Fallosen som ramla…

Trollpikken.

Her vest fins mange attraksjonar
for ein opplevingssjuk turist.
Trolltunga har ført til bergingsaksjonar,
men dei fleste kom uskadde ned til sist.

Så er Preikestolen populær,
tusentals vil opp på dette «fluget».
Er du fjellgeit bør du ha vore der,
og kikka ned og kjenna magasuget.

Kjerag ligg der om du er tøff og trygg,
og vil utfordra helse og liv.
Hoppa utføre med skjerm på rygg,
adrenalinstinn du utføre deg hiv.

Som ikke alt dette var nok
laut vestlendingen ty til erotikken.
Dei venta at forvitne skulle koma i flokk
for åvundsjuk å beundra Trollpikken.

Men han fekk ikkje lenge stå i fred.
I går var han borte, den fyrrige stav.
Trollpikken hadde ramla ned,
vart dette hans endelege grav?

Nei, Trollpikken skal visst oppatt å stå,
det er innsamling til reisning att.
Viagrakuren duger slett ikkje nå.
Her lyt ein med tyngre verktøy ta fatt.

Skal ein så få opp ein turiststraum
når fallosen atter er på plass.
Eller vert det berre ein våt draum
som vart sabotert i dass.

Triste greier…
 

2 kommentarer
    1. Ha, ha, den var god. Eg la merke til at Ingerid i nyhenderedaksjonen ikkje tok ordet pikken i sin munn, men nemde det som fjellformasjonen. I motsetnad til reportaren frå staden, han kalla det med sitt rette namn.

    2. Oldemorbloggen: Eg registrerte også at navnet ikkje kom på trykk med det same. Ei pussig sak eigentleg, men me er i nærleiken av det mørke fastlandet og der skal mannfolka helst gå med to undikkar – ei den rette vegen og ei bak fram. Kanskje det vart for sterkt at folk skulle få sjå slike uhyrligheiter.
      Huff ja, Trollpikken kjem vel oppatt skal du sjå.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg