I dag var han her…

…for fyrste gong i år,,,Gjøken…På tur ut etter avisa høyrde eg han borte i skogbrynet. No kan småfuglane skjelva i fjøra, for snart kjem han vel og verp i reiret deira, og då er surrogatiet i full gong. Visste de forresten at gauken har kome på den raude fuglelista, lista over truga fuglearter. Det er bl a klimaendringar og med det færre surrogatfuglar (rugefuglar) som utfordrar gjøken… Me lyt vel snart til med gaukane som med dei utryddingstruga humlene, byggja eigne reir for dei…
Jaja, visste de forresten at det er hangauken som gjel. Det står slik på nettet. I menneskeverda gjel både hannar og hoer, så der har visst me menneskje kome lenger, eller?

Google viser her eit eksemplar av sorten…Om det er ein galar eller ikkje, det veit eg ikkje. Kanskje nokon kan hjelpa meg…

Eit anna sikkert vårteikn er påske og pinseliljene i hagen…Dei er no i full bløming her ute i Øygarden…

Ja, så er båten klar for sjøsetjing. Det me no ventar på er ørlite meir vårver, litt høgare temperatur og nokre færre regnbyger…Verprofetane lover at det skal ordna seg til helga så då er det berre å smørja seg med mykje tolmod og litt solkrem og venta…
God langhgelg!

Aprilsamandrag.

April er som kjend vårmånaden med stor V…og mange av oss er oppteken av det som kjem opp av jorda denne månaden. Men trur de at politikarar og autoritetar får leva liva sine i fred denne månaden. Nei, han Raymond Johansen cruisar rundt i Oslo med ein av dei feitaste Audiane i landet, medan MDGarane i byregjeringa hans slit rundt på syklar og i den gamle SUV-en hans Rasmus Hansson. Jaja, kommunen betalar vel bompengane for han.
Ellers lyt du skunda deg om du har eit par kroner på bok og vil løyna dei i eit eller anna skatteparadis, for no trugar han Rune (Bjerke) med å låsa døra til slik forkasteleg verksemd. Forresten har han visst så dårleg oversyn over verksemda si at du greier sikkert å lura pengane dine ut gjennom ein eller annan luguber filial – her kan Luxembourg vera eit tips.

April 2016.

No som Oslo skal stengjast for biler
har «Kong Raymond» slege til.
I sin Audi A8 sit han og smiler,
skit i miljøet, køyrer med stil.
Han Rasmus sin SUV lyt tena dei grøne,
det går for seint på sykkel, må skjøne.

Har du nokre kroner på bok
og ikkje vil skatta for det,
men fylla opp di lommebok
finn du sikkert løysinga i DNB.
Dei sender deg til eit skatteparadis,
så då kan du unna deg eit millionærglis.

Skiskyting handlar om å råka blink;
Kløppar på ski lyt ein også vera.
Der har sanneleg Bjørndalen vore flink,
medaljegrossist med heider og æra.
Så råka han blinken enno ein gong,
så no gjeld partnarskap og babysong.

Så prøver dei «store» seg att
å løyna idrotten sine pengekranar.
Men ministeren som har vore ute ei vinternatt
vil sjekka pampane sine pengevanar.
Ho kravde klårt.: «Pengane på bordet»
og pampane ikkje anna torde.

Skattefuten har sett det, dette året.
Det er plenty pengar i oss gamle.
No les han ivrig blogginnlegga våre,
om me kan reklameinntekter samle.
Nei, etter eit liv i glede og kav
er inntekta no, appanasje frå NAV.

Partia er ferdig med landsmøta sine.
Svulstige metaforer og beisk retorikk.
Nedrakking på alle dei hine.
Det er visst det som er dagens politikk.
Kva skal stakkars stemmekveget velja
når alle har den beste vara å selja.
30.04.2016.M-m.

Ha ein fin 1. mai…