Digitale snubletrådar…

Etter at me fekk mobiltelefonen kan ein dagleg oppleve folk på gata eller vegen som tilsynelatande går og pratar med seg sjølv. Det kan jamvel ha vore slik at du har lurt på om nokon snakka til deg.
Det kan absolutt ha sine humørfylte sider. Sjå berre her…

Google

Digital forvirring.

På rusletur langsetter vegen,
ein gamal og krokut kall.
Etter gransking hjå fastlegen,
attende til sin heimlege stall.
Då høyrde han brått nokon bak,
det var ei ung og spenstig dame.
Kva høyrde han, gjekk ho rett på sak?
Blodtrykkjet steig med det same.
Høyrde.: «Eg hentar deg klokka seks,
for no er eg så klar for ein fest».
«Seier du det?» svara han perpleks.
Brått ungfolekåt, klar for Wild-West.
Så vende han rundt i situasjonen
Kva kom for dagen då?
Jau, jenta prata i mobiltelefonen,
og festkvelden svann fort i det blå.
Nei, gamle gubbar i den digitale verda
lyt sjå seg nøye bakover herda.
Nokre tilbod er for gode til å vera sanne.
Gå heller heim og nyt fruas pytt-i panne!
03.03.2014.M-m.


Google

Ha ein spanande dag i den mobile verda…

8 kommentarer
    1. Ha, ha og atter ha ha. Den var verkeleg treffende og slikt som kan henda. Ofte ser ein folk som snakkar med seg sjøl, men så viser det seg at dei har ein ledning til øyra. Det er slik at folk i min og din alder kanskje kan gå og mumle litt for seg sjøl. Viss eg blir klar over at eg gjer det, har eg trøysta meg med at folk trur sikkert eg snakkar i mobiltelefonen

    2. Oldemorbloggen: Ja, der ser du…Våre gamalmannsmumling let seg kamuflera i den nye digitale verda – den har eg ikkje tenkt på før.
      Det ser ut til å verta ein fin dag på våre kantar. Nyt dagen…

    3. Ha ha ha ha den der er nesten kjent 😉 Jeg hadde et (uhell) med musikkens kattejammer. Jeg er litt i den digitale verden selv for tiden. Lar meg lett rive med når jeg har musikk på ørene. Ha en knakenes god dag videre 🙂 klemz

    4. Kanskje det var best det vart med ein liten draum. Ein fest med ei ungmøy i vår alder kunne nok blitt hard kost for blodpumpa.

    5. pedro: Du har rett Pedro, me får ta på oss øyreproppar, eller ha mykje nitroglyserin i lomma. Ellers kan det fort verta naudsynt med fleire stentar.
      Ha ein fin dag i tigerstaden…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg