Det måtte berre ut…


Google

Drittjobben?

Så vart drittjobben endeleg gjort,
godt det ikkje er dagleg sport.
Kva gjer du når dassen går tett,
utan potta er?kje livet så lett.

Så kjem spekulatoren i gong,
kanskje grannen kan letta din trong,
medan eg ventar på redningsmannen
og goodwill og tolmod frå grannen.

Brått høyrer eg at pumpebilen stoppar,
han har reiskap som fjernar proppar.
Med pumpe, trykkluft og stakestong
er rørsjauen straks i gong.

Eg venta ikkje lenge på resultatet
etter behandlinga med mirakelapparatet.
Eit drag i snora og skåla var tømt,
all styggedomen i røret hadde «rømt».

Lukkeleg finn ein atter roen,
no kan det brukast, både badet og doen.
I kvardagen må alt det tekniske verke.
Eit lite problem, og alt går på tverke.
12.05.2014.M-m.

10 kommentarer
    1. Isj og æsj..hehe…:) Husker da jeg var barn…da måtte pappa ofte ut og stake opp i septiktanken så det ikke skulle tette seg…og jeg var alltid redd for at han skulle dette nedi….
      Tilogmed dritt får du fin lyrikk ut av …Fin dag videre :))

    2. annebe:Takk. Jeg var ikke sikker på om jeg kunne publisere den poesien. Men så tenkte jeg, for å følge sjargongen, skitt la gå. Jeg lover, det skal ikke komme mange slike — og jeg datt ikke nedi.
      Ha en fin dag østpå.

    3. Det har eg aldri opplevd, at eit vanleg innetoalett er gått tett. Du kastar vel ikkje gamle sokkar og slikt i “dassen” vel? Elles var poesien fin, det har vore dikta om verre ting enn ein tett dass.

    4. Jeg lurer bare på en ting…:hvem er “grannen ” i denne historien, og ble h*n på noen som helst slags måte skadelidende???

    5. Frå Søndagsposten i 50-åra kan eg hugse:
      Men så skoill det vær’ kakao – ja det sa dæm va ei plekt.
      Men kainn De så fortæl mæ: Bli’ det poesi tå slekt?
      I dag er det mykje verre. No er det blitt posi av kloakktilstopping. Stort vanskelegare kan det ikkje bli, men som den meisteren du er; du får det til! Gratulere, og god helg.

    6. Pedro: Ja, det innslaget låg i nærleiken av grensa, men skitt la gå, tenkte eg…No som nordavinden er godt i gong har me straks ei anna plage å ri oss ut på, men om det vert poesi av vinden, trur eg knapt.
      Ha ei roleg natt utan plagsame vindar…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg