Får du ikkje sova…?


Google.

Svart natt.

 

Natta er mørk,

du vaknar brått,

med mørke tankar.

Vrir deg uroleg,

utan svevn.

Sler på radioen,

svakt.

Mjuke tonar og småprat,

viskar bort tankemørkret,

og hentar fram att natteroa.

 

06.10.2009. M-m.

Novembersammendrag…


Google

November 2014.

I millitære laut ein kvinneleg rekrutt
bada naken framfor heile troppen.
Ho protesterte høgt og resolutt,
men laut stille ut kvinnekroppen.
Så no er stripping i forsvaret legalisert.
Det har klagenemnda deira presisert.

Men slik vil me slett ikkje ha det,
uakseptable ordrar skal ingen gi.
Alle skal få behalda fikenbladet
og, få verna intimsona si.
Her må forsvaret justera kursen,
elles vil dei tapa kvinneressursen.

Så over til eit anna macholand,
eit politikorps fullt av testosteron,
der det løner seg å vera mann
om du søkjer ein leiarposisjon.
Ein ny versjon av gutteklubben grei?
No lyt kvinnene vakna, og visa vei.

I løvehola er det visst travle tider,
der vedtek dei «gamle» lover.
Men, dei oppdaga då omsider
korleis det går når kontrollen sover.
Dei vedtok ein gamal grunnlovsversjon
i årets heftige vårseksjon.

Ein lekjar reiste til Gazastripa
og hjelpte eit bomba og utskote folk.
Lidingane han synte oss var å begripa.
Han beskreiv det han såg, trong ingen tolk.
No er Mads Gilbert «persona non grata»
av dei israelske krigskommissariata.

Dei har krangla, dag, kveld og natt,
for å einast om årets statsbudsjett.
Eit problem vart formueskatt
her var ikkje budsjettkameratane på nett.
I tolvte time vart dei samd om eit tema,
ei plastposeavgift løyste problema.

Men ingen tok skulda for plastposeskatten,
at den vart litt flau kan eg godt forstå.
Og Støre lyt løyna at han mel som katten,
for skatteletten han fekk hjå dei blå.
Han torer slett ikkje syna glede
for at Erna ville formueskatten frede.

Til sist vil eg nemne fotballaget Brann
frå den vakraste byen her vest.
Dei var så god at «det går kje?an»,
men gårsdagens kamp vart ikkje ein fest.
Laget rykte ned til eit lågare nivå,
så no spørs det kven som «må gå».
30.11.2014.M-m.