Asbjørn Kristoffersen i gårsdagens Bergens Tidende inspirerte meg til å skrive ned noen funderinger om Amors apper..
Google
App-legøyer.
No kan ein skaffa seg alt på nett,
mykje kan han lyste når lauvet sprett.
Appane ligg der i tusental,
trykk på tastaturet og gjer ditt val.
Giktverken sovna og våryrsken vakna,
fram dukkar mangt han lenge har sakna.
og medan minna i skrotten nappar
rasar han rundt i Amors appar.
Snart står han framfor spegelen sin
den fangar snautt heile skrotten inn.
Hengjemage og hårlaus skalle.
Kan verkjeleg nokon for dette falle?
Han legg inn biletet på nettet,
kler seg romsleg og løyner fettet.
Så er det berre å venta på svar,
tykkjer sjølv han er ein grepa kar.
Så sit det ei og blar der ute,
kandidatane passerer hennar PC-rute.
Ho søkjer ein sprek og fyrrig kar,
Lysta aukar med meir ho blar.
Gløymt er bilring og det som sleng
no skal ho finna nett det ho treng.
Gamleoksen skal bytast ut,
no skal det verta ein lettføtt stut.
Men kvar enda Appegaloppen,
Kva vart den ultimate stoppen?
Jau hengjemage og den hårlause skallen
vart alternativet for tausa og kallen.
03.03.2017.M-m.
HAHAHAHAHAHAHA!!!!!!! Nå gliste je gøtt her, gitt!!! Veldig aktuelt tema for meg,da! 😉
karidansen: Ja, jeg skjønner det. Hold deg unna hengemagene, og lykke til…
Eg har nett fått meg ny mobil, men eg har enno ikkje fått lasta ned nokon App. Det skal det bli ordning på i denne dag, og så skal eg skaffa meg ein større spegel.
Dagen i dag vart ein god dag; fyrst gull i Lahti, og så dette eminente kvadet. Takk!
Ha, ha, du går Jacob Sande ein høg gong.
Pedro: Takk. Det laut bli eit lite rim etter tankane i BT i går. Ang spegel så får du gjera som meg -skaffa deg ein få golv til tak. Gullet i Lahti vermde godt i dag.
Ha ein sømeleg gullfest i kveld…
Anonym: Av og til kan det vera inspirerande å lesa BT, og Kristoffersen er ein av favorittane meg gullkorna sine kvar torsdag. Elles var samanlikninga di smigrande.
Ha ei god helg…
Såg eg kom opp med anonym. det kan forklara at eg ikkje har fått respons på kommentarar eg har skrive i det siste. Såg no at det var komen ein bokstav framføre http://, det var grunnen.
Oldemorbloggen: Eg la merke til det, men bloggnavnet ditt sto på venstresida av meldinga så eg skjøna kvar kommentaren kom frå.
Nå ja, slik er dte vel litt.
Siv Svanem: Det ble kanskje litt karrikert, men for noen er det kanskje slik også…