bloggen min ei stund til, eller om dette skal verta stunda då bestikket vert lagt ned for godt. “Nok en nok” høyrer ein ofte, og kanskje er det tida å tenkja på for funderiene mine også no.
Året som er på hell har vore eit “annus horribilis” for den nære slekta, i så måte kan det – og – bør det vel berre gå oppover neste år.
Eg kjem til å fundera på ting og tang framover også. Om skrivekløa tek overhand og om tankane kjem ned på “papiret” gjenstår å sjå.
I alle høve vil eg ynskja alle mine bloggvener og kontaktar eit GODT NYTT ÅR!


Så over til nyttårsforsettene.: Lukke til!!
Eg står over…

Desember 2013. 
 
Så har korset vorte eit problem
for kringkastingssjefen vår.
Han likar ikkje at kristne emblem
framme i fjernsynsruta står.
Vår kulturarv har han såleis tilsidesett,
kasta den på båten, rett og slett.

Så har han endeleg landa,
guden som byen har venta lengje.
Pressa fylt med forvitskap til randa,
kom til Flesland i «store flengje».
Og der var han, vår  frelsarmann;
den nye trenaren til Brann.

Hjelp, no vil EU fjerna kanelen.
Hovudsmaken i vår kjære skillingsbolle.
Må me også svelja den kamelen,
eg tykkjer at dette vert for «fjolle».
De fryktar visst at levra vår tar kvelden.
Godt at me då får behalda Martellen.

Så var det julevalets kval,
vert juletreet ekte eller av plast?
Hjå oss vart det eit enkelt val,
meinte husets grantreentusiast.
Smådyr og nåledryss til trass.
Grantrelukta lyt vera på plass.

No legg eg ned mitt bestikk.
Eit mangslunge år er på hell.
Så då vil eg fylgja sed og skikk
på dette årets siste kveld.
Eg takkar bloggvener for  det gamle år,
med lukke til i det som framfor oss står.
31.12.2013.M-m.


6 kommentarer
    1. Dette vsr fantastisk flott dikt og du kan berre våge deg å leggje ned bloggen. Då skal eg få ma’en til å banka deg opp og han er sterk. Eg ønskjer deg eit godt nytt bloggår.

    2. Takk skal du ha. Eg vart litt skræmd no, for ma’en din ser ut som ein spreking. Me får sjå kva som skjer.
      I alle høve, takk for mange flotte blogginnlegg i året som renn bak oss no, og godt nytt bloggår i eventyrskogen.

    3. Emmieverlasting: Takk det samme til deg. Det kan vel hende at jeg vil slenge med videre, litt avhengig av inspirasjon. Litt vanskelig å kutte alle tråder med hyggelige bloggkontakter.

    4. Jau, Martellen skal me få behalde, jamvel på valgdagen og dag før heilagdag. Me slepp å ta med oss kufferten til Place d’Italie før 17. mai (den vart vart vel litt kryptisk). Du finn nok inspirasjon i det komande året også, og hugs: “Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad”. Gled deg, og gled oss. Ha eit godt nytt år!

    5. pedro: Du skriv så fint Pedro så eg veit mest ikkje om eg torer å gje meg. Elles hugsar eg godt turane til Place d’Italie. Det gjekk visst mykje på Hennesey og då.
      Elles er me no eit par timar ut i det nye året så eg ynskjer dykk eit godt nytt år…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg