I dag var han her…

…for fyrste gong i år,,,Gjøken…På tur ut etter avisa høyrde eg han borte i skogbrynet. No kan småfuglane skjelva i fjøra, for snart kjem han vel og verp i reiret deira, og då er surrogatiet i full gong. Visste de forresten at gauken har kome på den raude fuglelista, lista over truga fuglearter. Det er bl a klimaendringar og med det færre surrogatfuglar (rugefuglar) som utfordrar gjøken… Me lyt vel snart til med gaukane som med dei utryddingstruga humlene, byggja eigne reir for dei…
Jaja, visste de forresten at det er hangauken som gjel. Det står slik på nettet. I menneskeverda gjel både hannar og hoer, så der har visst me menneskje kome lenger, eller?

Google viser her eit eksemplar av sorten…Om det er ein galar eller ikkje, det veit eg ikkje. Kanskje nokon kan hjelpa meg…

Eit anna sikkert vårteikn er påske og pinseliljene i hagen…Dei er no i full bløming her ute i Øygarden…

Ja, så er båten klar for sjøsetjing. Det me no ventar på er ørlite meir vårver, litt høgare temperatur og nokre færre regnbyger…Verprofetane lover at det skal ordna seg til helga så då er det berre å smørja seg med mykje tolmod og litt solkrem og venta…
God langhgelg!

6 kommentarer
    1. På dine turar i skog og mark får du sjå om du ikkje finn gauketreet. Set deg ned og ynsk deg noko; kanskje dagens vikinglottopott. Med 99 millionar kan du slå ut håret i Alcudia. Ha ein rik dag i vest!

    2. Pedro: Ja, i kveld vert det nok mange som sit og glanar på rekkja si, og vert sitjande med “snåten nase”. Heldige den eller dei som finn kuponglukka. Eg er ikkje der!
      Trur helst at det lukkesjansen er betre under gauketreet.
      Ha ein god dag utan for mykje gauking!

    3. hender jeg hører jøken,da har vi en hannfugl her vi da ) hannjøken har en blågrø halsparti med markert skille mellom hals og brystparti som er gråspettet ,hos hoa er halspartiet litt rødstripet med mørkere tverrstriper,ikke lett å se på din fugl men mulig det er en hann uansett

    4. fruensvilje: Takk for grei beskrivelse av forskjellen mellom han og hunnfugl. Google kjønnsbestemte ikke fuglen på bildet…jeg får ta en ekstra titt…
      Ha en fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg