Sveisen sveis…

Oldemorbloggen fekk meg i går til å fundera på kva me gubbane finn på for å pynta på hårstasen vår når alder og år har herja med han…og her er noko av det eg kom fram til.:

Google

 Aldrande gubbesveis.

Der har me gubbar det enkelt og lett,
toppen røyter litt, rett og slett.
Fyrst veks fram ein ørliten måne,
observert av ei årvaken kone.

Moten hjelper den hårlause gubben,
han kan gå inn i snauskalleklubben.
Han kan barbera heile toppen
og gå hårlaus på toppen av kroppen.

Om håret grånar eller fell av,
let han det ikkje verta sut eller kav.
Finn fram høvelen og set i gong,
og brått er han moderne og fjong.


Google

Så fins den morosame varianten,
håret får vekse frå issekanten.
Hentesveisen skal dekkja skallen,
men hauststormen øydelegg frisyren til kallen.


Google

Toupè er ein populær variant,
som dekkjer naken issekant.
Ei naudhavn for førtiårspanikken
og han torer gå huvelaus til butikken.


Google

«Såtene» våre kan ha mange variantar,
frå blankskallar til buskute øyrekantar.
Blondt eller raudt, svart eller grått.
Me får slita med hårpynten me har fått.
25.10.2015.M-m.

12 kommentarer
    1. …hehe..greit å ha litt humor på det :)) Likte forresten den øverste naturlige sveisen best …men den nederste hadde kanskje vært kul på party….:))

    2. annebe: Den øverste sverger gubben til også. Han er ikke så opptatt av de endringene som kommer oppå toppen ettersom årene går. Viktigere å holde styr på det som foregår inni toppen – i alle fall så godt det lar seg gjøre…

    3. Oldemorbloggen: Du veit, som gamal gubbe har eg fått med meg mange nåudløysingar på hårlege adersteikn for den maskuline delen av befolkninga. Som du skriv, snauskallemoten er ei gåve for mange. Sjølv sver eg til det fyrste biletet i innlegget mitt. Det er det billegaste og mest praktiske, og i dag såg eg i ei eller anna avis at det var det mest mandige også. Så då held eg på den naturlege manken – eller det som er att av den!

    4. fruensvilje: Moter skal man ikke kimse av, men av og til kan det gi seg snodige utslag, spesielt når hentesveisen blir tatt av vinden.
      Ha en fin kveld…

    5. At det er mindre jobb med ein munkesveis enn ein Elvismanke, det har frisøren i Skagen innsett. Du som brukar å reisa dit nyttar vel deg av 150-kroners tilbodet. Ja, båtturen blir bortimot gratis på denne måten. Ha ei god natt med utslått hår!

    6. karidansen: Takk…Du vet man gjør seg tanker om litt tynnhårede menns hårløsninger…Alle er vel gjort i beste mening, men noen ganger må en snu seg og skjule latteren…Denne gubben har en uspennende sveis som på øverste bildet…

    7. Pedro: Eg var hjå frisøren i dag, og her var nok ikkje tilbodet på kr 150,-,men eg likar med hjå denne saksedama, så då får det heller kosta nokre kroner.
      I dag var bodskapen min.: Bort med alt hår som kan minna om hemtesveis. No slepp havtrekken heilt inn på hårrota….
      Ha ei hårfager natt…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg