Gubbens årskavalkade 2014…


Google

Alle “seriøse” skribentar som kommenterer ymse tema som dukkar opp over året lagar gjerne eit samandrag over enkelthendingar og publiserer dette i romjula.
Slik også med funderiene mine, og her kjem ei lett blanding av hendingar, månad for månad… 

Gubben sin årskavalkade 2014?

Januar.
I år skal me feira grunnlova vår,
og då skal det verta festivitas.
Mykje gjevt folk på gjestelista står,
statsmenn og kongehus skal vera på plass.
Men svenskekongen ville halda seg borte.
Var han i beit for nystroken skjorte?

Nei, kungen hadde vel andre planer,
han er ein annsam gamal mann.
Rundt på nattklubb med fyrige damer,
og Sylvia sit heime og ventar på han.
Så no har ho antakeleg gått til streik.
Lei av gubben sin nattklubbleik?

Februar.
Så les me om årets sluttpakkefest;
ein toppsjef laut reise med hatten og frakken.
Over 30 millioner frå Sparebanken Vest
gav han råd til den dyraste konjakken.
Medan me sat og kjende grådigheitsstanken
glisa den avsette heile vegen frå banken.

Mars.
No er me i gong med eit bankspleiselag.
DNB treng meir pengar i kassa.
til å finansiera sjefen sitt pengejag;
det gjeld å få fylt madrassa.
I år fekk Bjerke ein halv million,
som takk for sin lukrative renteaksjon.

April.
No har kyrkjemøtet bestemt;
inga signing til einkjønna par.
Denne saka er svært betent,
kva tenkjer han no, den himmelske far.
Toleranse og kjærleik, fornekta og gløymt,
og urett i kyrkja sitt samvit er gøymt.

Mai.
Revidert statsbudsjett,
ein vårviss politisk prosess.
Vinkvoten vart tilgodesett,
i staden for røyk, eit velgaress?
Så får me billegare påhengsmotor,
så no vert vel farten på sjøen stor.

Juni.
Spanskekongen har sagt frå seg makta.
For mykje friller, vin og song,
og så den afrikanske elefantjakta
fekk han ned frå den kongelege balkong.
Kongen og folket lyt leva i pakt.
Utan tillit misser kongen si makt.

Juli.
Ei verd i konflikt i ferietider
og tallause liv går dagleg tapt.
I mange land dei maktgalne strider,
og i Gaza smell bombene kjapt.
Ei konflikt har meir enn ei side,
men her får uskuldige palestinarar lide.

August.
Så har skulen starta att,
utan lærarar denne gongen.
Elevar som ville ta skuleåret fatt,
står ute og høyrer streikesongen,
om tillitsbrot og arbeidstid.
Få slutt på striden, gjer dykk litt flid!

September.
Han Støre tenkjer ofte nytt,
no har kontantstøtta vorte så bra.
Men, AP-kvinnene kjende seg snytt,
kontantstøtte vil dei slett ikkje ha.
Nei, han Jonas lyt læra å spela på lag.
Partifornying er?kje gjort på ein dag.

Oktober.
Så er OL-diskusjonen terminert.
Folket sa nei til pampefesten.
Pengebruken kjendes malplassert,
IOC besto slett ikkje syretesten.
Eit parti torde ikke ta del i diskusjonen.
«Patetisk», karakteriserte dei konklusjonen.

November.
I millitære laut ein kvinneleg rekrutt
bada naken framfor heile troppen.
Ho protesterte høgt og resolutt,
men laut stille ut kvinnekroppen.
Så no er stripping i forsvaret legalisert.
Det har klagenemnda deira presisert.

Desember.
Tid for gubbens velikehaldsrutine.
Fyrst ein grundig hjartetest.
Så laut han ordna tennene sine
før den tilstundande julefest.
Ei tann laut erstattast med implantat,
delvis støtta av den norske stat.
31.12.2014.M-m.


 

10 kommentarer
    1. Broren i øst: Det er jeg ikke sikker på om jeg gjorde – i alle fall etter slik det har forløpt hittil.
      Ha en fin dag uten for mye tang og tare i propelleren…

    2. Siv Svanem: Takk for godorda. Eg sende ei tilbakemelding i sta, men den kom ikkje ut på nettet. Ettersom det er regn, tåke og slaps er ros og litt bjørkeved på peisen med på å lysa opp.
      Ha ein fin dag…

    3. Ja, ja, verda går framover på eit vis. Ho har vel ikkje andre stader å gå? Men er alt til det beste for oss? I horisonten ser me alt ting som vil gje deg inspirasjon til ny dikting. Du skal i alle fall ha takk for dine treffsikre vers. Eg ser fram til nye månads-dikt og års-samandrag.
      Med forventningar ser eg fram til 2015, og takkar for dine innspel i 2014. Godt nytt år!

    4. Pedro: Jau, inspirasjon til å fortsetja vil sikkert ikke verta mangelvare neste år – så får eg vona at helsa er med meg ei stund til, sjølv om det bikkar litt av og til..
      Forresten kjem det antakeleg nokre “poetiske” funderingar over desemberhendingane ein av dei fyrste dagane.
      Så står det berre att å ynskja deg og dine eit godt nytt år.

    5. Jøss, det må eg berre seia. Din årskavalkade var mykje meir interessant enn den dei sender på tv. Du er jammen god på verseform. 🙂 Ha ein lyrisk kveld.

    6. Anonym: Kven du enn måtte vera – det er smigrande med ros, takk for det.Eg reknar med at champagnelyrikken vil bløma over heile landet i kveld så eg får venta med å finna fram att pennen til i morgon.
      Ha ei fin nyttårsafta og eit godt år…

    7. fruensvilje: Jada, vi vil sikkert oppleve flotte ting kommende år, slik det også var i år, og så vil vi få opplevelser som trekker opp smilebåndet, og som jeg kanskje kan sette mine ord på.
      Ha en fin nyttårsaften…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg