Kva hende i april…

 


Google

April 2014.

No har kyrkjemøtet bestemt;
inga signing til einkjønna par.
Denne saka er svært betent,
kva tenkjer han no, den himmelske far.
Toleranse og kjærleik, fornekta og gløymt,
og urett i kyrkja sitt samvit er gøymt.

Kongehuset har feira årmålsdagar,
og det er gjort med brask og bram.
No er pressa ute og klagar.
Vil lokka vår misunning fram?
Skal me fyrst kosta på oss eit kongehus,
lyt me tola litt stas og champagnesus.

Eit tips til deg som vil tena mykje penger,
men som ikkje veit korleis det skal gå til.
Sal av vatn kan gje silkemjuke senger,
og attpåtil ein gullforgylt bil.
Ein vasspytt kan vera ei pengegruva,
dyrare enn mjølka frå bjøllekua.

Reservasjonsrett har vorte ei varm potet.
Å lyda til samvitet bør ein gjera,
men heller skal ingen moralprofet
gje abortsøkjande kvinne skuld å bera.
Som kjend er det ingen skam å snu
i farvatnet mellom lovverk og tru.

No skal det vera bunad til hunden,
det er visst på moten i år.
Kanskje ikkje så dumt i grunnen,
men ovundsjuk, katta remjande står.
No vil ho  pyntast til grunnlovsdagen,
med kappe på ryggen og band rundt magen.
30.04.2014.M-m.

2 kommentarer
    1. Eg har stor sympati med katten. Etter lang og tru teneste er han/ho nok verd eit stasplagg. Ei hermelinskåpe ville ikkje vera av vegen, men då må du ut og fanga røyskatt, så det var kanskje ikkje så godt råd likevel.
      I alle fall; takk for fint månadssamandrag, og god natt! .

    2. Pedro: Denne gongen hadde eg venta meg både hundeeigarar, presteskap og kongehus på nakken, men du kom med einaste kommentaren – eg er glad for det. Jau, me har 17-mai-sløyfe til katten, men det kan vel halda hardt å få han inn i takta til toget. Forresten er det vel så som så med takta i den paraden…Ha ein god dag på leit etter sløyfer og stas…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg