Aprilsamandraget..

Denne månaden har også gjeve meg ting å fundera over. Her vil politikarane halda meir løynd kva dei driv med, så skal me få smaka når grauten er ferdigtygd. Så har dei blågulgrøne krangla så busta fyk om asylborna medan Jonas har sete heilt still i båten.
Men den pussigaste saka var utvilsamt krimsjuka til prins Hendrik då kona feira 75-års dag. Men au, så vart han “knipen” Venezia midt i feiringa. Då kom det for dagen at han var furten avdi kona ikkje ville gje han kongetittel. Ja, dei slit ille i desse krinsane. Skulle gjerne ha vore floge på veggen ved det kongelege frukostbordet då denne saka var oppe.
Det er noko rart med kongehusa her oppe i nord. Medan den danske prinsen furtar over at han ikkje vert konge vert svenskeknugen kalla “den motvillige monarken”. Det siste var ein boktittel etter monarkens lystturar rundt på dei stockholmske strippeklubbane. Jaja!


Google

April 2015.

Så er ho over, påska i år.
Hotell og hytter står tomme att.
Utruleg kor fort alle dagane går,
I snø, sol og peiskos til langt på natt.
Men gløymde du grunnen til påskefesten?
Vart hytta for trong for den heilage gjesten?

«Unntatt offentlighet!» Høyrt det før?
Politikarane vil innføra «dei lukka rom».
Medan dei skraut av si vidopne dør
skal almugen no møta avstengd bom.
Hugs! Ver alltid vaken og alltid på vakt.
Politikarar som stengjer, vil auka si makt.

Regjeringa vaklar frå side til side,
dei slit med taparsaker i fleng.
Lengebuande ungar laut ut og lide,
Krekar og Bhatti under Ernas veng.
Og så vert visst søndagen handledag,
Hurra! Då utvider me vårt shoppingjag.

Dei blågulgrøne kranglar og slest,
og Jonas sit aldeles stilt i båten.
Han veit nok at då er det best
å lyda på den politiske gråten.
Om asylborna får prøvd saka på nytt
er visst for han Jonas berre, pytt-pytt.

Fotballen triller, det er vår!
Tribuneslitaren vaknar frå dvala.
Skal laget vårt toppa tabellen i år
eller skal det liggja i botnen og bala.
Med tårer, sinne skrik og skrål
skal laget manast til å skåra mål.

Den danske dronninga har feira dag,
men kvar vart det av gemalen?
Han var?kje å finna i det royale lag,
angjeveleg i senga , krimsjuk og valen.
Nei, han boikotta visst heile festen,
i Venezia fann nokon den villfarne gjesten

Han vart visst vonbråten og sår
då han ikkje fekk kongetittel.
Og ettersom tida går og går
er livsboka no i siste kapittel.
Drittlei av alltid å spela andrefiolin,
gøymt bak kona på slottets baldakin.
30.04.2015.M-m.

6 kommentarer
    1. Ja tenk så er april over også..og snart er det sommer :)) Her var det jo litt av både politikk og kongelig stoff..oppsummert med snert og innlevelse :)) Hadde ikke fått med meg det med han som var “furten”jeg..så bra jeg leser meg opp på nyheter her hos deg :)) Ha en fin 1.mai videre :))

    2. Jøss, her var det mykje nytt å lesa, godt at du held oss oppdatert, og det på rim! Det med danskeprinsen har ikkje eg fått med meg, les du Se og Hør, eller? Kjempeflott dikt, :-))

    3. Oldemorbloggen: Nei, jeg har ikke vært hos tannlægen på en stund, det er der jeg pleier å lese Se og Hør. Men for en som oppholder seg noe på nettet får en med seg litt av hvert.

    4. annebe: Du vet det skjer mye rart i de royale kretser og pressa får med seg det meste, og vel så det av og til. Men det med prinsens tur skal være en realitet.
      Det er vel ikke alltid så greitt å være mannen til dronninga.
      Ellers liker jeg godt å holde et skråblikk på noe av det som skjer rundt oss, og så kommentere det med mine egne ord.
      Ha en fin vårdag..

    5. Denne gongen stiller du på line med Eilert Sundt og andre store folkeopplysarar. Sjølvaste prinsgemal Henrik har levd sitt anonyme liv utan at me har hatt peiling på sanninga bak denne influensa, men no veit me det. Når det gjeld Henrik har eg litt sympati med han, etter så mange år utan avansement går han der og tuslar som prinsgemal. Dei kunne i alle fall gjeve han eit skikkeleg lønslyft. Når det gjeld politikken så trur eg du får gratis stoff i mange månader framover, det er lite som er klårt for tida.
      Men takk skal du ha for velvalde og velskrivne aprilord, og fortsatt god 1. maidag!

    6. Pedro: Alltid artig å lesa kommentarane dine Pedro, og samanlikminga med Eilert Sund vil eg vurdera å hengja på dørskiltet. Dei sakna Sonja også på festen, men ho var visst oppteken i New York då bestevenninna feira sin store dag! Jaja, 75-års dagar er ikkje lett å planleggja mot.
      Ha ein fin vårdag i morgon.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg