Så var det på’an igjen…

 


Google

Gamlegubbens frukostblanding.

Ein ny dag på gong.
Grålysing og fuglesong.
Gubben dreg seg ut or seng.
Gløttar ut på regnvåt eng.
Av med skjegg og på med bukse,
så må han buksesmekken hugse.
Kaffien står klar på kanna.
Kjøkkenet er alt bemanna.
Avisa ventar i stativet.
Nyhende frå kvardagslivet.
Må ha litt frukostmat,
to turre sjever på eit fat.
Sjølvsagt utan ost og smør.
Nei, dagen starta annleis før.
Så lyt han hugsa pilleboksen,
den har vorte heller voksen.
Der er vøle for det meste,
sjølvsagt til hans eige beste.
Det glir ned med eit glas juice,
vatn, eller sukkerfri brus.
Ja, og so vitamin A,B,C og D,
passar mor på at han får med.
Dette skal gje futt og fart,
og ein våryr gubbestart.
Endeleg kan han opna si avis,
sjekka om det vert kuling eller bris.
Har kjende forlate jammerdalen,
eller rir dei enno trygt i salen?
Kor er krig, og kor er fred,
han lyt ha kontroll på det.
Etter ein time, leselei og klar for dagen.
På tide å koma seg ut i hagen.
11.03.2014.M-m.

7 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Ja, sei det ? Eg sakna faktisk din kommentar. Kanskje du har gløymt å trykkja på ein eller annan knapp, det har i alle høve hendt meg…

    2. I allefall skreiv eg et du traff spikaren på hovudet med dine betraktningar på rim. Eg kjende meg igjen på fleire punkt, f.ekspl avislesinga og kven som er faren til dei evige jaktmarker. Det med buksesmekken er typisk, det byrjar alt i 60 års alderen. Ein knappar knappen og gløymer å dra glidelåsen opp, heilt til nokon velmeinande gjer ein merksam på fadesen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg