Nostalgidagen…

Her er det berre å erkjenna. Gubben har falle attende til gamletida. Ikkje det at ho var så spanande, ho var det også for oss, men ho var svært annleis. I stormen og uværet no om vinteren kan det vel vera nokon som ynskjer seg litt is på vatna eller snø i kjelkebakken….
Forresten, i dag er det vel berre å hiva seg på eit fly til ein vinterresort i Sør-europa og nyta livet med snøbrett og “Glühwein”. God tur…


Google

Kor vart det av?

Kor vart snøkavene av
og sure vadlesletto i lufta
og store snøfodna
som låg attom løetufta?

Kor er gamlekrøbbo ?
Er kjelken også borte ?
Er alt som er att av vinteren
at dagane framleis vert korte?

Kor er skeisene,
dei med krøllen i snuten?
I kjellaren rustar dei no.
Ventar på isen og guten.

Kor er skiene,
laga av tunnestavar.
Du set utføre, men
ligg fort i bakken og kavar.

Kor vart det av isen,
kor vart det av snøen,
..og dei store isflaka
me sigla på sjøen?

Kor vart det av treskona
og våre karslege kloggar.
No sit me i designarsko
framfor PC-en og bloggar.

Kor er alle me møtte der ute,
kor er livet me opplevde før?
Dei fleste sit vel å kikkar på verda
framfor skjermen, bak si eiga dør.
21.12.2014.M-m.

10 kommentarer
    1. Ser at nostalgien tar deg, ja.
      Skøytene ligger vel i kjelleren på Alvheim.
      Og isen har vel smeltet. Ihvertfall her øst.
      Og regnet pøser fortsatt ned der vest?

    2. Oldemorbloggen: Eg skal ikkje ta bort alle illusjonar, men på skofronten strekkjer eg meg til Ekko..Ellers var eg ikkje sikker på om eg skulle publisera desse barndomsminnene, men no er eg så gamal at eg seier til meg sjølv, “skit la gå”, og så trykkjer eg Enter.

    3. Når du syner krumskeisene, då vert eg nostalgisk. Hugsar vinteren 1948 då Cornel Pajor var det store namnet. Hovudvegen var skeisebane.Toppen på lukke var å ha eit par krumskeiser; då var du Pajor.
      Spar på kreftene og gjer klar til julefest!

    4. Pedro: Ja, skeisene heng på plass i kjellaren enno, men akevitten er på plass! Pajor hugsar eg godt, men me kalla krumskeisende for snabelskeiser.
      Finn fram klappskeisene og gjer deg klar for frosten i romjula…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg