Selv om det er første påskedag…

…så er det også den siste datoen i måneden og tid for en liten oppsummering av noen utvalgte begivenheter.
Først vil jeg benytte anledningen til å ønske alle mine kontakter og lesere en riktig god påske, selv om den nå snart synger på det siste verset.
Her på Vestlandet har vi antakelig har vi antakelig hatt den beste værpåsken i manns minne, hvor langt det måtte være.

Så over til noen av månedens begivenheter.

Mars 2013.

Så har to superkjendisar skilt lag,
Men sei meg, er det noko nytt ?
At kjendiseri og karrierejag
har endt i ein gedigen tårepytt.
Men, kva når kjærleiken tar kvelden?
Jau, då endar  etterraksteren hjå Elden.

Så feirer me alle våre skiatletar.
Dei har ført heim ære og gull.
Utlendingen får berre småbetar
medan Ola lastar gullkista full.
Me må ikkje verta for høge på pæra;
Ingen veit kor lenge båten vil bera.

Så er valkampen i emning,
og partia høgg på kvarandre.
Samferdslekrangel skaper stemning
vegstubbar vil dei no forandre.
Med uløyste vegprosjekt heilt til ripa
seier eg berre: Kom med den gule stripa

Går du heime med ungar og steller,
då lyt du lyda på din minister.
Heimen har ikkje arbeid som «teller»,
det er for livets gratisturister.
Nei, finn deg no ein sømeleg yrke,
kor stresset rår, der finn du din styrke.

Fotballtrenar treng psykolog
for å skapa eit vinnarlag;
for å jaga bort sitt tapartankeflog
så sjølvkjensla kjem for ein dag.
Krevjande å springa etter ei kule,
anten laga er blå eller gule.

Så lyt eg vitja han Giske att
Han er travel på mobiltelefonen.
Han må visst ringja dag og natt,
for no er han oppe i kvarte millionen.
Men veneflokken er visst ganske stor,
Då er det?kje rart at rekninga gror.
31.03.2013.M-m.


10 kommentarer
    1. God påske til deg også.
      Gode oppsumeringer her,når det gjelder politikken så har no jeg tatt mine valg :))hjelper ikke med lokketilbud sånn på tampen nei,det er nok heilheten gjennom åra som teller for min del :))

    2. Steikje godt skrive om det som hender
      Du får orda på rim, som du endevender
      med fokus på han som brukar mobilen
      Han er jo minister og må halda stilen
      Han slepp å betala for sin taletrong
      Staten (les me) betalar kvar einaste gong
      Korleis blir ein minister, kva må til
      for å telefonsnakke så mykje ein vil?
      Nei minister vil eg ‘kje vera, ikkje ho’n
      då vil eg før snakka mindre i telefo’n

    3. fruensvilje: Enig, men det er ganske artig å sjå alle dei rare utspela som kjem no i denne tida, t d det om opne polutsal påske – og – pinseafta etc. Ha fortsatt god påske.

    4. Oldemorbloggen: Artig tilsvar på bloggen min. Du er litt av ein ordsmed sjølv! Spanande hobby, tykkjer eg, og så gjev livet og politikken oss så mange gode emne å skriva om. Ha fortsatt god påske sjølv om verguden er litt humørsjuk i dag. Men, me kan, og skal ikkje klaga.

    5. Emmieverlasting: De samme til deg. Jo, her har vi hatt en helt uforglemmelig værpåske med kalde netter og strålende sol og lunt og fint på terrassen om dagen.

    6. Godt memorert og flott presentert; takk for månedsevyen! Du blir neppe fri for stoff for april heller, i dag leser jeg at de styrende har som mål å fjerne flest mulige senger frå sykehusa våre. Jeg sier ikke mer, jeg går ut og soler meg.

    7. Pedro: Ja, nyt sola medan du kan. Men skulle du ha ein vedstabel oppe på Sandøya kan det hende du må byggjemelda den dersom du vel å spikra eit enkelt tak på den for å halda veden tørr.
      Klart at sjukesengene må ut, for her er det den såkalla “bunnlinjen” som gjeld. Eg trur at det vert soling for meg også i dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg