News in shorts…Juli 2015…


Google.

Gubben som trudde at juli månad skulle verta ein feriemånad mest fri for saker å skriva om tok nok litt feil, for her starta haustens valkamp litt på forskot med litt småfekting og botsgong til Sarons dal. Kyrkja si haldning til homofile fekk og ei avslørande eksponering, og ikkje minst SP sin mangel på jordberplukkarar som gav seg utslag i å villa leggja ned au-pair-ordninga. Dei treng vel au-pairane i jordberåkeren. 
Ja, og så svenskane då, som leitar etter U-båtar i tid og utid. Denne gongen fann dei endeleg ein. Ikkje rart, for han var gul!

Juli 2015.

No er det sumar og ferietid
med jordbær, fløyte og agurk.
Lite av politisk kappestrid,
fyll opp seidelen og ta ein slurk.
Men valhausten kjem, ver du trygg.
Då vil han stikka, den politiske mygg.

Tåkefyrste er visst Jonas sin tittel,
mykje prat innpakka i ull.
Me ventar no på neste kapittel,
Me vil sjå resultater, ikkje tull.
Vent til august, då skal du sjå.
Då vil den poltitiske tungvektskampen stå.

Så nokre ord om det greske folk,
som slit med økonomi og levebrød.
EU har lyfta sin økonomiske dolk
og trugar med pengeløyse og nød.
Etter tiår med elendig leiarskap,
sit folket att og lir store tap.

Kva skal me seia om sumaren her vest.
Den har snudd ryggen til oss i år.
Livet vart ikkje ein grilloljefest
med soling, bading og utslege hår.
Godt me høyrer til den heldige lyden
som kan nyta haustsol og varme i Syden.

Sumaren er tida for festivalar,
her finn du salmesong, pols og rock.
Tid for song, musikk og talar
som samlar mang ein festglad flokk.
Og kort er visst vegen frå stortingets sal
til hallelujaropa i Sarons dal.

Kyrkje og homofili er visst ingen spøk.
Der kranglar dei om den heilage skrifta.
Verre enn å løysa ein broten brøk
er den mangslungne mennskedrifta.
Kyrkjeleg vigsel går slett ikkje an,
for kvinne med kvinne, og mann med mann.

Det var ei lesbisk prestekvinne
som frimodig gjekk til politiet
då ho fekk eit slag på kinnet.
Då kom gufset frå det mørke sakristiet;
«Du skal venda det andre kinnet til,
og ta kjeftesmellen med eit smil».

Au-pair-ordninga kan ikkje SP like,
utnytting av fattige og svake
og billeg arbeidskraft for dei rike.
Då lurer eg på i mi nattevake.:
Treng dei den billege arbeidskrafta sjølv
til å hausta jordbærbondens sølv?

At skilnaden er stor mellom liv og lære
det fekk Frp smerteleg sjå,
då dei skulle nyta regjeringstilværet,
og slaget om lovnader skulle stå.
Avgifter og bompengar skulle bort,
men no aukar bombyggjing styggeleg fort.

Enno ein ubåt har svenskane funne.
Er det ein russar som ligg «i skjul»?
Ligg han og lurer der på ein grunne,
med kurylliske teikn og farga gul?
No ler «nordbaggarna» så dei grin
og syng om «The yellow submarine».
31.07.2015.M-m.

6 kommentarer
    1. Her var det litt av hvert av nyheter..noe har jeg fått med meg ,og noe fikk jeg greie på her nå..hadde ikke fått med meg saken Au-pair ordninga…feks…
      Heldig du da som får litt sommer og sol i løpet av høsten 🙂 Har ikke vært noen topp sommer her, men har fått et par badeturer da …:)) God helg videre :))

    2. annebe: Nei badingen må jeg ta under en sydligere himmel, her er vannet for kaldt for en gammel vasspyse.
      Nå gjenstår bare å håpe en litt bedre ettersommer, vi har vel fortjent det etterhvert..
      God helg…

    3. skal si juli hadde mange nyheter,greit å få en oppsumering for nyheter har vi ikke hatt på bobilturen vår :)) spørs om dei blå får sitte mange år ved roret,ting blir jo ikke bedre ser det ut for

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg