Variasjon er viktig…


Google

Matlei.

Eg er lei.
Lei av kjøttkaker.
Lei av brunsvidd margarin,
og så den
helsikens lauklukta.
Eg er matlei.

Eg treng variasjon.
Treng litt bacon,
ikkje den vassfylte.
Nei, no gjeld
ekte varer,
utan vatn.
Med eit speilegg
på toppen.

Eg treng variasjon,
ein saftig biff,
svidd i gloheit
olje!
Klar til
kvitlauksmøret
og raudvinen.

Eg treng variasjon.
Ein god seibiff.
Då fer eg varsamt fram,
brunar han varleg,
på sidene.
No kan eg tola
litt lauk.
Nam-nam.

Eg treng variasjon
å visa kva eg kan,
treng å verta brukt,
treng varme og omtanke,
og litt smørjing.
Sjølv om eg berre er,
ei vanleg steikjepanne.
23.03.2013.M-m.

6 kommentarer
    1. Stakkars mann, tenkte eg. Her må ein strena fram med støttande ord, som kan få livslysta tilbake til den stakkars leie mannen. Heilt til eg såg dei var steikepanna som var lei og då tenkte eg at søren om eg bryr meg om at steikepanna er lei. Så her blir det inga trøyst å få. Eg har hatt steikt sild til middag i dag, den var god, men alle beina sit seg på kryss og tvers i halsen, det er plaga med steikt sild.

    2. Oldemorbloggen: Stakkars steikepanna di som laut fordøya den steikte silda…jaja berre du og ma’en likte den så får det vel gå an.
      Her er også steik sild ein favoritt. Ein gong frua og eg var i Nord-tyskland og i Danmark vart det steikt sild i tre dagar, det har eg fått høyra nokon gonger etterpå…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg