Aprilsamandrag.

April er som kjend vårmånaden med stor V…og mange av oss er oppteken av det som kjem opp av jorda denne månaden. Men trur de at politikarar og autoritetar får leva liva sine i fred denne månaden. Nei, han Raymond Johansen cruisar rundt i Oslo med ein av dei feitaste Audiane i landet, medan MDGarane i byregjeringa hans slit rundt på syklar og i den gamle SUV-en hans Rasmus Hansson. Jaja, kommunen betalar vel bompengane for han.
Ellers lyt du skunda deg om du har eit par kroner på bok og vil løyna dei i eit eller anna skatteparadis, for no trugar han Rune (Bjerke) med å låsa døra til slik forkasteleg verksemd. Forresten har han visst så dårleg oversyn over verksemda si at du greier sikkert å lura pengane dine ut gjennom ein eller annan luguber filial – her kan Luxembourg vera eit tips.

April 2016.

No som Oslo skal stengjast for biler
har «Kong Raymond» slege til.
I sin Audi A8 sit han og smiler,
skit i miljøet, køyrer med stil.
Han Rasmus sin SUV lyt tena dei grøne,
det går for seint på sykkel, må skjøne.

Har du nokre kroner på bok
og ikkje vil skatta for det,
men fylla opp di lommebok
finn du sikkert løysinga i DNB.
Dei sender deg til eit skatteparadis,
så då kan du unna deg eit millionærglis.

Skiskyting handlar om å råka blink;
Kløppar på ski lyt ein også vera.
Der har sanneleg Bjørndalen vore flink,
medaljegrossist med heider og æra.
Så råka han blinken enno ein gong,
så no gjeld partnarskap og babysong.

Så prøver dei «store» seg att
å løyna idrotten sine pengekranar.
Men ministeren som har vore ute ei vinternatt
vil sjekka pampane sine pengevanar.
Ho kravde klårt.: «Pengane på bordet»
og pampane ikkje anna torde.

Skattefuten har sett det, dette året.
Det er plenty pengar i oss gamle.
No les han ivrig blogginnlegga våre,
om me kan reklameinntekter samle.
Nei, etter eit liv i glede og kav
er inntekta no, appanasje frå NAV.

Partia er ferdig med landsmøta sine.
Svulstige metaforer og beisk retorikk.
Nedrakking på alle dei hine.
Det er visst det som er dagens politikk.
Kva skal stakkars stemmekveget velja
når alle har den beste vara å selja.
30.04.2016.M-m.

Ha ein fin 1. mai…

10 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Ja, det laut bli eit vers om skattefuten sitt arbeid med å finna oss gamle snytarar. Godt at NAV ser i nåde til oss då med ein skjerv kvar månad…
      God helg vidare…

    2. Jammen har du fått med deg det meste av aprilbegivenhetene….på rim! 😀 Jeg er ikke den som følger mest med i nyhetene, men det du skriver om her har jeg fått med meg! 😉 Morsomt sammendrag! 😉

    3. fruensvilje:Haha, det er vel mest de litt “løgelige” sakene jeg kommenterer, men de har jo en realisme i seg anyway. Takk for hyggelig kommentar…

    4. karidansen: Det har blitt en tradisjon med skråblikket på enkelte “rariteter” både i politikken og ellers rundt meg. Kan liksom ikke dy meg, må nappe “makta” litt i pelsen av og til…
      Ellers skrev jeg en lang kommentar på ditt CV-innlegg, men som den gamle gubben jeg er trykte jeg på feil knapp da jeg skulle sende, og vips, var hele kommentaren “lost” i den digitale skya.
      Men kommentaren gikk i store trekk på at CV-er og skrytemapper har blitt er byråkratisk “must” i mange sammenhenger. Som du seier er det mennesket bak alle de flotte ordene som teller, og det får man først fram i møte ansikt til ansikt.

    5. Du peikar på mykje av galskapen rundt oss, og eg trur neppe du blir fri for stoff i neste månad heller. Berre byrådet vårt vil gje arbeid for mange diktarar. I utlandet finn me også nordmenn som du får halda auge med. Takk skal du ha for aprilsamandraget, det var som vanleg ei god vitamininnsprøyting.
      Ha ein fin dag medan du ventar på varmen!

    6. Pedro: Jaja, vitaminer treng me no som våren let venta på seg, og då er eg glad for at funderia mine kanskje har gjeve deg eit bidrag. For eigen del er funderia ei god innsprøyting av rare tankar og finurlege ordvendingar…Eg vert sikkert ikkje emnelaus denne månaden heller. Forresten, våren har eg gjev opp, dreg til Alcudia på slutten av mænaden.
      Nyt våren i tigerstaden….

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg