Gamalt tankespinn…


Google.
For eit par år sidan rabla eg ned nokre tankar rundt det å koma fram dit ein har tenkt seg. Utgangspunktet var bilen, men her kan tanken spinna vidare,,,

Hjulspinn.

Millionar av hjul
trillar på
verdas  vegar.
Kvar skal dei?

Nokre hjul
aukar stadig farten.
Kjem ut or kontroll,
endar i grøfta.

Andre hjul
kjem ut på glatten.
Tapar grepet
endar i grøfta.

Så er det dei
som brukar rå kraft.
Dei spinn,
kjem ingen veg.

Dei når måla sine
som trillar roleg,
velstyrd,
og med omtanke.
13.12.2012.M-m.

8 kommentarer
    1. Ein gong i tida var fartsgrensa på norske vegar 70 km/t, så fekk vi 80, og det var vel då eg fekk lappen. Vi hadde det ikkje så travelt den tida. Og så hugsar eg HAV-regelen (Hensynsfullt, Aktsomt og Varlig). Den er det mange som burde ha i tankane i dag. Dessutan vart vi innprenta at ein alltid skulle kunne stanse på 1/3 av oversiktleg veg. Den var ikkje dum.
      Køyr varleg, og ha ein trygg og fin kveld!

    2. Pedro: Det vert mindre køyring ettersom tida går, og eg trur at HAV-regelen er lettare å innfri for oss gamlingar, i alle fall så lenge hovudet er i vater.
      Ha ein avvatra kveld,,,

    3. Dette var eit fint dikt utan rimord. Den diktboka eg fekk i handarbeidstevlinga var dikt utan rim. Eg har meir og meir fått sansen for dette. I klubben i går ville dei at eg skulle lese frå denne boka, og eg leste med innleving, etter eit par glas raudvin. Ingen av dei skjøna dikta, dei syns at utan rimord var det ikkje dikt. Eg drista meg frampå og sa at dei ikkje hadde greie på det.

    4. Oldemorbloggen: Du har rett. Av og til er dikt utan rimord forløysande for å få fram poenga, og eg brukar slik struktur ofte i det eg skriv, men det er meir sjeldan at eg brukar det “offentleg”.
      Men eg må vedgå at å skriva med rimord ofte er meir utfordrande, for då må ein leita meir etter ord som rimar samstundes som dei får fram det ein meiner.

    5. Jeg liker dikt uten rimord jeg, og jeg likte veldig godt dette diktet her. Det blir lettere å lese uten den der “dada-dada-dada-da”, stakattoen (?) som ofte kommer når man leser dikt der det rimer. Blir liksom en finere flyt i diktet.

    6. A: Helt enig, og uten rimord er det lettere å få fram poengene. Ellers må jeg medgi at bruk av rimord er mer utfordrende for da må man, i tillegg til å gi diktet mening, også finne rimordene som helst fremhever meningen.
      Ha en fin week-end og takk for de fyldige kommentarene…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg