Kjeipen….

Veit du ikkje kva det er ? Nei, du er sikkert ikkje åleine. I Google fann eg eit einaste bilete av det hjelpemidlet, så dette er noko som berre me gamlingane hugsar.
Eg skal ikkje halda deg i uvissa meir. Her er biletet…

Google.

Åretak.

Det knirkar i kjeipen
og skummar rundt åra.
Robåten kastar seg tungt i båra.
Men sjøulken han har full kontroll,
der han trassar både draug og troll.

Han kjenner kvar båe,
kvart skjær og kvar vik.
Han undrest, vert dagen fiskerik?
I uvær lyt leggjast bort uro og angst.
Med sjøvit skal bergast bruk og fangst.

Når armen er sterk
og kjeipen held,
sig båten til lands ein stormfull kveld.
Dei «sto han av» i den gamle tida;
med årer og kjeipe, slik laut dei strida.

Kva er ein kjeipe ?
Du veit vel ikkje «da»,
som med titals knop fresar av stad.
Medan du før laut ha armar med «saft»
er dagens framdrift, hestekraft.

Kvar vart det av kjeipen,
av tollebandet og åra,
At dei vart borte kallar visst ingen tåra.
No har dei vorte museumspryd,
eit handfast minne om ei anna tid.
30.08.2014.M.m.

5 kommentarer
    1. For nokre vanvittig flotte dikt du skriv, det syns eg verkeleg. Det var skikkeleg stemning i dette. Trur nok eg har høyrt ordet før, men har ikkje hatt så mykje med robåtar å gjere, korkje før eller no.

    2. oldemorblggen: Takk skal du ha. Eg vert jo glad når eg får slike positive tilbakemeldingar som dei du gjev. Skrivinga er noko eg tok opp etter passerte 70…

    3. Der fekk du fram lukta av tjøre og salt hav, og du avslører alderen din; meistarleg! Nei, i dagens plastalder må du nok til avanserte kryssord for å finna ord som kjeip, hamleband eller tollepinnar. På 40-talet var dette barnelærdom. Dersom du i dag set ein unge til å ro vil du nok få problem med barnevernet.

    4. Pedro: Ja, barnevernet, men undres på om ikkje mattilsynet også ville hatt eit ord med i laget. Ein kunne ikkje veta kva develskap som var blanda i austeren til dei gamle robåtane. No har vel tilsynet betre tid ettersom dei ikkje vil kontrollera og merkja kjukling som kan vera bakteriebefengt.
      Ha ei bakteriefri natteøkt…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg