Så er det snart kvelden…

Så har roa sege inn over huset og julesongar strøymer roleg ut i rommet frå radioen. Forresten er det underleg kor mange vers som har gått i gløymeboka.
Jaja, det får so vera. Det vert vel ikkje så mykje juletregonge heller, no som born og borneborn er vaksne.

Eg skal ikkje filosofera meir om julefred, juletregonge eller andre juletradisjonar. Me har nok alle nokre vi heldt fast ved til trass for dei omskiftande tidene.
Ein tradisjon er å ynskja kvarandre god jul, og den tradisjonen held eg på.

Difor vil eg ynskja alle mine facebok – og – bloggvener og andre som måtte vera innom dagens bloggtekst
ei god og fredfylt julehelg! 

 

4 kommentarer
    1. Kor mykje kostar det å sende eit julekort undrar kona. Ein gong var det billegare å senda: God Jul og Godt Nyttår (5 ord). No renn det inn side opp og side ned om årets suksessbedrifter; turar i aust og vest, fjellklatring, dykkeropplevingar, 50 mil på sykkel, osb. Ein kan få mindreverdskompleks av mindre. Då var det greiare med God Jul og Godt Nyttår!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg