Laaang tids ferd mot jul…


Google

Lang julefred.

Kva tid var det julestresset starta,
me venta tolmodslaust i månadsvis.
Kakemennene er for lengst i farta,
og det er ingen spøk å vera julegris.

Julesnopet var i butikken i september.
Var ikkje det litt for seint ?
For jula er jo allereie i desember,
Å tapa sal ville vera altfor kleint.

I oktober ljoma fyrste julesongen
frå leikebutikken nede i gata.
Den minna oss om julekvelden den gongen,
medan nissar delte ut småsnop og prata.

No i november er det nesten krise.
Jul på andre sida av kalenderbladet.
I øyret høyrest ei kjend julevise
om at det snart er tid for julebadet.

Og gåvene då, kva gjer me med dei?
Jau, nokon kjøper, andre strikkar
utan ein desemberjulegåveståhei.
Men julafta fyk gubben rundt i gåvebutikkar.

Kjem han i mål på si planlause ferd,
vert det ei god og fredeleg jul?
Tja, om starten var tidleg, kom jula brått der,
og prinsessa sine englar dala ned i skjul.
07.11.2014.M-m.

8 kommentarer
    1. Det er sant som det er sagt, alt du skriv her. Og jo lenger mannen ventar med å kjøpe gåve til kona, jo dyrare og finare blir den, for då er det som oftast gullsmeden som gnir seg i hendene over det dyre kjøpet til den forvirra mannen. Ps. Eg trur at prinsessa er verkeleg litt synsk, det var visst ein av formødrene hennar og. Og kvifor vitsar folk om prinsessa sine englar, det er like sannlyneg/usannsynleg med Gud og Jesus, men det er ingen som ler av prest og klokkar når dei står fram kvar einaste sundag med sogene sine.

    2. Jeg må si att det er godt å bo på bygda uten en eneste butikk i nerheten :))vi slipper å se og høre jula 3 måneder før den er her,uff jeg synes det er så altfor tidlig når mye er på plass i september.
      Men jeg er også glad jeg er ferdige med julegavene,det er et stress jeg ikke liker i desember hi hi

    3. Oldemorbloggen: Ja, gullsmedane gnir seg nok i nevane når dei tel opp kassa på juafta, men konene vert vel ikkje lei seg dei heller når dei opnar pakka.
      Du har rett, prinsesse og prest er i nesten same båten, eg skal tenkja på det neste gongen eg syng englesongen…
      God helg…

    4. fruensvilje: Du er flink med julegåveproduksjonen. Denne gubben er nok jamnast litt seint ute, men han plar vera i mål i rimeleg tid. Men det er alltid vanskjeleg å finna på noko til dei som “har alt”.
      God helg.

    5. Før hadde me 4 lys i adventstaken. No ser eg i butikkane stakar med både 7 og fleire lys. Etter å ha lese diktet ditt forstår eg grunnen. Skal ein starte ventetida i september, blir det mange søndagar og mange lys å tenne fram til jul.
      Hent fram adventslysa, og ha ei fin helg!

    6. Pedro: Dei lyser allreie, men i våre dagar kallas dei teljos. Elles lyt du sjå til å koma i gong no, du er alt to månader på etterskot, og nissedrakta lyt prøvast i god tid, men du er vel i gong med å pakka ned halloweenutstyret no.
      Ja, det er mykje og mangt me gamlingane lyt oppdatera oss på. Men ein ting greier me vel å fylgja med på – julebrennevinet må tidsnok i hus. Og hugs at etter den tredje akevittflaska er det jul kvart år.
      Ha ei ribbe – og – akevittfri helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg